• Blogg
  • Nynorsk for innvandrarar? Sjølvsagt!  

Nynorsk for innvandrarar? Sjølvsagt!  

24.08.2023

Nynorsk for innvandrar til nettside

Det er ein myte at det er vanskelegare for innvandrarar å lære nynorsk.

Tekst: Toril Kristin Sjo (Universitetet i Oslo) og Guro Kristin Gjøsdal (Nynorsksenteret) 
Foto: Ingvild Myklebust Hovden

Mange som skal lære nynorsk, vert meir motiverte når dei får lære om og forstår bakgrunnen til språket. I Noreg har språkmangfald høg status, og dialektar blir brukte overalt i det offentlege. Det er ikkje vanskelegare å lære nynorsk enn bokmål, viser forsking og erfaring frå feltet (Grimstad & Osdal, 2007, Fondevik & Osdal, 2018). Tvert om gir det moglegheiter i språklæring og integrering (Heide, 2017).

Dersom ein vert gjort merksam på at nynorsk er eit funksjonelt og levande skriftspråk som kan brukast i alle samanhengar, vil det også vere enklare å ta det i bruk. Vi håpar at de som er lærarar for innvandrarar, er eller kan bli merksame på dette, og bli inspirerte til å drive god nynorskundervisning. 

Her går vi gjennom nokre påstandar du som lærar kan møte på i fleirkulturelle klasserom.

Påstand 1: Det er meir krevjande å lære nynorsk enn bokmål.  
Det kjem an på kva perspektiv du har. Nynorsk er lettare å lære dersom ein bur i område der dialekten er nynorsknær, og nynorsk er i vanleg bruk som hovudmål i opplæringa og i samfunnet. Nynorsk er meir regelrett og er basert på det munnlege språket. Men bokmål blir ofte oppfatta som lettare fordi det er mykje meir tilgjengeleg i storsamfunnet. 

Påstand 2: Skriftspråket nynorsk er eit lite språk, eit lite brukt språk, og berre eit regionalt språk.  
Nynorsk er blant dei 200 største av dei 7000 språka i verda (Haugan, 2018). Det er dobbelt så stort som islandsk. Dialektar som er nynorsknære, er ikkje rekna med. Nynorsk er eit offisielt og nasjonalt språk som blir brukt i heile landet, og som gjer det enklare å forstå dialektar nasjonalt. Dei som har lært nynorsk, forstår lettare dialektar. Vi møter dette språkmangfaldet i kvardagen, både i storbyar og på mindre stader. Når du kan nynorsk, har du ein kompetanse som mange i majoriteten ikkje har! Dette gjev moglegheiter.

Påstand 3: Ingen snakkar nynorsk.
Det går heilt fint an å snakke normert nynorsk talemål. Det gjer mellom anna lærarar og innlærarar i språkopplæring, journalistar, skodespelarar og andre (Hauge, 2021).  

Påstand 4: Nynorsk er ikkje eit akademisk språk.
Nynorsk er førebiletleg når det kjem til effektiv og god språkføring og klart språk (Kunnskapsdepartementet. 2023). Noko av det vi liker best ved nynorsk, er det munnlege førebiletet; kort, klart og konsist i alle samanhengar.  

Påstand 5: Det er ikkje tilstrekkelege ressursar for målgruppa.
Det er tilstrekkelege og gode ressursar tilgjengelege for god nynorskopplæring til målgruppa, men ikkje nok. Med bruk og krav arbeider vi for at ressursar på nynorsk berre skal bli betre. Saman får ein gjort meir enn åleine, og faglege fellesskap der ein kan samarbeide om og dele utviklingsarbeid og ressursar, kan styrke og lette arbeidet for alle.   

Innlærarar som lærer nynorsk, får ein brei og heilskapleg norskkompetanse som ligg tett opp til dialektar i lokalsamfunnet og storsamfunnet. Denne utvida språkkompetansen er gull verd i integrering.

Kjelder:

Fondevik, B. & Osdal, H.R. (2018). Norsk som andrespråk = bokmål? I Gujord, A. H. & Randen, G.T. (red.). Norsk som andrespråk – perspektiver på læring og utvikling. Cappelen Damm Akademisk.     

Grimstad, B.F. & Osdal, H.R. (2007). Nynorsk i andrespråksopplæringa. Arbeidsrapport nr. 210. Høgskulen i Volda.  

Haugan, J. (2018). Framtida.no. Visste du at det finst rundt 7000 språk i verda?

Heide, E. (2017). Det norske språkmangfaldet og opplæringa i norsk som andrespråk. I Norsklæreren. Landslaget for norskundervisning.  

Hauge, P.L. (2021). Noregs Mållag. Dialekt og normert nynorsk talemål – ja takk begge delar!

Kunnskapsdepartementet (2023). Frå ord til handling. Handlingsplan for norsk fagspråk i akademia.