Stormfulle høgder til nye generasjonar!
26.02.2026
Korleis kan vi gjere ein 1800-talsklassikar levande for nye generasjonar? I dette opplegget for 10. trinn og vgs. arbeider elevane med eit utdrag frå nynorskutgåva av Stormfulle høgder og set teksten i dialog med film og musikk frå vår eiga samtid. Målet er å vekkje leselyst, styrkje tolkingsevna – og arbeide med tekst i kontekst.