Kunst- og uttrykksmetodar for språk og livsmeistring
04.01.2024
Frå venstre: Freweini Tareke Tadel, Sesayt Tesfahans Legese, Abdulrahman Mohammad Naji Sawas, Jorunn Torheim Vik (kontaktlærar), Hanan Mahmoud Ibrahim, Millen Gebretnsae, Milashu Zerae Tewelde og Guro Kristin Gjøsdal (Nynorsksenteret) er blant deltakarane i utviklingsprosjektet. (Foto: Meseret Weldeyesus Tedla.)
Det er mange krav når flyktningar går mot grunnskuleeksamen i vaksenopplæringa. Kva kan kunst- og uttrykksmetodar gjere for nynorskopplæring og livsmeistring i ein slik situasjon?
Teksten er skriven av Guro Kristin Gjøsdal ved Nynorsksenteret. Han skildrar eit utviklingsprosjekt på 9. trinnet ved Volda læringssenter.
Sidan 2006 har eg arbeidd som lærar i mellom anna norskfaget og kunstfaga. Før dette hadde eg utdanning og erfaring innanfor helsefag. Eg har fått møte mange menneske ulike stadar og i ulike stadium i opplæringsfeltet. Eg har kjent på barrieren som kan vere mellom oss og lærestoffet på grunn av stress og kjensla av høge krav. Særleg er dette tydeleg i arbeid med vaksne flyktningar, der traume også kan vere ein meir tydeleg faktor, i tillegg til språkbarrieren. Tverrfaglege tema i LK20 er folkehelse og livsmeistring, demokrati og medborgarskap, og berekraftig utvikling (Utdanningsdirektoratet, 2023). Som sertifisert leiar i kunst- og uttrykksmetoden EXIT (Expressive Arts in Transition) (Meyer, Jakobsen, Wentzel-Larsen & Heir, 2017), ser eg moglegheita til å kombinere god nynorsk andrespråksopplæring og ein metode til støtte mot stress og traume. Eit slik tverrfagleg utviklingsarbeid har eg utført på 9. trinnet ved Volda læringssenter. Eg har samarbeidd med lærar Jorunn Torheim Vik og student og musikkpedagog Ingrid Vik Henriksen.
9. trinnet består av ni kvinner og to menn i alderen 18 til 40 år frå Eritrea, Syria og Sudan. I undervisninga nyttar vi språka (ny)norsk, tigrinja, arabisk og noko engelsk kontrastivt. Føremålet er å utvikle nynorsk som andrespråk, omgrep og kommunikative eigenskapar knytte til heilskapleg helse og demokratiske prosessar. Dette kan bidra til at deltakarane oppnår forståing og ser samanhengar tverrfagleg. Estetiske læreprosessar og etikk er også eit sentralt tema i denne prosessen.
Vi har hatt ti samlingar der kvar av dei har vore tre skuletimar. Metoden har fem tema som vert repetert to gongar. Oppvarming og avslutning er alltid det same. Metoden fungerte godt i klasserom/lokale som eignar seg for fysisk og kreativ utfalding, og som har tavle og smarttavle tilgjengeleg.
EXIT-metoden
Ordet exit vert i denne samanhengen forstått som ein overgang frå ein livssituasjon som kan kjennast fastlåst, til å oppdage nye moglegheiter og ressursar som allereie bur i ein og som kan fungere i ein ny samanheng (Meyer, Jakobsen, Wentzel-Larsen & Heir, 2017). Metoden er eit prosessbasert gruppearbeid som set lys på individet og verdien av å vere i ei gruppe. Han tek utgangspunkt i kunst og uttrykksmetodar, der leik og evna til å sjå føre seg er sentralt. Målet med metoden er å gi kunnskap og verktøy til å handtere stressymptom etter traumatiske hendingar som flukt, krig, naturkatastrofar, sjukdom og andre livskriser. Metoden ønsker å skape rørsle fysisk, psykisk, eksistensielt, relasjonelt og kreativt. Dette vert gjort systematisk gjennom læreprosessar knytte til språkopplæring og kunstfaga. Evna til ro, stabilitet og eigenomsorg er naturlege tema i arbeidet med metoden. Han er dialogisk, og metoden støttar opp om identitet og mangfald.
