• Blogg
  • Tankar og ord, haldningar og handlingar

Tankar og ord, haldningar og handlingar

11.09.2024

Inghild

Lærar Inghild Lillebø-Voll ved Ørsta opplæringssenter viser tankar rundt demokrati og medborgarskap, og korleis dei har arbeidd med litteratur og teater i grunnopplæringa for vaksne. 

Tekst: Inghild Lillebø-Voll
Foto: Privat 

Vi hadde lese delar av Eit anna blikk av Erlend Skjetne, klassa eg er lærar for, og eg. I tillegg hadde vi fått oppleve teaterstykket Blindsone, regissert av Mine Nilay Yalcin med utgangspunkt i Eit anna blikk, i samband med Dei nynorske festspela. Arbeidet leidde til nye refleksjonar, både i klassa og i meg sjølv, og eg ynskjer å dele litt av dette her.

Som lærar får eg lov å vere tett på vaksne menneske som skal lære norsk, og eg får lære dei å kjenne. Som privatperson hadde eg ingen arena der eg naturleg møtte menneske med innvandrarbakgrunn før borna mine byrja i barnehagen. Eg har synst det har vore ein høg dørstokk, eller at det av ein eller annan grunn ikkje har vore mynta på meg når det har vore ulike arrangement med vekt på kulturutveksling. Eg har vore redd for å ikkje forstå, ikkje bli forstått, bli utfordra på ting eg er uttrygg på, og ikkje vite kva eg skal seie eller gjere. Sidan eg har hatt det slik, vil eg tru det kan gjelde fleire. Eg er, og har så lenge eg kan hugse, vore positiv til innvandring, integrering og inkludering, men eg har ikkje visst heilt korleis eg skal gjere det. Korleis kan vi saman gjere det enklare for alle å bidra til dette?

Ein kan vere positiv til innvandring og integrering, men mangle førstehandskjennskap til korleis livet i eit mottak er. Eller livet i ein innvandrarheim. Det er ikkje nok å seie at ein ikkje er rasist, ein må vere antirasist. Ein må vise det i handling, stå opp for kvarandre. Det er ikkje nok å seie at ein er for innvandring, integrering og inkludering. Ein må snakke saman, invitere, vere interessert, tore å ikkje forstå. Vi integrerer oss, du kan ikkje integrere deg sjølv. Dette gjeld menneske frå ulike samfunnslag, religionar, land, kulturar, idrettar, interesser og menneske med ulike språk. 

Eit anna blikk
Romanen Eit anna blikk av Erlend Skjetne.

Klassa eg er lærar for, er vaksne innvandrarar som lærer norsk, og før sommaren var dei elevar på nest siste året i grunnskule for vaksne (no FOV). På seinvåren vart eg kjend med romanen Eit anna blikk og vart tipsa om teaterstykket Blindsone. I korte trekk handlar romanen om to unge menn som bur i eit mottak ein liten stad i Nord-Noreg, og livet som innvandrar i mottak. I samråd med Nynorsksenteret fekk eg kunnskap om at det var snakk om mykje tekst, både i boka og teaterstykket, og vi var i tvil om utbyttet. Vi sette likevel i gang med lesinga med vekt på nokre delar av boka og erfaringa det er å lese ei bok som vidare vert dramatisert. 

I arbeidet med å lese første del av romanen nytta vi fleire av oppgåvene som ligg på Nynorsksenteret sine nettsider. Vi såg på og snakka om omslaget til boka, tittelen, laga oversikt over dei ulike personane i boka, og prøvde å forstå. Det er ei bok med eit rikt språk, leik i språket og humor knytt til misforståingar. Det krev kunnskap om og forståing for språk, kultur, klima, forventningar og relasjonar for å få med seg alt. Kanskje på same måte som det er å kome inn i ei gruppe med anna kultur, eller eit land med eit anna språk. Alle får noko ut av det, men det tek tid å få med seg alt. Kanskje skjer det aldri. 

Blindsone Foto Nynorsk kultursentrum4 til nettside
Eit glimt frå framsyninga Blindsone. (Foto: Mari Tveiti, Nynorsk kultursentrum)

Me skulle også bu oss til teaterframsyninga Blindsone, og nytta tid til å samtale om tittelen og å samanlikne dei to titlane. Dette var svært givande arbeid, og vi nytta morsmål i refleksjonsarbeidet for å få fullt utbytte av den samla kunnskapen. I omtalen til arrangementet var det stilt spørsmål ved kven som har definisjonsmakta av korleis andre sin situasjon er eller bør vere. Kven kan definere korleis eg har det eller bør ha det? Dette var spørsmål alle hadde gjort seg tankar om, og som gav oss ei forventing av kva vi ville møte i teaterstykket. Vi gjekk inn i teaterstykket med ei forståing av titlane, kjennskap til personane i boka, at dei budde i eit mottak, og at teaterstykket ikkje var ei attgjeving av romanen, men heller ein kommentar til han. Scenografien i teaterstykket er utforma på ein slik måte at han visualiserer teksten, og gjer at publikum må forhalde seg til noko av det boka tek opp, Samstundes som vi er tilskodarar, er vi midt i situasjonen. Som publikummar er du inne i veggane i eit mottak. Du ser det som hender, både frå utsida og frå innsida, men heile tida frå der du er. Du kan aldri skjøne eller definere eit anna menneske fullt ut. 

Kva er så blindsonene i samfunnet vårt? Kva er det vi ikkje legg merke til, og kva er det vi ikkje snakkar om? Er det mest kraftfullt om kvar enkelt reflekterer over og prøver å finne svar på dette? Dersom du oppdagar ei blindsone, prøv å finne ut kva som er der, eller fyll ho med meining. 

Eit anna blikk kvadrat
Arbeid med Eit anna blikk

Skriveoppgåver, spørsmål og arbeidsmåtar til den prisvinnande romanen Eit anna blikk av Erlend Skjetne.