Når litteraturen blir ein møteplass for studentvelferd
10.09.2026
Kva skjer når studentar samlast rundt ei novelle og eit dikt – utan krav om prestasjon, rett svar eller fagleg vurdering? Kva kan nynorsk litteratur bidra med når målet er livsmeistring, fellesskap og refleksjon?
Tekst: Guro Kristin Gjøsdal, Nynorsksenteret
Foto: Vilde Moltudal Igland
Dette er spørsmål som har stått sentralt i det pågåande forskings- og utviklingsarbeidet eg har har i lag med Lone Ellingvåg Knutsen (studenthumanist) og Elin Gundersen (biblioteket) ved Høgskulen i Volda, gjennom satsinga og pionerarbeidet Tekst og tanke. Utviklingsarbeidet, som har vore arrangert månadleg i semestera sidan januar 2021, tek utgangspunkt i lesemetoden samlesing («shared reading») og utforskar korleis litteratur kan vere ein ressurs både for språk, danning og studentvelferd.
Eit samarbeid for studentane
Tekst og tanke vart starta i 2021 som eit tverrfagleg samarbeid ved høgskulen. Målet var enkelt, men viktig: Å skape ein stad der studentar kunne møtast rundt litteratur og livsspørsmål i eit trygt og prestasjonsfritt fellesskap.
Kvar månad samlast studentar til høgtlesing av ei novelle eller eit tekstutdrag og eit dikt. Ingen treng å førebu seg. Ingen treng å seie noko. Likevel oppstår det ofte samtalar om eksistensielle spørsmål, relasjonar, identitet, håp, glede, sorg, framtidsplanar og kvardagsliv. Litteraturen gir eit felles utgangspunkt, men samtalen handlar vel så mykje om menneska som er til stades.
Samlesing – ein enkel idé med stor kraft
Samlesing er utvikla av Jane Davis og organisasjonen The Reader i Liverpool. Metoden har spreidd seg internasjonalt i kultur-, utdannings-, sosial- og helsefeltet. I Noreg har forskarar som til dømes Kjell Ivar Skjerdingstad og Thor Magnus Tangerås bidrege til å utvikle kunnskapen om kva som skjer i slike lesegrupper.
Metoden er enkel: Ein leseleiar les høgt, stoppar undervegs og inviterer deltakarane inn med opne spørsmål. Målet er ikkje litterær analyse i tradisjonell forstand. Målet er å utforske teksten saman. Kvar deltakar møter teksten med sine eigne erfaringar, minne og tankar. Slik blir lesinga ei felles oppdaging.
I arbeidet peikar eg på at samlesing kan skape det Skjerdingstad og Tangerås (2019) omtalar som eit «transpersonleg rom» – eit rom der litteraturen opnar for djupare refleksjon, empati og nye perspektiv på eige liv og andre sine erfaringar.
Når litteratur blir studentvelferd
For initiativtakarane har Tekst og tanke aldri berre handla om litteraturformidling. Prosjektet undersøker også korleis litteratur kan bidra til studentvelferd og det som ofte blir omtalt som eksistensiell helse.
Studenthumanist Lone E. Knutsen skildrar samlesinga som eit frirom der deltakarane får høve til å vere til stades utan krav om prestasjon. Gjennom å lytte til tekstane og til kvarandre kan deltakarane oppdage nye måtar å sjå på eigne erfaringar og kjenne seg som ein del av ein større samanheng.
I ei tid der mange studentar opplever skjermjag, press, stress og einsemd, kan slike møteplassar ha stor verdi. Tekst og tanke viser korleis litteraturen kan fungere som eit språk for tema som elles kan vere vanskelege å sette ord på.
Nynorsk som nærvær
Nynorsk litteratur er integrert som ein naturleg del av prosjektet. Gjennom Tekst og tanke møter studentane dikt, noveller og tekstutdrag på nynorsk – ofte utan at språket i seg sjølv står i sentrum for samtalen. Likevel er nynorsken til stades og formidla som ein viktig kulturell og estetisk ressurs.
Eg har tidlegare argumentert for at samlesing kan vere ein verdifull metode i nynorskopplæringa fordi han flyttar merksemda frå rett og gale i språkformer til opplevinga av språk og meining. Studentane møter nynorsken som levande litteratur og som kjelde til refleksjon – ikkje berre som ein språkleg variant dei skal lære om.
Gjennom høgtlesing kjem rytmen, klangen og det estetiske potensialet i språket tydeleg fram. Fleire deltakarar opplever at dei kjem tettare på både teksten og språket når dei får høyre det gjennom høgtlesing.
