Nynorsktipset – nattklubb i skulebiblioteket
10.02.2026
Tonje Noréa Gauden er ein engasjert lærar og skulebibliotekar på Øystese skule og Kvam ungdomsskule. Ho står òg bak Instagramkontoen skulebibliotekhjarte, der ho deler tips og råd om aktuelle bøker og skulebibliotek. Gauden meiner at barn må få bada i gode bøker og gode lesestunder, og peikar på høgtlesing som ein nøkkel til empati, fellesskap og engasjement. I denne teksten tipsar ho om korleis ein kan bruke bildeboka Nattklubben av Mona Vetrhus i formidlingsstunder for 1.–3. trinn.
Foto: Katrine Helgheim Van Tulder
Bildeboka Nattklubben – kvifor fungerer ho så godt i møte med elevane?
Nattklubben av Mona Vetrhus er ei varm og leiken bildebok som er på lag med dei som likar leik og dans, og som ikkje vil legga seg. Sånn sett var det ikkje overraskande at det vart morosame formidlingsstunder med denne boka for 1.–3.trinn. Boka handlar om Veslebjørn som ikkje vil sova vekk heile vinternatta. Det er urettferdig når venen Ulf får vera ute og kikka på månen. Når Besta fortel om gamledagar, der ho gjekk på nattklubb og dansa halling, og at ho endåtil drøymer om å ta éin siste dans, vert løysinga enkel. Besta og Veslebjørn tek med Besta si gamle diskokule og snik seg ut for å leita etter andre dyr som dei kan ha nattklubb med. I kjend eventyrstil møter ein nye dyr på kvart oppslag, men dyra er opptekne med sitt. Piggsvina driv og plukkar kveldsmat, beverane må snikre og Ulf og familien må som nemnt sjå på månen. Besta og Veslebjørn må overtyda dei om at det er bra å ta ein pause for å dansa halling og laga nattklubb saman.
Allereie i paratekstane ser me mammabjørnen slå nedi eit skilt med teksten «Stille! Bjørnen sover», og me skjønar at her kan det dukka opp fleire kjende referansar. Det gjer det, og kombinasjonen av kjent og ukjent engasjerer ungane. Illustrasjonane av Sebastian Meschenmoser er som nostalgiske eventyrmåleri med referansar til norske folkeeventyr, og kanskje til det ukrainske eventyret «Skinnvotten» og engelske Paddington. Samtidig er besta si diskokule og nattklubben forfriskande nye element. Boka har enkle setningar, og illustrasjonane fylgjer teksten ganske tett. Det gjer at dei som ikkje er heilt inne i språket, likevel får med seg det meste av handlinga.
Korleis har du brukt bildeboka i formidlinga i skulebiblioteket?
Då fyrste gruppa eg formidla til, kom inn i skulebiblioteket Biblis, var det mørkt, bortsett frå ei månelys-lampe. Låg hallingmusikk stod på i bakgrunnen. Alle fekk beskjed om å lista seg inn i lesekroken og sjå om dei såg eller høyrde noko nytt. Gruppene som kom om morgonen, kunne faktisk òg sjå den ekte månen gjennom glastaket i lesekroken. Me brukte god tid på kvart oppslag, så elevane fekk med seg alle detaljane. På eit tidspunkt i den fyrste formidlinga ropte eg Nattklubb! Nattklubb! og hytta med neven. Til mi store overrasking heiv ungane seg skikkeleg på. Dei vart òg med på å ula mot månen, og nokre ville bruka lesekroken til å dansa «hattedans» eller halling etterpå. Elevar på småtrinnet går ofte heilt inn i boka, men dette var involvering på ein ny måte. Eg formidla boka til halve klassar og små grupper frå 1., 2. og 3. trinn denne perioden, og lærarane vart difor vande med at det vart ropt på nattklubb! frå Biblis to dagar i veka. Etter å ha jobba med fleire ulike bildebøker om dyr fekk elevane på 3. trinn laga sine eigne dyrebøker, der dei er forfattarar og illustratørar. Dette er ei oppgåve me aldri vert ferdige med, fordi straks nokon er ferdig med ei bok, vil dei laga ei ny. Å la figurar frå kvarandre sine bøker koma på besøk i forteljingane er veldig stas. Me snakkar om kor spennande denne intertekstualiteten er, og kor kjekt det er å lesa kvarandre sine bøker i fellesskap og bli inspirerte av kvarandre.
Kva er ditt beste tips for å få litteratur til å vekkje leselyst og engasjement hos elevane?
Eg opplever at lesing av bildebøker som denne er engasjerande for ungar i mykje høgare alder enn dei som står som målgruppe for boka, og at evna til innleving veks for kvar bok som vert formidla. Mitt beste tips for å få litteratur til å vekkja leselyst og engasjement er å bada ungane i gode bøker og i gode lesestunder. Å aktivera forkunnskapar høyrest tørt ut, men det engasjerer ofte å stilla spørsmål som gjer at ungane identifiserer seg med hovudpersonen. Til dømes: Har du nokon gong hatt lyst til noko, men så seier dei vaksne at du må legga deg? Eller dei svarer nei fordi dei må laga middag eller rydda? Saknar du noko du pleidde å gjera då du var yngre? Eller heilt konkrete spørsmål for å sikra forståinga, til dømes: Har du sett ei diskokule før, har du vore i ein skog når det er mørkt, sett månen lysa opp skogen, veit du om ei anna forteljing om ein bjørn. Ikkje alle grupper vil svara i plenum, men dei kan få litt tid til å tenkja seg om, eller snakka saman to og to. Etter kvart sig det inn kor ufarleg det er å diskutera bøker – alle meiningar er jo rette. Det er jo heile poenget med lesinga at ein forstår forteljingane ut ifrå seg sjølv og sine eigne erfaringar.
Elles er det alltid fint å velje bøker som er aktuelle eller kan aktualiserast. Misty åleine av Trude Tjensvold byrja me på for nokre dagar sidan, og elevane er veldig spente på korleis det går med hunden som kjem vekk frå eigaren sin når dei må flykta frå krigen. Eg opplever at høgtlesing har stor innverknad på empatien, på «det kunne ha vore meg » -kjensla og fellesskapet i gruppene, og eg ynskjer meg ein skulekvardag der me satsar på lesing og historieforteljing i alle fag.