Blindsone – når nynorsk, hiphop og forsking møtest
10.09.2026
Frå framsyninga Blindsone (Foto: Nynorsk kultursentrum)
Kva skjer når ein tek utgangspunkt i forsking, ungdomslitteratur, hiphop og nynorsk – og let det bli til scenekunst for ungdom? Svaret er teaterframsyninga Blindsone, utvikla for Den kulturelle skulesekken gjennom eit samarbeid mellom Nynorsksenteret, Nynorsk kultursentrum, DKS Møre og Romsdal og scenekunstnarar frå det frie kunstfeltet.
Tekst: Guro Kristin Gjøsdal
Eit prosjekt i skjeringspunktet mellom kunst, språk og samfunn
Blindsone er eit forskings- og utviklingsprosjekt som utforskar korleis scenekunst kan styrke språkleg identitet og interkulturell forståing. Produksjonen bygger på Erlend Skjetne sin Brageprisvinnande ungdomsroman Eit anna blikk, der vi møter dei afghanske ungdomane Anwar og Walid på eit norsk asylmottak. Gjennom forteljingane deira blir publikum inviterte til å reflektere over spørsmål om tilhøyrsle, makt, migrasjon og identitet.
Samtidig handlar framsyninga om noko meir enn asylpolitikk. Ho undersøker også kven som eig forteljingane våre, kven som får fortelje dei – og kva vi sjølve ikkje ser. Kva er blindsonene våre når vi møter menneske med andre erfaringar enn våre eigne?
Nynorsk som kunstnarisk kraft
Eit sentralt mål med prosjektet var å utforske kva nynorsk kan vere i scenekunsten. I Blindsone er nynorsk ikkje berre språket i manus og lærarressursen. Det er sjølve den kunstnariske materialiteten produksjonen arbeider med. Språket møter rytmen i hiphop, improvisasjonen i devising-teateret og erfaringane til skodespelarane. Resultatet er eit scenespråk som kombinerer nynorsk, dialektar, sosiolektar og afghanske språklege referansar i eitt og same uttrykk.
For mange elevar blir dette eit møte med nynorsk utanfor det tradisjonelle klasserommet. Dei møter ikkje nynorsk som grammatikkøving eller sidemålstest, men som levande kunst, musikk og forteljing. Framsyninga viser verdien av nynorsk som hovudmål, sidemål og andrespråk i eit mangfaldig samfunn. Erfaringane frå prosjektet peikar på at slike møte kan styrke både språkleg sjølvtillit og forståing for språkleg mangfald.
Hiphop som bru
Hiphop vart vald fordi sjangeren har ei særskild evne til å gi rom for stemmer som ofte står på utsida. Gjennom rap, rytme og spoken word kunne skodespelarane Jahanger Ali og Samir Madad formidle både karakterane sine historier og eigne refleksjonar. Hiphopen fungerte som ei bru mellom ungdomskulturen og dei krevjande temaa framsyninga tek opp.
Produksjonsgruppa erfarte at ungdom lett kjende seg att i uttrykket. Rytmen, energien og det munnlege språket gjorde at avstanden mellom scene og sal blei mindre. Mange elevar deltok spontant gjennom respons, latter, refleksjon og diskusjonar i etterkant.
Forsking gjennom teater
Blindsone er også eit døme på forskingsbasert teater. Prosjektet var forankra i metodane research-based theatre og a/r/tografi, ein metode i kunstfagleg pedagogikk der forskaren undersøker tema ved å kombinere rollene som kunstnar (artist), forskar (researcher) og lærar (teacher). Der blir kunstnarisk praksis brukt både til å skape ny innsikt og til å formidle kunnskap. Prosessen bygde på samarbeid mellom forskarar, lærarar, kulturinstitusjonar og scenekunstnarar. Slik blei forsking ikkje berre noko som vart skrive om i etterkant, men noko som skjedde gjennom sjølve kunstproduksjonen.
Utviklinga av framsyninga var prega av samskaping. I staden for å ta utgangspunkt i eit ferdig manus arbeidde gruppa med improvisasjon, samtalar, prøver og utforsking over tid. Slik kunne fleire perspektiv og erfaringar bli ein del av det endelege kunstuttrykket.
Kunst som møteplass
Eit viktig funn frå arbeidet er korleis kunst kan fungere som ein møteplass mellom menneske med ulike språklege og kulturelle erfaringar. Gjennom estetiske opplevingar, dialog og refleksjon får ungdom høve til å sjå verda frå fleire perspektiv samstundes. I staden for å lære om andre, får dei oppleve forteljingar som utfordrar stereotype førestillingar og inviterer til empati og innleving.
For produksjonsgruppa var det avgjerande å framstille Afghanistan og afghanske ungdomar som meir enn krig, flukt og traume. Framsyninga ønskte også å synleggjere kultur, humor, draumar, vennskap og menneskeleg verdigheit.
Blindsone som nynorsk framtidsarbeid
Prosjektet viser at nynorsk kan vere ein naturleg del av eit moderne, fleirkulturelt samfunn. Når nynorsk møter hiphop, migrasjonserfaringar og ungdomskultur, oppstår det nye rom for identifikasjon og deltaking. Språket blir ikkje eit symbol på fortida, men eit verktøy for å forstå samtida.
Gjennom Blindsone har vi fått utforske korleis språk, kunst og forsking kan arbeide saman for å skape djupare forståing, større språkleg sjølvtillit og sterkare fellesskap. Erfaringane frå prosjektet peikar på at nynorsk ikkje berre kan vere eit språk for opplæring – det kan også vere eit språk for demokrati, medborgarskap og nye møte mellom menneske.
Blindsone er utvikla av DKS Møre og Romsdal, Nynorsk kultursentrum, a/r/tograf Guro Kristin Gjøsdal ved Nynorsksenteret, Høgskulen i Volda, og scenekunstnarane Mine Nilay Yalcin, Jahanger Ali og Samir Madad. Produksjonen hadde premiere under Festspela 2024 og blei utvikla for turnering nasjonalt på ungdomstrinnet og i den vidaregåande opplæringa i Den kulturelle skulesekken. Med tilpassingar passar produksjonen også for vaksenopplæringa.
Dersom du har spørsmål knytte til nynorsk i Den kulturelle skulesekken eller nynorskopplæring i tverrfagleg og estetisk djupnelæring er du velkommen til å kontakte Guro Kristin Gjøsdal ved Nynorsksenteret, Høgskulen i Volda.
Vitskapleg publisering:
Gjøsdal, G. K. (2026). Språkleg identitet og interkulturell forståing i hiphop-teateret Blindsone. I C. B. Myrvold, L. Skregelid & R. Tronstad (Red.), Den kulturelle skolesekken: Forskning møter praksis (s. 331–358). Cappelen Damm Akademisk. https://doi.org/10.23865/cdf.286.ch12 Lisens: CC-BY-NC-ND
Utviklingsarbeid:
Kulturtanken.no: Meir nynorsk i Den kulturelle skulesekken
Periskop.no: Kvifor nynorsk i Den kulturelle skulesekken?
Nynorsksenteret.no: Lærarrolla i møte med Den kulturelle skulesekken (DKS)
Nynorsksenteret.no: Tankar og ord, haldningar og handlingar
Nynorsksenteret.no: Draumen om medborgarskap
Nynorsksenteret.no: Nynorsk for innvandrarar? Sjølvsagt!
Nynorsksenteret.no: Kunst- og uttrykksmetodar for språk og livsmeistring