Om arbeidet
Arbeidet er gjort i Phd-emnet Hermeneutikk og humanistisk forsking, og kan etter kvart bli utvikla for vidare publisering. Eg har kopla erfaringane frå Tekst og tanke til hermeneutisk teori, særleg tenkinga til Hans-Georg Gadamer. Eit sentralt poeng hos Gadamer er at forståing alltid oppstår i møtet mellom teksten og lesaren sine eigne erfaringar.
Dette perspektivet blir tydeleg i samlesinga. Det finst ikkje nødvendigvis éi rett tolking av teksten. Tvert imot bidreg kvar deltakar med noko som utvidar forståinga til gruppa. Lesinga blir eit møte mellom ulike livserfaringar, kulturar, verdiar og perspektiv.
Litteraturvitar Jan Inge Sørbø peikar på at nettopp dette er kjernen i både hermeneutikken og samlesinga: Vi lærer noko om teksten, men også noko om kvarandre og oss sjølve.
Ein veg vidare
Tekst og tanke viser korleis nynorsk litteraturformidling kan vere mykje meir enn leselystarbeid aleine. Prosjektet har vore med på å utforske korleis litteratur kan bidra til fellesskap, refleksjon, identitetsutvikling og studentvelferd.
Samtidig peikar prosjektet framover. Erfaringane frå Volda tyder på at samlesing har potensial både i høgare utdanning, i nynorskopplæringa generelt og i arbeid med psykososialt miljø i opplæringsfeltet. Kanskje treng vi fleire rom der menneske kan møtast rundt litteraturen – ikkje for å prestere, men for å tenke, oppleve, lytte og vere til stades saman. Dei siste fem åra har Tekst og tanke stadig funne nye former og nye møteplassar. Metoden og dei trygge, sansande og estetiske rammene har blitt utforska gjennom til dømes generasjonsmøte, samarbeid med Bygdepride, Forskingsdagane, friluftsliv, digitale samlesingar og arrangement for internasjonale studentar. Slik har arbeidet nådd ulike menneske, fagmiljø og fellesskap – utan å miste kjernen som ligg i den felles leseopplevinga. Erfaringa er at metoden oppfyller måla som vi ønsker.
Tekst og tanke minner oss om noko grunnleggande: Gode tekstar kan opne nye perspektiv. Men ofte er det i møtet mellom teksten og menneska rundt bordet at det mest verdifulle skjer.
Kjelder
Alnes, J. H. (2023). Hermeneutikk. I Store norske leksikon.
https://snl.no/hermeneutikk
Bale, K. (2009). Estetikk: En innføring. Pax. https://www.nb.no/items/712115f185959a235bb979ce61c1da06
Eriksen, T. B. (1993). Vestens tenkere. B. 3: Fra Freud til Baudrillard. I Vestens tenkere. Oslo : Aschehoug, 1993.
https://urn.nb.no/URN:NBN:no-nb_digibok_2008010900051
Gadamer, H.-G., & Jordheim, H. (2003). Forståelsens filosofi: Utvalgte hermeneutiske skrifter. Cappelen.
Gjøsdal, G. K. (2023). Samlesing («shared reading») i nynorskopplæringa. 88-93.
Samlesing («shared reading») i nynorskopplæringa - Nasjonalt vitenarkiv
Nystøyl, K. F. (2022). Nynorsken banar veg for minoritetar. Periskop.
https://periskop.no/nynorsken-banar-veg-for-minoritetar/
Skjerdingstad, K. I., & Tangerås, T. M. (2019). Shared reading as an affordance-nest for developing kinesic engagement with poetry: A case study. Cogent Arts & Humanities, 6(1), 1688631.
https://doi.org/10.1080/23311983.2019.1688631
Skjervheim, H., Hellesnes, J., & Skirbekk, G. (2002). Mennesket. Universitetsforlaget.
Slaattelid, R. T. (2023). Humaniora. I Store norske leksikon.
https://snl.no/humaniora
Sørbø, J. I., & Allkunne. (2023). Hans Skjervheim. I Store norske leksikon.
https://snl.no/Hans_Skjervheim
Sørhusbakken, K. (2020, november 10). – Nynorsk er maktkritikk. Kulturtanken.
https://www.kulturtanken.no/aktuelt/2020/nynorsk-er-maktkritikk/
Tangerås, T. M. & Skjerdingstad, K. I. (2025). Leseledelse. En innføring i samlesing. Fagbokforlaget.
The Reader Organisation. (u.å.-a). Home—The Reader | Shared Reading groups at Calderstones and beyond. Henta 11. april 2023, frå
https://www.thereader.org.uk/
The Reader Organisation. (u.å.-b). Our Research. The Reader. Henta 11. april 2023, frå
https://www.thereader.org.uk/about-us/our-research/