Før- og etterarbeid til Blindsone

Framsyninga Blindsone tek utgangspunkt i ungdomsromanen Eit anna blikk av Erlend Skjetne og fokuserer på representasjon, språk og definisjonsmakt. Desse omgrepa skal klassen mellom anna få gå i djupna på i undervisningsopplegget. I læringsopplegget tek elevane i bruk ein tverrfagleg og temabasert metode for å utforske ulike tema i dramaet.

Vi møter Anwar og Walid, to mindreårige afghanske flyktningar på eit flyktningmottak i Nord-Noreg. Vi blir kjende med gutane og deira syn på forteljinga om dei. Dei spør seg: Kven har definisjonsmakta og fortel historiene? Kvar er blindsonene i samfunnet vårt? Hiphop-sjangeren er sentral i framsyninga.

Framsyninga Blindsone er ein DKS-produksjon laga på oppdrag frå Møre og Romsdal fylkeskommune. Framsyninga er produsert av Nynorsk kultursentrum i samarbeid med Guro Kristin Gjøsdal ved Nynorsksenteret, regissør og manusansvarleg Mine Nilay Yalcin og skodespelarane og musikarane Jahanger Ali og Samir Madad.

Dersom de ønsker å lese romanen, er her framlegg til korleis ein kan arbeide med Eit anna blikk før eller etter framsyninga:

Eit anna blikk kvadrat
Arbeid med romanen Eit anna blikk

I dette undervisningsopplegget skal elevane nærlese ungdomsromanen Eit anna blikk (2021) av Erlend Skjetne. Elevane svarer på tenke- og hugsespørsmål til romanen undervegs, skriv ein kreativ tekst som ligg nært opp mot romanen i tematikk, og reflekterer saman i grupper om sentrale spørsmål. Perioden blir avslutta med ein fagsamtale. 

Guro Kristin Gjøsdal skreiv ein artikkel om Blindsone til bladet Nynorskopplæring. Her kan du lese «Meir Nynorsk gjennom Blindsone». 

Blindsone Foto Nynorsk kultursentrum5 jpg 1 komprimert til nettside
Foto: Nynorsk kultursentrum