Nynorsktipset – songtekst av Sigrid Moldestad
28.08.2026
Korleis kan ein gjere det lettare for elevane å tolke lyrikk? Pernille Sørdal ved Vest-Telemark vgs. bruker songteksten «Eg vil vere her» av Sigrid Moldestad og deler analysen opp i små og konkrete oppgåver. I nynorsktipset fortel ho om kvifor teksten kan brukast til å gjere lyrikktolking meir konkret og overkomeleg for elevane.
Tekst: Pernille Sørdal, Vest-Telemark vidaregåande skule
Eg underviser i norsk på vidaregåande, både på studiespesialiserande og yrkesfag, og har gode erfaringar med å jobbe med lyrikk og songtekstar gjennom å bryte ned tolking og analyse til mange mindre oppgåver. Å tolke eit dikt kan vere vanskeleg, men å svare på nokre konkrete spørsmål er mykje meir overkomeleg. Når elevane har gjennomført ein del slike øvingar, er dei vonleg betre rusta til å forstå lyrikk og til å lære og ta i bruk fagterminologien.
For å øve på å forstå kven eller kva som er stemma i eit dikt, har eg nokre gongar brukt «Eg vil vere her» av Sigrid Moldestad. Teksten har ei tydeleg «eg»-stemme, men elevane får øve seg på å godta at «eg» er nokon dei må sjå for seg i ganske lause trekk, medan dei sjølve som individuelle lesarar kan fylle ut detaljane. Dei må òg tenkje gjennom problematikken knytt til om «eg» treng vere den same som tekstforfattaren.
Teksten til «Eg vil vere her» er ganske tilgjengeleg med tanke på språk og tematikk, men krev likevel ein del av elevane fordi dei må tenkje seg inn i situasjonen til det litterære «eg»-et. For dei fleste tenåringar er døden og slekt som følgjer slekters gang heldigvis eit litt fjernt tema. Denne vakre teksten er eit steg inn i denne litterære tematikken på eit språk som brukar «vanlege» ord og ikkje for krevjande metaforar.
For å få litteratur til å fungere i undervisninga tenkjer eg ein må bruke nokre tekstar som elevane kan kjenne seg att i, men òg nokre tekstar dei må strekke seg for å få utbyte av å lese. Litteratur skal jo helst utvide horisonten, ikkje berre bekrefte deira eigne opplevingar. Det er viktig å ikkje vere redd for å vise entusiasme sjølv og forklare kva det er med teksten som er så bra!
Litt av grunnen til at eg trur elevane mine likar å jobbe med denne og liknande tekstar, er nok at korte tekstar som dette er passeleg innhald for ei avgrensa økt, der ein rekk å lese teksten, lytte til songen, jobbe med oppgåver og snakke om oppgåvene. Konkrete spørsmål som «Kva er «her» i teksten?» gjer det mogleg for alle å finne svaret, men gir òg rom for vidare grubling for dei som driv med slikt.
Lenkje til songen og songlyrikken finn du her: