Stormfulle høgder til nye generasjonar!
Det finst ikkje mange forteljingar frå 1800-talet som har hatt den same populariteten og evna til å halde seg levande i nye generasjonar som Stormfulle høgder. I desse dagar rullar ei ny filmatisering av Brontë sin roman over kinolerreta, og mange ungdomar vil møte Heathcliff og Catherine for første gong nettopp gjennom filmen. Kva om vi utnyttar dette augeblikket og spelar på marknadsføringskrafta og merksemda som no er retta mot ungdom, og knyter interessa tilbake til den opphavlege romanen som Emily Brontë skreiv i 1847?
I undervisingsopplegget vårt tek vi utgangspunkt i både traileren til nyfilmatiseringa og musikkvideoen til Charli XCX. Kjernearbeidet ligg likevel i nærlesing av tekstutdrag frå Stormfulle høgder (Skald, 2019). Elevane skal reflektere både munnleg og skriftleg, utforske kjensler og maktforhold i teksten og prøve å setje han inn i ein større kulturell samanheng. Gjennom litterær samtale, småskriving og større skriveoppgåver får elevane øve seg på å nærlese, tolke og grunngje synspunkta sine ved å vise til belegg i teksten.
I undervisingsopplegget har vi vove saman kulturuttrykk frå samtida med den opphavlege skriftlege forteljinga, og målet er å vekkje leselyst og motivere elevane til å lese heile romanen. Er det kanskje ikkje dette som er å setje tekst i kontekst? Å gjere tekstar gyldige til ulike tider, men samstundes vise korleis dei er i dialog med kvarandre? Gjennom arbeidet med undervisingsopplegget blir det også tydeleg for ungdomane at det ikkje er dei store internasjonale filmselskapa som står bak historia om Heatchliff og Catherine, men Emily Brontë. Det er eit viktig poeng å få fram.
Om undervisingsopplegget
Stormfulle høgder – ein inngang
Undervisingsopplegget om Stormfulle høgder er retta mot 10. trinn og vidaregåande skule. Elevane arbeider med eit tekstutdrag frå nynorskutgåva av Emily Brontës roman (Stormfulle høgder, Skald, 2019) og set teksten i samanheng med film og musikk frå vår eiga tid.
Før lesinga arbeider elevane med samtaleoppgåver, ser filmtraileren (2026) og arbeider med romanen for å byggje forkunnskap og forstå samanhengen teksten er skriven i. Kjernearbeidet er å nærlese tekstutdraget og å førebu og gjennomføre ein litterær samtale. Etterpå arbeider elevane vidare med både kreative og tolkande skriveoppgåver. Gjennom arbeidet får elevane oppleve korleis tekstar heng saman på tvers av tid, og korleis ein 1800-talstekst framleis kan opplevast relevant. Samstundes får elevane lese og skrive nynorsk over tid med utgangspunkt i ei forteljing som engasjerer.
Tekst i kontekst
Opplegget er særleg forankra i kjerneelementet tekst i kontekst. Elevane arbeider med ein 1800-talstekst og ser korleis han heng saman med både tida han vart skriven i, og uttrykk frå vår eiga samtid, som film og musikk. Målet med opplegget er at elevane skal utforske korleis tema som kjærleik, makt og klasse kjem til uttrykk i teksten, og korleis temaa framleis er relevante i dag. Gjennom samtalar og skriving øver dei på å tolke teksten og å bruke tekstbelegg i argumentasjon og uttrykkje eigne synspunkt.
Praktisk informasjon
Det er tilrådd å bruke presentasjonen som ei overordna ramme for arbeidet med opplegget, fordi han gjev ein tydeleg struktur og bind saman førlesing, lesing og etterarbeid på ein heilskapleg måte. Filmklipp og musikkvideoar er også integrerte, slik at dei er enkle å ta i bruk undervegs.
Det større etterarbeidet omfattar både ein litterær samtale og eit utval skriveoppgåver. Desse finn du samla i eit eige Word-dokument: Stormfulle høgder (docx)
Presentasjonen finn du her:
Fem gode grunnar til å lese Wuthering Heights
Janne Stigen Drangsholt er forfattar og professor i engelsk litteratur ved Universitetet i Stavanger. Her gir ho elevane fem gode grunnar til å lese Wuthering Heights av Emily Brontë:
- Det er ei forteljing som faktisk er spennande å lese. Ikkje berre fordi ho inneheld spøkelse, men fordi ho heile tida byr på nye overraskingar, og lesaren lurer på kva som kjem til å skje vidare.
- Forteljinga handlar eigentleg ikkje om kjærleik. Aller mest viser denne romanen oss overgangen til ein moderne tidsalder, som er prega av pengejag, teknologi og nye sosiale reglar. Og akkurat her er det faktisk mykje vi kan kjenne att i 2026.
- Brontë stiller òg spørsmål om kva det vil seie å vere menneske. Kva slags band er det som held oss saman, og er det eigentleg mogleg å vere heilt fri?
- Boka byrjar i barndommen til hovudpersonane og set ord på korleis det kjennest å gå frå å vere barn til ungdom og vaksen.
- Det er fint å lese ein av dei romanane som blir rekna for å vere blant verdshistoria sine beste. Då kan ein òg skryte litt av det seinare.
I dette radioinnslaget frå NRK brukar Janne Stigen Drangsholt 4 minutt på å forklare kvifor ho meiner romanen er ein av dei alle beste som har blitt skrivne.