EXIT-metoden er inspirert av mellom anna John Dewey sin teori om at kunnskap og handling er gjensidig avhengige av kvarandre (Waks & English, 2022). Han er psykoedukativ, og erstattar ikkje kontakt med lege ved alvorleg eller langvarig problematikk. Det er ein forskingsbasert metode utvikla av Melinda Ashley Meyer, i samarbeid med NIKUT, USN og Nasjonalt kunnskapssenter om vold og traumatisk stress (UiO) (Dahl, Sveaass & Varvin, 2006). I november 2023 tok Meyer imot kongens fortenestmedalje for forskings- og utviklingsarbeidet sitt innanfor kunst- og uttrykkskommunikasjon.
Innhald med nynorsk som andrespråk
Vi arbeider i hovudsak i ein gruppesirkel. Sirkelen er her eit symbol for tilhøyrsle, demokrati og medborgarskap. Lokalt, nasjonalt og globalt. Biletleg kan sirkelen fungere som eit trygt moglegheitsrom der positiv endring kan skje. Andre bilete som forklarer kva sirkelen kan vere for individet og gruppa, er eit brannsegl, og ei tønne som treng å vere tett og god for å ta vare på innhaldet. Ein sirkel har ikkje ei byrjing eller ein slutt. Den kan symbolisere heilskap og samhald. Sirkelen set rammer og samlar.
Dei som lærer (ny)norsk som andrespråk er ofte ei samansett målgruppe. Det ein har til felles, er relativt kort tid til å tileigne seg tilstrekkelege ferdigheiter i norsk til å delta i vidare utdanning og yrkesliv. Mange har lite formell skulegang frå tidlegare og lite skriftspråklege ferdigheiter. Dette stiller store krav til opplæringa i språk og fag. Opplæringa bør ta utgangspunkt i deltakarane sine erfaringar, kunnskapar og ferdigheiter og ha meistring og myndiggjering som mål (Kjelaas & van Ommeren, 2022). Arbeidet med metoden teksten skildrar, gir inspirasjon til korleis ein kan arbeide tverrfagleg med språkutvikling, omgrepslæring og tekstskaping ved hjelp av kunstfaga og det tverrfaglege temaet folkehelse og livsmeistring. Det er mange i vaksenopplæringa som lærer nynorsk som andrespråk. Denne metoden tek sikte på å gi eit didaktisk grunnlag for god undervisning i nynorsk, estetiske læreprosessar og temaet folkehelse og livsmeistring.
Korleis kan ein gjennomføre metoden?
Kvar samling – start
- Velkommen (namn og rørsle)
- Sosiometri (måling av sosiale relasjonar, gruppestruktur)
- Klarrunde (tilstadevering)
- Barometer (1–10) – korleis kjenner du deg ved start/slutt av kvar økt (bevisstgjering psykosomatisk)?
- Pust og grunningsøvingar – enkel fotmassasje
- Sirkulasjon av alle ledd
- Avspenningsøving
- «Tarzan» (stemme og rørsle)
- Nei og ja-øving (grensesetting, opne opp for det positive og sunne)
- Bli kvitt «gruff» (tankar, kjensler, kropp)
- Utviding av det mentale rommet
- Til fossen (ei reise i fantasien)
Tema
- Samling 1 og 6: Vekevisjon og aktivitet du liker
Kontrakt
Konvolutt å samle arbeid i - Samling 2 og 7: Trygt landskap
Rørsle og fantasi
Teikne/måle - Samling 3 og 8: Kor er du om X år?
Framtidsvisjon og strategi. - Samling 4 og 9: Kraftdyret
Rørsle og fantasi
Teikning, form, farge - Samling 5 og 10:
Fellesteikning/måling
Diplom til CV
Feiring - Alle samlingar: Nynorsk som andrespråk (didaktikk)
- Kontrastiv undervisning
Kvar samling – slutt
Barometer (1–10)
- Kva tek du med vidare frå samlinga?
- Heimearbeid og mellomarbeid norskfagleg
- Korleis kan gruppemedlemene støtte kvarandre? Gjere avtalar.
- Ha det bra! (namn ogrørsle)
Evaluering
Mennesket er eit sosialt vesen med ei medfødd skapande kraft. Stress og traume forandrar kroppen, påverkar sjølvkontrollen og svekker evna til å kjenne glede, engasjement og tillit (van der Kolk, 2021). Den aktivt deltakande og fenomenologiske metoden ønsker å vekke denne evna til liv. Eitt år etter at utviklingsprosjektet starta, erfarer deltakarar og lærarar at metoden bidreg til kunnskap om språk, helse og relasjonar, kvar for seg og i ein samanheng. «Eg har fått eit auka heilskapleg medvit om meg som menneske, og korleis eg er ein del av eit samspel og samanheng med dei og det som omgir meg», seier Nour Zeid Faraj. «Eg vart overraska over at eg skulle kjenne slik på glede, latter og humor. Eg opplever å vere veldig i mitt eige hovud her i Noreg og i vaksenopplæringa. Gjennom kunst- og uttrykksmetodane, og språklæringa knytt til dei, opplever eg å kjenne på liv og rørsle fysisk, psykisk, relasjonelt, sjeleleg og kreativt. Metoden arbeider fram eit trygt rom for både læring, glede og sorg. Eg kjenner kva som betyr noko for meg.»
For Sesayt Tesfahans Legese er håp sentralt etter prosjektet. «Det har blitt meir tydeleg for meg kva eg vil arbeide fram mot, og korleis eg kan bringe fram styrken eg treng for å nå mål og draumar.» Freweini Tareke Tadel har fått stadfesta at ressursar ho har med frå eigen kultur og erfaring, kan brukast og utviklast også her i Noreg. «Eg kjem frå ein bondekultur der eg er vand til å arbeide hardt over tid. Eg liker ein slik type arbeid og fellesskapet med folk, plantar og dyr.» Hanan Mahmoud Ibrahim får tårer i augo når ho snakkar om kor viktig det er å ha respekt for kvarandre. Dette er ein verdi ho har med seg frå eigen kultur og oppvekst, og som ho vil legge vekt på også i Noreg.
Anwar Abdalla Yagoub er engasjert av formålet og kunstopplevingane i prosjektet. «Demokrati er ein djup verdi som er sårbar og må takast godt vare på. Eg opplever også at integrering er eit felles ansvar. Eg drøymer om å kunne gå inn på kafear her i lokalmiljøet. Høyre nokon seie namnet mitt, be meg til bords. Slik hadde eg det i lokalmiljøet i Sudan. Det var rikt.»
Utviklingshistoria til Jorunn Torsheim Vik (kontaktlærar):
Utviklingsprosjektet var ei ny oppleving for deltakarane ved at dei skulle bort frå pulten, ut på golvet og inn i sirkelen. Verkeleg sjå og lytte til seg sjølv og kvarandre, og finne eigne ord, omgrep og setningar om temaa som det blei sett lys på. Metoden var tydeleg forankra i dagens læreplan.
Deltakarane blei utfordra ved å bevege seg i rommet, innanfor sirkelen, individuelt og som gruppe. Deltakarane skulle finne eigne uttrykk og spegle andre sine uttrykk. Eg hugsar dei meir sjenerte kroppane i starten av prosjektet. I tillegg til kunstfaga bruker metoden lesing, skriving, munnlege og nokon digitale ferdigheiter i arbeid med stress og traume. Metoden skjer i sirkelen, og dette opplever eg positivt ved at alle ser kvarandre og ein kjenner på likeverd. Vi blei trygge på at «det som skjer i sirkelen, blir i sirkelen».
