Samarbeid styrker skulebiblioteka
02.01.2025
Her ser vi den kommunale ressursgruppa.
Korleis kan ein stimulere barn og unge til å lese meir? I Sveio kommune samarbeider skular, skulebibliotek og folkebibliotek for å auke lesedugleiken hos elevane.
Tekst: Ingvild Myklebust Hovden
Foto: Sveio kommune
I 2023 og 2024 har Sveio kommune fått tilskot frå Utdanningsdirektoratet for å styrke arbeidet med lesestimulering i skulebiblioteka. No er dei godt i gang med eit prosjekt som heiter Skule + skulebibliotek + folkebibliotek = Lesedugleik
I 2024 oppretta dei ei kommunal ressursgruppe med lærarane som har ansvaret for skulebiblioteka, ein skulebibliotekar og ein folkebibliotekar.
– Det som har vore det aller viktigaste, er å opprette kontakt med skulane. No har vi fått kontakt direkte med utvalde lærarar som vi kallar for superbrukarar. Vi har fått tak i nokre veldig engasjerte lærarar, seier Kristine Thorkildsen, som er biblioteksjef for Sveio folkebibliotek.
Som superbrukarar skal dei utvalde lærarane heve kompetansen om bruk av boksamlingane, formidle litteraturtips til elevar og tilsette ved sine skular og informere når det er noko som skjer i regi av biblioteket. I 2023 var to skular med på prosjektet. I år er alle dei fem barneskulane i Sveio kommune med. Sveio skule ligg i kommunesenteret. Dei fire andre er barneskular som ligg geografisk spreidde rundt i kommunen.
Laga ein plan for alle trinn
Som ein del av prosjektet Lesedugleik har Sveio kommune laga ein plan som sikrar at alle klassetrinn kjem innom biblioteket kvart skuleår. Dei har også oppretta eit samarbeid med barnehagane som sikrar at skulestartarane blir kjende med biblioteket før dei byrjar på skulen.
– Vi ser på utlånsstatistikken at det er fleire som låner bøker, så vi merkar allereie dei positive effektane, seier Thorkildsen.
Dei har mellom anna ein nynorsk lesekampanje for elevar på 3. trinn som heiter «NyLes». Dei fleste elevane i Sveio kommune har nynorsk som hovudmål.
– Lærarane er veldig glade for å få tilgang til så mange nynorskbøker. Dei får ei kasse kvar med nynorskbøker som dei får låne i to månader, seier ho.
Biblioteket har bygd opp ei boksamling som passar for elevar på 3. trinn, av eigne midlar. I tillegg får skulane låne bøker frå Stord bibliotek under lesekampanjen som er i februar og mars. «NyLes» vert avslutta med at elevane får møte ein forfattar som skriv på nynorsk.
Såg på skulebiblioteka saman
Ressursgruppa som skal styrke skulebiblioteka, brukte først ein dag på å bli betre kjende med kvarandre. Deretter har nettverket hatt møte annakvar veke, i tillegg til at dei har ein eigen kanal i Teams der dei kan kommunisere med kvarandre og dele erfaringar. Dei har besøkt skulane og sett på skulebiblioteka saman. På denne måten har kvar enkelt lærar som har ansvar for skulebiblioteket på sin skule, fått tips og innspel frå dei andre.
– Lærarane får inspirasjon frå andre til kva dei kan gjere for å gjere skulebiblioteket til eit godt rom å vere i. På den eine skulen fann dei eit nytt rom til å ha skulebiblioteket i. På andre skular har det vorte rydda i bøker, og alle har vorte bevisste på kor viktig det er å vise fram framsidene på bøkene, seier Thorkildsen.
Dei to første skulane som var med på prosjektet i 2023, har delt erfaringar med dei tre nye skulane som vart med i 2024.
– Skulebiblioteka har blitt meir integrerte i det pedagogiske arbeidet. Lærarane har lyst til å lage gode bibliotekrom. Dei gjer det koseleg, og dei bruker rommet meir fast. Eldre elevar les for yngre elevar. Nokre elevar har fått rolla som bibliotekassistentar, fortel Thorkildsen.
Superbrukar på kvar skule
Den største skulen i kommunen har to superbrukarar, medan dei fire andre skulane har ein superbrukar kvar. Superbrukaren på kvar enkelt skule kan vise fram skulebiblioteket eller folkebiblioteket til elevar og andre lærarar. Dei kan til dømes informere om korleis biblioteket fungerer og formidle bøker.
– På denne måten håper vi det vert lettare for elevane å låne bøker på fritida også, seier Thorkildsen.
Ho trur både rektorar og lærarar ser kor viktig dette arbeidet er.
– Vi håper difor at det vert prioritert tid også når midlane frå Udir er brukte opp. Eg trur lærarane har behov for inspirasjon til å få elevane i gang når det gjeld lesing, seier Thorkildsen.
– Vil du anbefale liknande tiltak til andre kommunar?
– Absolutt, spesielt det med strukturen og årsplanen. Det å bestemme seg for at noko skal skje på kvart trinn. Viss du gjer det same kvart år, så blir det berre betre og betre. I tillegg kan vi gjere justeringar undervegs. Eg vil også anbefale å få kontakt med lærarar som kan vere superbrukarar på sine skular, seier Kristine Thorkildsen.
Tips til andre kommunar:
- Opprett ein informasjonskanal mellom utvalde lærarar på skular, skulebibliotek og folkebibliotek.
- Kvar skule bør ha ein eller fleire superbrukarar som kan vere kontaktpersonar og få opplæring i biblioteket sine digitale tenester.
- Superbrukaren bør ha god oversikt over litteratur for barn og unge. Superbrukaren bør dele kompetansen sin med dei andre lærarane. Her handlar det om å finne rett person på skulen, og la denne personen få frikjøpt tid til å prioritere skulebiblioteket.
- Gje nytt liv til skulebiblioteket. Lag eit skulebibliotek som er godt å vere i.
- Rydd i boksamlinga i skulebiblioteket.
- Vis fram framsidene på utvalde bøker i skulebiblioteket slik at elevane får lyst til å sjå nærare på dei. Lag gjerne temautstillingar gjennom skuleåret (til dømes jul, Sommarles osv.)
- Prioriter innkjøp av bøker til skulebiblioteket. Ein kan til dømes ta kontakt med forlag og be om rabattar, eller kjøpe bøker når dei er på sal. Ein kan også ta kontakt med lokale mållag for å høyre om dei vil bidra med innkjøp av nynorske bøker til skulebiblioteket.
- Oppmoding til alle lærarar: Ta med elevane på skulebiblioteket og/eller folkebiblioteket med jamne mellomrom.
- Til biblioteket: Lag og gjennomfør ein plan i samarbeid med skulane, som sikrar at alle klassetrinn kjem innom biblioteket kvart skuleår.
Nyttige lenker:
På nynorskbok.no finn du omtalar av nærmare tusen bøker for barn og unge.
IBBY Norsk barnebokforum ønsker å informere om god barne- og ungdomslitteratur. Dei gjev ut bladet Barnebokforum, og nettsida deira er ibby.no
Kjelder:
Søknad frå Sveio kommune til Utdanningsdirektoratet: Tilskot for å styrke skulebiblioteket sitt arbeid med lesestimulering (nynorsk) 2024