Leselyst på nynorsk – eit felles språkløft
10.08.2025
Lesing skaper engasjement – og fortener ein synleg plass på skulen. Bibliotekvindauget er klart for leseaksjon!
I 5. klasse ved Øystese skule er det så stille at ein høyrer boksidene bli snudde. Det er måndag morgon, det er fyrste time, og elevane sit fordjupa i kvar si bok. Nokre sit på golvet, dei fleste ved pultane, medan ein leseluring har funne seg til rette under kateteret. Felles for dei alle er at dei les i sjølvvalde nynorskbøker.
Tekst og foto: Jorid Saure
Anna Sigrid Kvarv (10) sprett brått opp frå fremste rad, viser læraren boka ho nettopp har fullført, får ein signatur på ein lapp og går målretta mot grupperommet. Trass i at leselystprosjektet Leselyst berre har vart i ei veke, er ho allereie i gang med den fjerde boka – for no står ei ny bok av Maria Parr for tur.
Inne på grupperommet er veggen kledd med fem ulike plankar som viser eit nivådelt utval av tilrådde bøker. Under kvar bokframside heng det laminerte ark med spørsmål til bøkene. Skulebibliotekarane i Kvam kommune har gått saman om å velje ut dei beste nynorskbøkene dei har, 16 på kvart nivå, i tillegg til åtte grafiske romanar. Nytt av året er at dei også har teke med ein bonuskasse som mellom anna inneheld nokre sakprosabøker, etter ønske frå mange av elevane – særleg gutane. For dette handlar om lyst til å lese. Og då må dei rette bøkene vere på plass.
Anna Sigrid er ein røynd lesar og les fort. Men i dette klasserommet er det ikkje tempoet som tel. Her er det leselysta som står i sentrum. Anna Sigrid fortel at ho liker bøker som dreg henne raskt inn i handlinga, gjerne bøker der det skjer mykje spennande, og gjerne litt overnaturlege ting. Svarte-Mathilda var ei slik bok, seier ho – kanskje den mest spennande ho har lese. Leselystprosjektet har gjort det mogleg å lese mykje på skulen, og det er kjekt å lese saman med resten av klassa.
Når Anna Sigrid kjem inn att i klasserommet, går ho bort til to jenter som sit på golvet. Ho legg seg ned ved sida av dei, opnar boka og byrjar å lese Vaffelhjarte.
Dei siste ti minutta av timen blir brukte til at elevane deler bokopplevingane sine med resten av klassa. Emmanuel fortel om boka Floke, som han syntest var spennande, og det var så fint med bileta. Knut fortel litt om Haaland-boka som han nettopp har lese. Ho var veldig kjekk.
Når det ringjer ut, blir bøkene pakka ned i sekkane, klare til å bli opna opp att heime.
Intervju med skulebibliotekar Tonje Noréa Gauden
Leselystprosjektet er ei vidareutvikling av eit nesten tjue år gammalt opplegg som skulebibliotekarane i Kvam har oppdatert og tilpassa, med særleg vekt på nynorsk litteratur. Målet er ikkje først og fremst kor mykje elevane les, men at dei faktisk vil lese.
Bøkene er nivådelte, og mykje arbeid er lagt ned i å finne gode titlar på alle nivå, særleg for dei elevane som treng dei enklaste inngangane til lesinga. I tillegg er det teke inn nokre sakprosabøker, etter ønske frå elevane sjølve.
– Viss du har lyst til å lese faktabøker, så har du jo leselyst, seier skulebibliotekaren Tonje Noréa Gauden.
Prosjektet går over tre veker, og elevane får faste leseøkter i skuletida og må også lese heime.
– Eg trur dei fleste synest det er kjekt å finne litt roa. At no les me, og då er det stilt.
Eit viktig poeng for Tonje er at dette er eit felles prosjekt for heile mellomtrinnet, og ikkje berre noko skulebibliotekaren har halde på med. Lærarane har vore tett involverte, både i førebuingar og i arbeidet med oppgåver til bøkene.
Eit sentralt mål med lystlesingsprosjektet er at elevane skal finne sin eigen veg inn i lesinga.
– Dei skal lære seg å bla i boka og finne ut: Passar ho for meg?
Nynorsk må lesast for å meistrast
For Tonje er det heilt avgjerande at elevane får møte nynorsk gjennom lesing. Det handlar ikkje berre om leselyst, men om språkleg meistring.
– Det var veldig viktig for oss at det var berre nynorskbøker med i Leselyst-prosjektet, seier ho.
Øystese barneskule er ein nynorskskule, så det må gjerast medvitne val med tanke på bokutvalet. Ho peikar på ein samanheng mange kjenner att frå klasserommet:
– Me ser jo at mange skriv bokmål fordi dei les bokmål.
Difor blir tilgangen til nynorsk litteratur viktig for at elevane skal kunne utvikle og meistre skriftspråket sitt.
– Viss du ikkje har lese så mykje nynorsk, så veit du kanskje ikkje kva «å byrja» betyr. Gjennom lesinga utviklar elevane også eit språkleg medvit. Dei lærer å kjenne att nynorsk, sjå forskjellar og forstå kvifor språket har noko å seie.
Samtidig understrekar ho at nynorskbøkene ikkje vel seg sjølve.
– Me må vere veldig bevisste på tilfanget av nynorske bøker.
På Øystese skule får dei bøker frå Kulturfondet gjennom eit treårig prøveprosjekt. Utfordringa er berre at bøkene sjeldan er på nynorsk, eller at få av bøkene er på nynorsk.
