Lærarrolla i møte med Den kulturelle skulesekken (DKS)
31.01.2022
Hybrid/Sample-mennesket er ei framsyning som kombinerer samtidsdans, hiphop og slam med fellesnemnarane kamp, motstand og løvetann-filosofi. (Foto: Eirik Brenne Torsethaugen)
Du har fått hovudrolla! Som lærar legg du til rette for at eleven skal få mest mogleg ut av eit besøk av Den kulturelle skulesekken (DKS). No blir det også satsa på meir nynorsk i DKS. Vil du ha nokre tips om korleis du best kan ta vare på rolla di?
Tekst: Guro Kristin Gjøsdal
Alle møte med kunst og kultur er unike. Saman med kunstnarar og produsentar i DKS er du med på å gi elevar opplevingar som set spor. Danning og utdanning er dei to samfunnsoppdraga i skulen. Mange opplever at Den kulturelle skulesekken er eit godt og nyttig verktøy innanfor danning. Verdien av kunst møter verdigrunnlaget i opplæringa, og DKS-ordninga bidreg til ulike perspektiv og metodar for læring.
Den kulturelle skulesekken er tverrfagleg og tverrestetisk, og ordninga bygger opp om mangfaldsamfunnet. I DKS-produksjonar kan du møte dei tverrfaglege temaa folkehelse og livsmeistring, demokrati og medborgarskap og berekraftig utvikling.
Den kulturelle skulesekken er ei ordning som gir eleven rett til å bli eksponert for kunst og kultur uavhengig av kvar ein bur, kva slags klassebakgrunn ein har, og kven foreldra til eleven er. Det er ei demokratisk ordning som gjer at barn og unge vert eksponerte for språk og kultur dei kanskje ikkje ville ha valt sjølve.
Målet med Den kulturelle skulesekken er at ordninga skal vere ein ressurs for å nå målsettingane i skulen. Dette gjeld både i den overordna delen av læreplanen og i formåla i dei ulike faga. I Stortingsmelding nr. 8 kan vi lese at DKS-produksjonar kan vere med på å styrke medvitet om kunst og kultur i opplæringa. Her les vi også at arbeidet med Den kulturelle skulesekken skal skje i eit samarbeid mellom kultur- og opplæringssektoren. Meldinga seier at det skal sikrast god forankring og tid til planlegging i skulen. Opplæringssektoren har ansvaret for å legge pedagogisk til rette når det gjeld for- og etterarbeid til elevane, medan kultursektoren har ansvaret for kulturinnhaldet og for god informasjon til rett tid.
Skuleleiarar har det overordna ansvaret for å knyte DKS opp mot LK20. Skuleleiaren har ansvar for at det er kvalitet i opplæringa. Dette viser mellom anna att i læringsresultata til elevane, men møte med kunst og kultur skapar også rom for djupnelæring, sosial læring og tverrfagleg arbeid.
Kulturkontakten på skulen er bindeleddet mellom DKS og skulen, DKS-administrasjonen og kommunen. Som lærar har du ei viktig rolle for at DKS-besøket på skulen vert så bra som mogleg. Det viktigaste er å vere engasjert og til stades og å førebu klassen på kven som skal kome. Du kan også vise ein filmsnutt av produksjonen (der det finst), og bruke bakgrunnsmaterialet som er tilgjengeleg frå Den kulturelle skulesekken. Å passe på å legge godt til rette for besøket og gi utøvarane ein varm velkomst, er sentralt. Målet er å legge til rette slik at kunstnaren, eleven og det som skal formidlast får eit godt møte. Å bruke for- og etterarbeidet til produksjonen eller temaet i undervisninga legg til rette for djupnelæring. Dersom du har spørsmål om produksjonen som skal kome til klassa di, er du velkomen til å ta kontakt med kontaktpersonen for produksjonen.
Det viktigaste er å vere engasjert og til stades, og å førebu klassen på kven som skal kome. Å passe på å legge godt til rette for besøket og gi utøvarane ein varm velkomst er sentralt.
Undervisningsopplegg
Mange produksjonar i Den kulturelle skulesekken er det knytt undervisningsopplegg til. Opplegget finn du i informasjonen om produksjonen på nettsida www.denkulturelleskolesekken.no. Denne informasjonen skal kulturkontakten distribuere. DKS i fylka og lokalt har ressurssider som kan vere til støtte for læraren. Her kan du finne konkrete tips om korleis produksjonar kan knytast opp mot undervisning, eller du kan finne meir generelle tips. Nokre fylke har utarbeidd lærarrettleiingar for alle trinn for å gjere det så enkelt som mogleg å tilpasse undervisningsopplegg til klassa di. Ei slik rettleiing skal gi eksempel på korleis kunstmøtet kan koplast til arbeid med læreplanen, grunnleggande ferdigheiter og fag.
