• Blogg
  • Draumen om medborgarskap

Draumen om medborgarskap

10.10.2023

Noman

Korleis er det å lære nynorsk som innvandrar? Korleis kan det norske samfunnet bidra til språk og medborgarskap?

Tekst og foto: Guro Kristin Gjøsdal

Mohammad Noman Rasully (26) er ein afghansk flyktning busett i Noreg.

– Korleis er det å kome til eit framandt land og ikkje kunne språket?

– Språket er viktig for å kunne ta kontakt med andre menneske. Det er vanskeleg for ein person som flyttar ufrivillig frå heimlandet sitt til eit land der språket og kulturen er så forskjellig frå det ein kjenner til. Alt er nytt. Korleis ein er organisert. Skilt i trafikken, mat og så vidare. Eg er heldig som kan engelsk, så eg har kunna snakke med folk frå første dag. Nordmenn er gode i engelsk.

– Vil du fortelje nokon positive og negative ting med å leve i Noreg?

– Noreg har mykje positivt ved seg. Til dømes sikkerheit, jobbmoglegheiter og moglegheita til utdanning. Nordmenn er gode menneske. Snille og ærlege. Dette kjem tydelegare fram når ein blir kjent. Køyrelæraren min spurde far sin om han kunne øvingskøyre med meg. Det ville han. Det tykkjer eg var sjenerøst!

Dugnadsånda imponerer meg også. Mange arbeider bortimot heil stilling og gjer frivillig arbeid på fritida. Eg får inntrykk av at nordmenn er svært glade i landet og samfunnet sitt, og dei engasjerer seg for at samfunna skal vere gode å leve i. Dette vil eg gjerne vere ein del av. Å vere ein del av eit volleyballmiljø til dømes, hadde vore noko for meg.

Samstundes forstår eg ikkje kva som gjer at ein ikkje er meir opne og viser kven ein er i Noreg, om du forstår. Det er som om mange menneske her har ei grense rundt seg. Det er vanskeleg å bli kjent med naboane og dei ein deler samfunn med. På 17. mai og andre merkedagar opplever eg at vi seier «hei», ser kvarandre i auga og snakkar saman. Men neste dag skjer ikkje dette. Kjennskapen blir ikkje følgd opp. Eg opplever også å sjå ein del einsemd i Noreg når folk har fri. Då går mange aleine.

Eg får ei kjensle av at nordmenn kan ha eit distansert forhold til kvarandre. Då er det ekstra utfordrande for ein innvandrar å få kontakt og bli integrert i samfunnet. I den afghanske kulturen viser vi tydeleg at familie og venner er verdifulle. Eg trur Noreg også har ein kultur for dette, om enn på ein annan måte. Eg trur også det er skilnad på generasjonar og miljø.

Mange flyktningar søker etter kvart til større samfunn der ein lettare kan finne tilhøyrsle. Eitt og eit halvt år i Noreg har endra meg. Tidlegare gjekk eg med heva hovud, møtte blikk og smil, sa «hei». Når ein ikkje får respons her i Noreg endar det med at ein får bøygd hovud og mistar tillit. Eg er ikkje det mennesket eg ein gong var.

– Korleis er det å lære norsk?

– For barn og unge verkar det hovudsakleg lett. Det kan verke som det vert vanskelegare med alderen, og om ein har lite skule- eller språkbakgrunn. Helse- og livssituasjon, også til familien i heimlandet, speler inn på kor godt ein klarer å lære.

– Korleis er det då å lære nynorsk som innvandrar?

– Det er ikkje meir vanskeleg enn å lære bokmål. Det er normalt og enkelt her eg bur, og skriftspråket ligg nær dialekten. Det er mykje bokmål i media og storsamfunnet. Det var litt vanskeleg å forstå samtaler då eg var i Oslo i fjor sommar. Det er til god hjelp å snakke tydeleg og sakte.

– Vi veit ein del om utfordringane i Afghanistan. Kva er det positive med heimlandet ditt?

– Eg ønsker helst å ha det same som eg hadde i heimlandet mitt, men eg veit at eg ikkje kan ha alt det her. Det eg ønsker mest er kontakt og fellesskap mellom menneske i samfunnet. At vi er opne med kvarandre. Dette er rikdom for meg. Helst skulle eg ønske at eg kunne ha familien min her.

I Afghanistan har vi hovudsakleg nær kontakt med kvarandre. Dette gjeld familie, slekt og andre i samfunnet. Eg opplever at relasjonen mellom ulike etniske grupper i hovudsak er gode. Problemet er dei som ønsker å ha makt i samfunnet. Eg opplever at maktpersonar ønsker å skape problem mellom menneske, for eiga vinning, ved å lage grupperingar.

Vi har kultur for å besøke kvarandre, og vi har lett for å snakke med kvarandre. Vi kan møtast og ha ein forholdsvis kort samtale, og derifrå har vi bygt ein relasjon og eit byrjande godt forhold.

