• Blogg
  • Torsdagstipset: Fagspråk i utdanning og arbeidsliv

Torsdagstipset: Fagspråk i utdanning og arbeidsliv

03.09.2025

Gujord komprimert til nettside

Torsdag 11. september kl. 14.30–15.00 inviterer vi til eit gratis nettmøte med Ann-Kristin Helland Gujord som arbeider ved Senter for norsk fagspråk ved Universitetet i Bergen. 

I dette innlegget vil Gujord først diskutera kva for språklege ferdigheiter andrespråksinnlærarar må ha for å kunna fungera i ein arbeidskontekst, og som difor bør vektleggast i opplæringa. Deretter vil ho peika på faktorar som forskinga har vist er avgjerande for at arbeidsplassen skal kunna fungera som ein arena for språklæring. Til slutt vil ho samla konkrete tips til korleis ein kan arbeidsretta opplæringa.

2025 vart året då politikarane for alvor fekk augo opp for behovet for å styrka norsk som arbeidsspråk – og for å sikra tilgangen til det for arbeidssøkarar og arbeidstakarar utan ferdigheiter i norsk. Rett før sommaren blei krava til arbeidsretta element i opplæringa i introduksjonsprogrammet skjerpa (Forskrift om endring i integreringsforskriften). Tidlegare på året tildelte Forskningsrådet, på oppdrag frå regjeringa, midlar til etablering av to nasjonale forskingssenter for norsk fagspråk. Den største tildelinga gjekk til Senter for norsk fagspråk ved Universitetet i Bergen, der Ann-Kristin Helland Gujord har hovudansvar for forskinga retta mot norsk som arbeidsspråk – inkludert arbeidsretta norskopplæring.

Meld deg på her