Samlesing («shared reading») i nynorskopplæringa
12.05.2022
Samlesing (shared reading) er ein forskingsbasert lesemetode med intensjon om å opne litteratur for alle målgrupper. Denne teksten tek føre seg korleis metoden kan forankrast i LK20 og nynorskopplæring.
Tekst: Guro Kristin Gjøsdal
Portrettfoto: Tone Brandal
Samlesing (shared reading) er ein internasjonal lesemetode som er utvikla av Jane Davis og The Reader Organisation i Liverpool. Metoden fremjar ein vennleg og trygg møtestad mellom menneske og mellom menneske og litteratur. Lesemetoden vert brukt i skule, bibliotek, helse, soning og rusomsorg, og innanfor eit breitt spekter i alder. Innanfor samlesing les ein korte tekstar saman i små grupper på opptil ti personar. Ein sertifisert leseleiar vel ut ei kort novelle eller eit utdrag av ein tekst, og eit tematisk relatert dikt.
Samlesing fungerer som ein lesesirkel der ein møter teksten der og då. Leseleiaren les høgt dei skjønnlitterære tekstane i ei gruppe. Deltakarane får utlevert tekstane, og såleis skjer det også ei felleslesing. Undervegs og etter lesinga samtaler og undrar ein seg over tekstane. Målet er ikkje å kome fram til ei felles tolking, men å bringe inn ulike perspektiv og opplevingar av teksten, slik at ein utvidar opplevinga for kvarandre. Vi les for å verte klokare på oss sjølve og andre. Det er ønskeleg at det er ei trygg og hyggeleg ramme når ein nyttar samlesing. Å samlast kring eit bord med noko varmt i koppen er vanleg. Ein kan også nytte metoden i naturen.
Metoden eignar seg best om ein tek kurs som leseleiar. Dersom ein skal kalle seg leseleiar i samlesing (shared reading-metoden) må ein vere sertifisert. Eit alternativ er å kontakte biblioteket i kommunen eller fylket for å kome i kontakt med leseleiarar som kan kome til skulen eller gruppa di.
Noko å vere merksam på er at det finst ein rein skuleretta metode som er utvikla av leseforskaren Donald Holdaway (New Zealand), som heiter Learning Smart – Shared reading, på norsk omsett til felleslesing. Det er ikkje same metoden som denne teksten illustrerer, sjølv om der er likskapar. Metodane samlesing og felleslesing har ulike praksisar og kontekstar. Felleslesing kan de lese meir om her.
Norsk omgrep på metoden
Vi treng eit felles norsk omgrep på metoden, som no vert forklart og titulert på ulike vis. Samlesing er ei omsetting som fleire tykkjer svarer med den faktiske aktiviteten i metoden. Dette omgrepet er også støtta av den norske forskaren på metoden, Thor Magnus Tangerås ved Høyskolen Kristiania. Bruk av omgrep etablerer omgrep, og der har vi som nyttar metoden, ei moglegheit og eit ansvar. Å kalle metoden for shared reading kan verke framandgjerande og mystisk, og det støttar ikkje opp om godt og tydeleg norsk språk og språkvern.
Ver til stades
I samlesing treng ikkje deltakarane å førebu seg. Ein treng ikkje å delta i samtalen, ein kan velje å berre lytte og delta på den måten. Leseleiaren førebur dei tematiserte tekstane og leier samtalen og undringa. Metoden finn støtte i teori om at læring treng tid, ro og mogning, og at ikkje all læring treng å bli direkte vurdert i formål og karakteroppnåing. Diktet som vert lese etter novella, vert gjerne lese fleire gongar. På denne måten kjem ein i djupna på teksten. Her kan deltakarane bli inviterte til å lese diktet høgt for dei andre. Ulike stemmer kan gi ulik formidling og perspektiv. Metoden har overføringsverdi til fleire område. Han gir øving i å lese, leie, lytte og vere til stades. Ein kan oppleve å finne konsentrasjon og ro. Samlesing er også ei estetisk og deltakande oppleving.
Passar for alle
Lesemetoden opnar for samtalar om tema ein kanskje ikkje snakkar så ofte om. Dette kan vere med på å skape perspektiv og empati. Kvar enkelt deltakar møter litteraturen på sin måte. Lesinga utvidar seg etter kvart som deltakarane bidreg med sine synsvinklar. Møtet med metoden og litteraturen kan også utfordre. Målet er at ein kan få ny innsikt eller ei ny forståing av seg sjølv og andre. Såleis er det også ein metode som i høgste grad støttar opp om demokrati og medborgarskap, folkehelse og livsmeistring. Samlesing er ein stad for vekst og passar både for den som har lese mykje, og den som har lese lite. Lesemetoden kan vise kva felleslesing og høgtlesing kan vere, både som formidlingsmetode, filosofisk samtale og som ein måte å verte kjent med seg sjølv på. Å verte lesen høgt for er noko ein set pris på gjennom heile livet.
