Grøssarkongen Røssland
03.02.2026
Tor Arve Røssland skriv spenningsbøker som slår an hjå ungdommen. Her er livsfarlege spøkelse, snille spøkelse og ei istid som truar oss alle.
Tekst og foto: Heidi Fagna
Tor Arve Røssland har skrive mange spenningsbøker for ungdom, men forfattarskapen starta ein heilt annan plass.
I 1999 kom første bok om seks år gamle Pode. Han er ein ganske vanleg gut, som opplever ganske uvanlege ting. Utgangspunktet er gjerne slikt som gamle folk seier, som at eit nys betyr at det kjem ein gjest i morgon, eller at det vert dårleg vêr om du ikkje et opp maten din. Røssland skreiv fire bøker om Pode i starten av karrieren, og i tillegg to kortare historier til samleboka Absolutt Pode.
Røssland har skrive ei bok til for barn på småtrinnet: På rømmen i New York (2008). Her følgjer me Figaro. Han må leite etter den tre år gamle veslesøstera Aida, som har stukke av i New York. Foreldra er fråverande, og barnevakta er nesten like fjern. Denne boka er for ferske lesarar, med korte setningar og mykje luft på sidene.
Bøker for ungdom
Alt etterpå har vore for eldre lesarar, litt på mellomtrinnet og mest ungdommar. Og alt har vore spenning og skummelt, med eitt unntak:
Plutseleg skjøna eg alle songane kom i 2004. Dette er ei roleg bok, der spenninga ligg ein heilt annan stad enn i alt forfattaren har servert oss seinare. Hovudpersonen flyttar frå bygda til Voss for å gå på vidaregåande skule, og me følgjer han den siste sommaren heime – som også er den første gongen han er skikkeleg forelska. Og då skjønnar han kva alle songane handlar om.
Så følgjer mange bøker med action, grøss, spenning og dramatikk.
Først kom tre bøker om det blodtørstige spøkelset Svarte-Mathilda. I prologen til den første boka om Svarte-Mathilda (2010) får me vite at tenåringen Marie nyleg har flytta, og at ho mistrivst sterkt. Men: «Denne historia handlar ikkje om korleis Marie hata leilegheita si, nabolaget sitt, far sin, skulen sin og mor si. Historia handlar ikkje om henne eingong. Denne historia begynner med at Marie døyr. Augene hennar hadde vore opne då mora fann henne, og den livlause kroppen hadde vore full av mørkt blod.»
20 år seinare flyttar 14 år gamle Elisabeth inn i same leilegheit. Spegelen på badet skremmer ho. Etter kvart får ho vite at Marie vart drepen der på badet. Ho begynner å grave i historia, med god hjelp frå klassekameraten Philip og bibliotekaren Viggo. Dei kjem over legenda om Svarte-Mathilda, som gøymer seg i ein spegel og som drep dei som kallar på ho.
I 2012 kom Svarte-Mathilda II. Her følgjer me to parallelle historier. Den eine er med Elisabeth og Gry på språkreise til Verona i Italia, og den andre er med Sivert, som reiser rundt i Hardanger med far og onkel på innbrotsraid seint på 1800-talet. Begge møter spøkelse, og dei taklar det mildt sagt på ulike måtar.
I 2013 kom tredje og siste bok om Svarte-Mathilda. Elisabeth og venninna Gry reiser frå språkreisa i Verona til Venezia. Dei må finne ut kva som skjedde då bibliotekaren Viggo døydde. Me får også vite meir om korleis dei demoniske speglane vart til på 1500-talet.
Frittståande grøssarar
Glimt (2015) er ein frittståande roman. Her følgjer me to parallelle linjer: Jon som flyttar til ei øy med få innbyggarar i notid, og Solveig som budde der under krigen. Jon får vite at alle må ut av det gamle skulebygget før kl. 19.33, men ingen vil fortelje han kvifor. Det vert både spennande og skremmande å nøste i mysteriet.
I 2018 kom Den tolvte spelaren i Samlaget sin ungdomsbokserie Grøss og gru. Me møter Kevin, som flyttar til bygda Våg, og der er det ikkje spesielt kjekt å vere. Det er midt på 1980-talet, og boka rommar om lag alle komponentar ei ungdomsbok kan trenge: Fotball, vennskap, uvennskap, røft språk, mobbing, rasisme, drap og eit gjenferd.
Dystopisk framtid
I 2022 og 2023 kom ein serie på tre bøker som heiter Overleve. Her er enden nær, for menneska er rett og slett utryddingstrua.
Første bok i serien heiter Vulkanen vaknar. Her møter me 13-åringane Eira og Jamal, som er med fedrane sine på tur med forskingsskipet Bluenose. Forskarane leitar etter mat i Atlanterhavet. Jamal synest arbeidet er veldig spennande, medan Eira er sur og tverr, og ho skulle helst vore heime i Bergen med venninnene sine.
Handlinga i Overleve-serien skjer stort sett om bord på Bluenose. I andre bok får Eira vere ei stund heime i Bergen, men ho må flykte fordi istida kjem. Dette med Istid er så sentralt at det er tittelen på boka. Jamal og Eira er mellom dei få utvalde som får vere med i båten rett før Bergen snøar ned og istida legg seg.
Tredje bok i Overleve-serien heiter Den siste krigen. Her skal alle trådar samlast, og verda reddast.
Overleve-bøkene er sette i ei nær framtid. Dei tematiserer fleire samfunnskritiske tema. Det openberre er klimaendringar. Eit anna tema er einsretting og propaganda. Her er Noreg styrt av det ekstreme Nasjonspartiet, som ingen stemmer på, men som alltid vinn vala. Og den einaste TV-kanalen er eigd av det enorme selskapet Dominion. Nyheitene der fortel ikkje kva som faktisk skjer i verda, men den propagandaen som passar dei med makt.
Tor Arve Røssland har skrive nokre av dei mest populære nynorske ungdomsbøkene. Rundt halvparten av bøkene hans har vore nominerte til Uprisen, ungdommens eigen bokpris.
Undervisningsopplegg til bøkene