– Kulturfondbøkene er gull verde for lesinga, men som nynorskskule må me alltid sikre at me har nok nynorskbøker i tillegg.
Nynorsk må synleggjerast
I skulebiblioteket handlar det ikkje berre om kva bøker som finst, men også kva som blir løfta fram.
– Me har nynorskutstillingar jamleg og stiller konsekvent nynorskbøkene med framsida ut i hyllene, fortel Tonje.
Gjennom slike utstillingar blir nynorskbøkene synlege for elevane og får ein tydeleg plass i biblioteket. Samtidig understrekar ho at dette krev aktive val. Nynorskbøkene må løftast fram og gjerast tilgjengelege der elevane faktisk er.
I skulebiblioteket blir leselystprosjektet synleggjort i vindauga som vender ut mot skuleplassen. Her festar ivrige elevbibliotekarar lappar i glaset, ein for kvar bok som er lesen. Elevbibliotekarane er med på å løfte fram bøkene og gjere dei synlege for andre elevar. Dei tilrår, sorterer og bidreg til å skape liv rundt lesinga. Det er eit mål at biblioteket ikkje berre skal vere ein stad for bøker, men ein stad der elevane sjølve er med og formidlar leselyst.
I timen etter langfri er det formidlingstid med skulebibliotekar Tonje. Døra går opp, og elevane strøymer høglydte inn i biblioteket med raske steg. Dei svingar seg gjennom rommet og samlar seg i det opne leseområdet midt i lokalet.
På golvet ligg små, runde puter. Elevane kastar seg ned, nokre tett i tett, andre litt for seg sjølve. Praten går livleg, men så gradvis stilnar han. Ei forventning legg seg i rommet.
Tonje ser utover flokken, ventar til alle har funne roa. Så opnar ho boka og byrjar å lese frå Kode 6. Ingen må vite kven du er av Harald Nortun.
Boklistene som skulebibliotekarane i Kvam kommune har utarbeidd, finn du her. Har du spørsmål om prosjektet, kan du kontakte skulebibliotekar Tonje Noréa Gauden.
Synleg nynorsk litteratur i skulen
Leselyst har fått auka merksemd som satsingsområde i skulen. På Nynorsksenteret har Liv Astrid Langnes arbeidd tett med skulebiblioteksutvikling. Ho peikar på at i nynorskområde må elevane møte nynorsk litteratur som er synleg, tilgjengeleg og engasjerande – elles blir det vanskeleg å utvikle både leselyst og språkleg identitet.
– Kva bør lærarar i nynorskområde vere særleg merksame på når dei arbeider med leselyst og leseopplæring, med tanke på både språkleg meistring og språkleg identitet?
– Skulebiblioteka i nynorskområde bør ha eit rikt utval av nye, nynorske bøker, og lærarane må ha god kjennskap til bøkene. Det er viktig at desse bøkene blir gjorde synlege for elevane og gjerne løfta litt ekstra fram gjennom til dømes utstillingar, konkurransar og kanskje også anbefalingar frå andre barn som har lese bøkene. Dersom elevane opplever at det finst mange kjekke nynorske bøker, er det lettare å kjenne at språket deira er både levande og aktuelt. Dersom dei nynorske bøkene blir synlege og attraktive, aukar også sjansen for at elevane vel å lese desse bøkene. Elevar som les mykje nynorsk, trivst betre i språket sitt og meistrar også ofte språknorma betre.
– Kva kan andre skular og skulebibliotek lære av arbeidet som blir gjort i Øystese?
– Først og fremst har dei gjort ein formidabel jobb med å synleggjere og løfte fram nynorske bøker i skulebiblioteket generelt. Her har dei rigga eit strålande prosjekt som legg til rette for at elevane får lese mange nynorske bøker og jobbe med leseforståing. Dei har også gjort ein fantastisk jobb med å velje ut spennande og engasjerande nynorske bøker som elevane har lyst til å lese. Dei har i tillegg tatt elevane på alvor og tilpassa prosjektet også til sakprosabøker. Vi veit at dersom elevar får lese bøker dei engasjerer seg i, aukar leseforståinga og leselysta. I tillegg vil eg løfte fram den flotte jobben dei har gjort med å innreie biblioteket og stille ut bøkene. Dei har skapt eit rom som innbyr til både lesing og leselyst.
– I nynorskområde har skulen eit særleg ansvar for å sikre at elevane møter nynorsk. Kva veit vi om samanhengen mellom satsing på skulebibliotek og formidling av nynorsk litteratur, og kvifor er dette særleg viktig for nynorskelevar?
– Vi veit at gode skulebibliotek er ekstra viktige for elevar som ikkje har tilgang til bøker heime eller tek turen til biblioteket sjølve på fritida. I skulebiblioteket møter elevane tilsette som har kjennskap til interessene og leseferdigheitene til kvar enkelt elev. Men det hjelper lite at dei tilsette har denne spesialkompetansen, dersom skulane ikkje har kjekke nynorske bøker vi kan gje desse elevane. Ifølgje lova om skulebibliotek skal skulebiblioteka vere ein sentral arena i leseopplæringa til elevane, og skulebiblioteka vere særskilt tilrettelagde for skulen. I nynorske skulebibliotek treng vi difor eit stort og godt utval av nynorsk barne- og ungdomslitteratur av alle sjangrar for å oppfylle dette kravet. Elevar som skal lære å lese og skrive nynorsk, må få lese mange tekstar på nynorsk.
Arbeider du på ein nynorskskule og driv med gode leseprosjekt du vil at fleire skal vite om? Kontakt oss på post@nynorsksenteret.no