Nettseminar: Kvifor og korleis nynorsk i vaksenopplæringa?
24.08.2026
Torsdag 24. september klokka 14.00–15.30 inviterer vi til nettseminaret Kvifor og korleis nynorsk i vaksenopplæringa?
Det er Noregs Mållag, Nynorsksenteret med personar frå ressursgruppa, og LNK (Landssamanslutninga av nynorskkommunar) som arrangerer seminaret. Tanken er at dette kan vere det første nettseminaret i noko som kan bli fleire seminar og eit fungerande nettverk.
PROGRAM:
Velkommen og leiing ved Guro Kristin Gjøsdal, Nynorsksenteret
Innleiing: (til saman 15 minutt)
- Yuliia Danilenkova (elevperspektivet)
- Hazar Kabil (forelderperspektivet)
- Ingvald Skårland frå bedrifta Alt i gjerde (arbeidsgjevar/tilsette-perspektivet)
Innlegg:
- Kvifor nynorsk i vaksenopplæringa? ved Solveig Vestenfor, stortingsrepresentant for Ap (5 minutt)
- Å styrke opplæringa på nynorsk ved Åshild Leirset, seniorrådgjevar i HK-dir (5 minutt)
- Kvifor og korleis nynorsk i vaksenopplæringa? ved Mali Åm, inspektør og fagansvarleg Ulstein kompetansesenter og Eli Tjørhom, lærar Sogndal opplæringssenter (50 minutt)
Spørsmål og samtale leia av Guro Kristin Gjøsdal, Nynorsksenteret (10 minutt)
Avslutning som peikar framover:
Å arbeide saman for meiningsfull og effektiv nynorskopplæring (5 minutt)
Seminaret vil vere ein del av Forskingsdagane 2026 ved Høgskulen i Volda.