• Blogg
  • Nynorskseminar på Hamar

Nynorskseminar på Hamar

23.02.2026

Kollasj Synnøve og Jorid med kreditering komprimert til nettside

Fredag 17. april vert det arrangert eit gratis nynorskseminar på Hamar. Leiar Synnøve Marie Sætre og høgskulelektor Jorid Saure ved Nynorsksenteret er to av dei som skal halde innlegg. 

Nynorsk i skolane og lærarutdanninga er eit gratis motivasjonsseminar for studentar, lærarar, skoleleiarar, lærarutdannarar og andre interesserte. Jens Skarkerud Haugan, dosent ved Universitetet i Innlandet og engasjert målmann, er primus motor bak seminaret. 

Ønsker du å delta? Send ein e-post til jens.haugan@inn.no

Programmet

09.30–10.00: (kaffi/te utanfor auditoriet)

10.00–10.05: Velkommen v/ Jens Skarkerud Haugan

10.05–10.25: Jens Skarkerud Haugan (dosent, Universitetet i Innlandet, Hamar dialekt- og mållag):
«Substantivsjuka – kasting av stein i glashus» 
+ diskusjon

 10.35–10.55: Espen Tørset (lektor, Orkland vgs., Orkdal/Trøndelag):
«Levande nynorskundervisning» 
+ diskusjon

11.05–11.20 Pause (kaffi må eventuelt kjøpast i kantina)

11.20–11.40: Eline Bjørke (univ.lektor (INN), Noregs lærarmållag, Hamar dml):
«Nynorskmodulen: ein digital læringssti for GLU-studentar om nynorsk som profesjonsspråk»
+ diskusjon

11.50–12.10: Silje Nathalie Luvåsen (lektor, Bjørnholt vgs., Oslo):
«Kjem foreldra dine frå eit anna land? Berre søk fritak, du» 
+ diskusjon

12.20–12.50: Lunsjpause (enkel servering (påsmurd mat + kaffi/te)) – elles er også kantina open

12.50–13.10: Merete Hellner Nilsen (lektor, Landøya skole, Asker/Akershus):
«Korleis motivere og engasjere for nynorsklæring i eit klasserom utan hokjønn og a-endingar»
+ diskusjon

13.20–13.40: Ingar Arnøy (Noregs Mållag):
«Størst av alt er språket» 
+ diskusjon

13.50–14.00: Pause (kaffi og noko søtt utanfor auditoriet)
 

14.00–14.20: Jorid Saure (høgskulelektor, Nynorsksenteret):
«Nynorskveka – Elevaktive ressursar frå barnehage til vidaregåande»               
+ spørsmål
 

14.30–14.50: Synnøve Marie Sætre (senterleiar, Nynorsksenteret):
«Kva betyr ein meir praktisk skule for nynorskopplæringa?» 
+ diskusjon

15.00: Avslutning v/Jens Skarkerud Haugan