Den tolvte spelaren – nærlesing av ein grøssarroman

Skrekk ikon

Ungdomsbok på nynorsk som fenger!

Er du på jakt etter ein spennande nynorsk roman som passar å arbeide med i 8. klasse? Den tolvte spelaren er ein lettlesen og engasjerande roman som tek opp aktuelle problemstillingar som rasisme, vald og trugsmål. Historia blir etter kvart svært spennande, bloddrypande og dramatisk, og det er mykje som står på spel for den unge hovudpersonen Kevin. Boka er ein del av grøss og gru-serien, som er lettlesne spenningsbøker for ungdomar. Setningane er korte, og språket er lett tilgjengeleg og forståeleg. Romanen passar spesielt godt for elevar som skal møte ein lengre nynorsk tekst for fyrste gong. 

I tilknyting til romanen er det utforma ei rekkje samtale- og skriveoppgåver som let elevane arbeide munnleg og skriftleg, åleine og i grupper. Alle oppgåvene finn du samla i denne presentasjonen:

Du kan lese meir om grøss og gru-serien og finne fleire undervisingsopplegg på denne samlesida: Grøss og gru  

Aktuelle kompetansemål i norsk

  • lese skjønnlitteratur og sakprosa på bokmål og nynorsk og i omsetjing frå samiske og andre språk, og reflektere over formål, innhald, sjangertrekk og verkemiddel i tekstane 
  • samanlikne og tolke romanar, noveller, lyrikk og andre tekstar ut frå historisk kontekst og eiga samtid 
  • kjenne att og bruke språklege verkemiddel og retoriske appellformer 
  • bruke fagspråk og argumentere sakleg i diskusjonar, samtalar, munnlege presentasjonar og skriftlege framstillingar om norskfaglege og tverrfaglege tema 
  • skrive tekstar med funksjonell tekstbinding og riktig teiknsetjing og meistre rettskriving og ordbøying på hovudmål og sidemål 
  • bruke fagspråk og kunnskap om grammatikk, tekststruktur og sjanger i samtale om og vidare arbeid med tekstar 
  • uttrykkje seg i ulike sjangrar og eksperimentere med sjangrar på kreative måtar 
  • lage samansette tekstar og grunngi val av uttrykksformer