Å nytte samlesing også med barn eignar seg godt. Metoden ligg nær slik ein les og snakkar om litteratur med barn. Å legge vekt på den direkte opplevinga i møte med litteratur fell naturleg for barn. Mange opplever at ein mister denne undrande, direkte opplevinga med frie assosiasjonar i møte med litteratur i oppveksten. Tradisjonelt legg skulesystemet opp til analyse av litteratur med formål om leseutvikling og tradisjonell vurdering. Samlesing gir rom for den frie, nyfikne, assosiative tilnærminga til litteratur og finn forankring i LK20 og vurdering for lærelyst og meistring. Å nytte samlesing som ein del av tidleg og heilskapleg bruk av nynorskdidaktikk er heldig. Alt kjekt i undervisninga kan vi gjere på nynorsk!
Samlesing og LK20
I LK20 er lærelyst ein del av vurderingsforskrifta. Elevar som har lærelyst, er gjerne meir uthaldande i læringsarbeidet enn elevar som manglar lærelyst. Forsking på og erfaring med samlesing meiner å kunne bidra til lærelyst og uthald. Å vere uthaldande gir over tid betre læringsresultat og ei oppleving av meistring. LK20 legg også vekt på korleis barn og unge kan kome til ei djupare forståing av seg og omverda gjennom metodar som gir glede og ei kjensle av tid og rom. Lesemetoden samlesing eignar seg innanfor område i vurdering for lærelyst og meistring, og som metode til bruk i skule- og miljøutvikling.
Gir nye perspektiv
Læreplanverket understrekar også at elevar skal utfalde skaparglede, engasjement og utforskartrong. Dei skal lære å uttrykke seg gjennom estetiske uttrykksformer, leik og praktiske aktivitetar. Dette støttar samlesing. At ein som lærar ser verdien av skjønnlitteratur, kunst og kultur, byggjer opp under ansvaret for god fagleg og pedagogisk kvalitet i opplæringa. Ulik forsking og erfaring viser at det er mange verdiar knytte til desse omgrepa. Det blir hevda at ein kan endre verda med kunst.
Skjønnlitteratur kan trøyste og varme eller påverke hardt, og lære eleven noko som dei tradisjonelle læremidla ikkje kan.
Dei tre tverrfaglege temaa
Skulen skal legge til rette for læring innanfor dei tre tverrfaglege temaa folkehelse og livsmeistring, demokrati og medborgarskap, og berekraftig utvikling. Dette er tema som tek utgangspunkt i aktuelle samfunnsutfordringar som krev engasjement og innsats frå enkeltmenneske og fellesskapen i lokalsamfunnet, nasjonalt og globalt. Elevane utviklar kompetanse knytt til dei tverrfaglege temaa gjennom møte med ulike problemstillingar frå ulike fag og metodar. Her kan lesemetoden samlesing bidra. Elevane skal få innsikt i utfordringar og dilemma innanfor temaa. Dei skal forstå korleis vi gjennom kunnskap og samhandling kan finne løysingar, og dei skal lære om samanhengar mellom handlingar og konsekvensar. Kunnskapsgrunnlaget for å finne løysingar på problem innanfor temaa finst i mange fag, og temaa skal bidra til at elevane oppnår forståing og ser samanhengar på tvers av fag. Måla for kva elevane skal lære innanfor temaa, er uttrykte i kompetansemål for fag der det er relevant. Samlesing set folkehelse og livsmeistring i skulen i eit relasjonelt og dialogisk perspektiv. Samlesing legg vekt på grunnleggande livsmeistringstema, som evna til å vere i kontakt med seg sjølv og med andre, evna til å utvikle empati og samhøyrsle, og evna til å samhandle og bidra i fellesskapet.
Forslag til nynorsk litteratur i samlesing
Forslag til dikt og noveller/korttekstar for ulike målgrupper.
Forsking på samlesing/shared reading
https://oda.oslomet.no/oda-xmlui/handle/20.500.12199/1025
https://www.thereader.org.uk/.
Sertifisering leseleiar
Til dømes:
https://mrfylke.no/kalender/kultur/shared-reading-kurs-leseleiar
Kjelder
- Trøndelag fylkesbibliotek, Litterære pusterom
- Gamlem, Siv Måseidvåg (2021): Vurdering for lærelyst og mestring. Fagbokforlaget, Bergen
- Lovdata (2022): Lov om språk (språklova).
- Lovdata (2022): Lov om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova).
- Utdanningsdirektoratet (2022): Læreplanverket.