I Afghanistan har vi utfordringar med sikkerheit. Derfor er det lite tillit og kontakt mellom politikarar og dei som arbeider innanfor militæret. Men folket har, i større grad enn ein kanskje trur, kontakt med kvarandre, uavhengig av bakgrunn. Menneske treng det grunnleggande og meining i tilværet også i Afghanistan. Utanforskap er det som kan skape problem.

Dei fleste i Afghanistan er frå Afghanistan, men det er ulike folkegrupper og språk som lever saman. Dette er stort sett ikkje eit problem. Når ein lever i det afghanske samfunnet, så bygger ein samfunnet saman til tross for kulturelle forskjellar. Dette er vel det mest vanlege i resten av verda også. I Afghanistan brukar vi fritida saman; vi fer på turar med familie og venner, vi besøkjer kvarandre og så vidare.

– Korleis trur du det hadde vore for ein norsk flyktning å kome til Afghanistan?

– Det er eit godt spørsmål som snur mykje på hovudet. Eg trur ikkje det vil vere lett for ein norsk flyktning å leve i Afghanistan. Språket og kulturen er heilt annleis, og få snakkar engelsk. Men folket i Afghanistan er i stor grad vennlege. Dersom ein afghanar finn ut at eit menneske er frå eit anna land, treng hjelp og ønsker å lære språket, ser eg føre meg at afghanaren vil hjelpe hen så mykje som mogleg. Eg trur også nordmannen lett vil finne seg venner.

– Korleis kan det norske samfunnet gi medborgarskap til flyktningar?

– Først og fremst: La oss starte med å vere opne. Sjå kvarandre. Utfordre deg gjerne til å bli kjent med oss som er flyktningar og innvandra til Noreg. Mange seier ein kan ta kontakt med ein nordmann når ein er i naturen. Men eg erfarer at mange nordmenn ikkje har tid til å snakke når dei er på tur heller!

– Korleis kjennest det i kroppen å verte møtt som framand og med flyktningstatus?

– Det er ille. Ein kjem frå ein stad og har tilhøyrsle og trivsel der. Så må ein flykte til ein heilt annan stad. Ein kan ikkje gå tilbake, og ein har ikkje sin eigen stad å høyre til. Ein tenkjer: Kva kan eg gjere? Kor kan eg leve? Korleis kan eg seie til alle menneske: Eg har flykta fordi eg måtte! Eg var tvungen. Få veit ordentleg om situasjonen vår. Eg føler meg einsam. Dagleg kan eg kjenne meg mindreverdig i form av ord eller kroppsspråk frå nokon, eller å ikkje bli sett. Eg klarer ikkje å uttrykke det på norsk eller engelsk, berre på dari. Det er som … eg høyrer ikkje heime i dette området. Kroppen min blir veldig kald.

Eg er langt borte frå familien min, kor eg høyrer til. Eg kan ikkje gjere så mykje. Så eg sit ein del heime. Tenkjer. Eg held meg sjølv oppteken med jobb, skule og trening. For å ikkje ha for mykje tid til å tenkje. Føle. Eg får hovudpine. Eg har stress i meg heile tida. Eg tenkjer heile tida på kva eg skal gjere for å ha ei framtid. Eg vurderer om eg kan studere her også. Eg har høgare utdanning frå heimlandet, og undersøker om utdanninga mi kan nyttast i Noreg på eit vis. Det er vanskeleg å studere på eit anna språk. Ein del innvandrarar/flyktningar her har gode relasjonar til kvarandre. Dette kan vere fordi vi har felles erfaringar og noko lik kultur. Dette er til stor glede. Eg vil gjerne bli kjent med nordmenn også.

Til ettertanke

Dette intervjuet er basert på ein samtale mellom Rasully, forfattaren Erlend Skjetne og underteikna, som fann stad under eit arrangement på Dei nynorske festspela 2023.

Det gir ettertanke å samtale med Noman om desse viktige temaa. Eg var på den nasjonale konferansen NOA23 som handlar om norsk som andrespråk. Det viser seg mellom anna at mange som lærer norsk som innvandrarar, ikkje får praktisert språket i arbeidspraksis. Ein blir gåande og arbeide aleine. Eg vil oppmode oss alle til å snakke med menneske vi har rundt oss som lærer norsk og som arbeider for å bli integrerte. Det er vanskeleg å lære seg eit språk utan å få bruke det i kvardagen. Å bli sett og å kjenne tilhøyrsle er eksistensielt for eit menneske. Det er sentralt at vi står saman om å vareta flyktningar, uavhengig av etnisitet, nasjonalitet og språk.

Tips til vidare lesing og opplegg:

På Nynorskbok kan du lese omtale av boka Eit anna blikk av Erlend Skjetne.

Nynorsksenteret har laga eit undervisningsopplegg til romanen Eit anna blikk av Erlend Skjetne.

Ytring av Erlend Skjetne: Altfor god i norsk?

    Eit anna blikk kvadrat
    Arbeid med Eit anna blikk

    Skriveoppgåver, spørsmål og arbeidsmåtar til den prisvinnande romanen Eit anna blikk av Erlend Skjetne.

    FN-sambandet (2023): Afghanistan.