Nynorsk i Den kulturelle skulesekken
Noreg har to likestilte språkformer. Dette er noko ein ønsker å legge meir vekt på i DKS. Saman med Nynorsksenteret, Kulturtanken og fylka Vestland, Møre og Romsdal, og Vestfold og Telemark har satsinga Meir nynorsk i DKS blitt etablert. Målet med ordninga er å auke mengda prosjekt der nynorsk vert opplevd som relevant, representativt og for alle elevar, både dei som har nynorsk som hovudmål og dei som har det som sidemål. Dette er sjølvsagt ei nasjonal satsing.
Ein nynorsk produksjon i DKS er ein produksjon der alt skriftleg er på nynorsk, til dømes manus og skriftleg materiell. Nynorsk kan vere representert i alle kunst- og kulturuttrykk, i digital formidling og analog formidling, til dømes nynorsk manus for produksjonen, nynorske bøker, songar eller nyskrivne tekstgrunnlag. Ved å løfte nynorsken i DKS gir ein barn og unge moglegheit til å kjenne seg heime i det nynorske skriftspråket. Eit moderne nynorsk er eit skriftspråk fylt med identitet og maktkritikk. Som lærar er du ein rollemodell også innanfor opplæring i nynorsk. Å ha innsikt i kvifor nynorsk er ein viktig del av opplæringa, gir grunnlag for sunne haldningar til språket.
Som lærar er du ein rollemodell også innanfor opplæring i nynorsk. Å ha innsikt i kvifor nynorsk er ein viktig del av opplæringa, gir grunnlag for sunne haldningar til språket.
Verdien i kunst og kultur
Ulik forsking og erfaring viser at det er mange verdiar knytte til kunst og kultur. Det blir hevda at ein kan endre verda med kunst. Kunst og kultur kan trøyste og varme eller påverke hardt. Kunst og kultur kan lære eleven noko som læremidla på skulen ikkje kan. Musikk og dans har eit «språk» som alle kan relatere seg til, og kunst og kultur bidreg sterkt til å utvikle identitet og tilhøyrsle.
Dei praktiske og estetiske faga i skulen
LK20 understrekar at elevar skal utfalde skaparglede, engasjement og utforskartrong. Dei skal også lære å uttrykke seg gjennom estetiske uttrykksformer, leik og praktiske aktivitetar. Læraren har innverknad på skulekvardagen til born. Å sjå verdien av praktiske og estetiske fag, kunst og kultur, byggjer opp under ansvaret for god fagleg og pedagogisk kvalitet i opplæringa. God innsikt og bevisste haldningar kring barn og unge sitt møte med Den kulturelle skulesekken og nynorskopplæring er eitt steg i rett retning innanfor denne tematikken.
Visste du at?
- I 2019 gjekk 823 245 elevar i den norske skulen
- I gjennomsnitt fekk kvar elev 3,1 kunst- og kulturmøte gjennom Den kulturelle skulesekken
- Alle skulane i landet får besøk av ordninga
- Det var 2,5 millionar deltakarar i DKS-framsyningar dette året
Kjelde: DKS Årsrapport 2019
Oversikt over produksjonar som er med i satsinga "Meir nynorsk i DKS":
- Sandra Kolstad (Elv på himmelen – elektronisk tonesetting av Jon Fosse-dikt)
- Good Time Charlie (Jubelblues)
- Belinda Braza og Charlotte Korrell (Hybrid/Sample-mennesket – kva har nynorsk og hip hop til felles? Alt!)
- Martine Grande (Ørn – animasjonsteater, kreativitet og verkstad)
- Geir Egil Eiksund (Kampen)
- Dordi Strøm (I dag er du kostymedesignar! – scenografi og kostymedesign)
- Nynorsk kultursentrum, Anders Totland og Richard Olsen (Skit eller kanel? – informasjonssamfunnet)
Kjelder:
- Kulturtanken, Den kulturelle skolesekken Norge: Ressursside for lærere
- Nynorsksenteret: Meir nynorsk i Den kulturelle skulesekken
- Lov om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova)
- Utdanningsdirektoratet: Læreplanverket