Meir nynorsk i Den kulturelle skulesekken
22.06.2021
Hausten 2020 blei det lansert ei ny ordning for å auke mengda av nynorske produksjonar i Den kulturelle skulesekken (DKS). Noreg har to likestilte språkformer, og det er ønskeleg at dette viser att i DKS-programmet.
Tekst: Trine Ruud Grønningen (Kulturtanken) og Guro Kristin Gjøsdal (Nynorsksenteret)
Foto: Firdaposten
Satsinga «Meir nynorsk i Den kulturelle skulesekken» er eit samarbeid mellom Kulturtanken, Vestland fylkeskommune, Vestfold og Telemark fylkeskommune, Møre og Romsdal fylkeskommune og Nynorsksenteret (Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa).
For skuleåret 2021 blei 207 nynorske produksjonar sende inn som forslag til DKS, av 2430 produksjonar totalt. Dette viser eit stort behov for produksjonar på nynorsk. Målet med ordninga er å auke mengda av prosjekt der nynorsk vert opplevd som relevant, representativt og for alle.
Ein nynorsk produksjon i DKS er ein produksjon der alt skriftleg er på nynorsk, til dømes manus og skriftleg materiell. Nynorsk kan vere representert i alle kunst- og kulturuttrykk, i digital formidling og analog formidling, til dømes nynorsk manus for produksjonen, nynorske bøker, songar eller nyskrivne tekstgrunnlag.
Forfattar og dramatikar Camara Lundestad Joof (Nationaltheatret, Kulturrådet, Det mangfaldige teater, DKS, Samlaget med meir) er med på å løfte fram prosjektet. Ho opponerte som ung mot nynorsk som sidemål. Ei openberring av språket viste henne at dette er eit språk fullt av kraft, kamp og opprør. Dette var nettopp det ho trong i arbeidet sitt! No brenn ho for meir nynorsk til barn og unge. Ho målber ein moderne og oppdatert nynorsk som ho meiner er eit skriftspråk fylt med identitet og maktkritikk.
Joof understrekar også haldningsansvaret som opplæringsfeltet har. Ho erfarer at nynorsk er eit politisk og revolusjonært språk, konstruert i Noreg. Dessutan meiner ho at kultur- og oppvekstfeltet ikkje er bevisst nok på å formidle dette språkperspektivet.
Nynorsk er ikkje berre eit fint skriftspråk og kultur. Det er kamp og identitet. Det er eit språk som er ditt. Som nokon har kjempa for at du skal ha. (Camara Lundestad Joof)
Den kulturelle skulesekken er ei ordning som gir deg rett til å bli eksponert for kunst og kultur uavhengig av kvar du bur, kva slags klassebakgrunn du har, og kven foreldra dine er. Joof hevdar at det er eit av dei mest demokratiserande prosjekta i Noreg. På denne måten gjer DKS at barn og unge vert eksponerte for språk og kultur dei kanskje ikkje ville ha valt sjølve. Og ved å løfte nynorsken i DKS gir ein barn og unge moglegheit til å kjenne seg heime i det nynorske skriftspråket.
Nynorsken er ei folkeleg rørsle og eit folkeleg fenomen – i korleis han høyrest ut, korleis han er konstruert, og det at sjølv om ein kjem frå ulike delar av Noreg, kan ein finne aspekt av seg sjølv i språket. (Camara Lundestad Joof)
I den første puljen kom det inn sytti søknader. Eit fagpanel vurderte det språklege potensialet i søknadane, før juryen valde ut dei sju som skulle få sjølve gullbilletten med økonomisk, fagleg og språkleg støtte. Etter lang tautrekking i fagpanelet og juryen var det desse som trekte det lengste strået: Sandra Kolstad (Elv på himmelen – elektronisk tonesetting av Jon Fosse-dikt); Good Time Charlie (Jubelblues); Belinda Braza og Charlotte Korrell (Hybrid/Sample-mennesket – kva har nynorsk og hip hop til felles? Alt!); Martine Grande (Ørn – animasjonsteater, kreativitet og verkstad); Geir Egil Eiksund (Kampen); Dordi Strøm (I dag er du kostymedesignar! – scenografi og kostymedesign); Nynorsk kultursentrum, Anders Totland og Richard Olsen (Skit eller kanel? – informasjonssamfunnet).
Dei som står bak satsinga, er samde om at elevar fortener at DKS legg fram prosjekt der nynorsk blir opplevd som relevant for alle, både dei med nynorsk som sidemål og dei med nynorsk som hovudmål. Prosjektgruppa, fagpanelet og juryen oppmodar dei som ikkje fekk støtte denne gongen, til å sende inn sine forslag til neste skuleår når DKS-portalen opnar 15. august. Du kan lese meir om prosjektet på nettsidene til Kulturtanken.