Når ein arbeider med til dømes barometer, kan ein bevisstgjere seg sjølv og andre på korleis ein har det i dag, utan å gå inn på tema. Ein kan snakke om korleis graden av 1 kjennest ut i kroppen, kor kjensla av graden 1 sit. Ein erfarer også at metoden gjer at barometeret endrar seg positivt, og at korleis ein har det, ikkje er konstant. Dette er med på å normalisere og gi håp til utfordringar med stress og traume. Eg opplever også at metoden gir håp til demokrati- og integreringsprosessen.
9. trinnet er ei gruppe som ønsker kvarandre vel. Arbeidet med metoden har gjeve trivsel og velvære, og eg trur han har ført dei og oss nærare kvarandre. Fasade og sosiale normer kan vere meir eller mindre rigide for målgruppa eg arbeider med. Å snakke og skrive om kjensler kan vere uvant, også på eige språk. Dette skil seg sjølvsagt frå person til person, og frå kultur til kultur.
I metoden er alle i same aktivitet. Som lærar opplever eg gong på gong det viktige ved fysisk aktivitet og kroppsleg læring, også for lesing, skriving, munnlege og digitale ferdigheiter. Det er lett å bruke meir tradisjonelle læremetodar der elevane tek imot meir enn dei bidreg. Dette er også ein kontekst som deltakarane er vante med frå eigne heimland. Han er nok ikkje så effektiv alltid, men krev mindre rammer. Læreplanen gir moglegheiter til tverrfaglege metodar og djupnelæring som fremjar lærelyst.
Eg erfarer at det universelle ved leik og evna til å sjå føre seg gjer det lettare å tileigne seg ord, omgrep og å setje saman setningar. Det verkar som om leiken gjer det lettare å kommunisere tankar og kjensler. Kroppen er allereie i gang. Og der kjem språklæringa også! Rørsle innanfor rammer for læring er positivt. Eg har fått mange metodiske tips til ulike behov i prosjektet, heilskapleg eller i delar. Metoden har eit heilskapleg perspektiv.
Utviklingshistoria til Ingrid Vik Henriksen (student og musikkpedagog):
Eg var i praksis ved Volda læringssenter då utviklingsprosjektet vart gjennomført. Eg studerte rettleiing, og var også i avsluttande fase av ein mastergradsoppgåve om kva funksjon, innhald og meining song kan ha i grunnopplæringa, også innanfor danning, samhandling og heilskapleg helse. Å delta i denne metoden på 9. trinnet i vaksenopplæringa har gitt meg fleire perspektiv og erfaringar til fagleg og mellommenneskeleg refleksjon.
EXIT inneheld element av alle kunstformene, og eg ser at song i enkle strukturar høyrer heime i metoden. Vi nytta voggesongar og folkesongar på nynorsk og dei andre hovudspråka i gruppa. Pust, stemme, tilstadevering og å finne sin plass heng saman med identitet og mangfald, og metoden tek i vare denne forankringa og fellesskapet. Eg har fått med meg konkrete verktøy frå øktene, særleg innanfor visualisering, som eg no har teke i bruk. Metaforen kring helten si reise og eventyrsjangeren i EXIT-metoden set eg også i parallell med eige arbeid fram mot mastergrad. Kunsten kan vere ein stad å utforske kollektiv identitet og samhandling.
Metoden gir ord og omgrep til psykosomatiske plager, som kan nyttast i dialog med helsevesenet til dømes. Å kunne seie korleis ein har det, bidreg til demokrati og medborgarskap.
Tid til eksistensielle og estetiske utviklingsprosjekt slår meg som veldig verdifullt og nyttig, og særleg for denne målgruppa. Eg ønsker det blir meir prioritert. Vi veit at ein må vere mottakelege for læring for at læring skal skje. Her møter vi vaksne med erfaring og meistring, men forholda for læring er ikkje alltid tilstrekkeleg på plass. Rammefaktorane er samansette, og å lære noko nytt er krevjande der det er stress og traume tilstades. Metoden krev ein tydeleg og varm rettleiar. Her møtest vi som menneske med universelle behov, og vi lærer også å sette grenser. Vi kommuniserer med kunst og uttrykk – som er språk i seg sjølv, og eg erfarer at kroppsleg, verbalt og visuelt språk bidreg og aktiverer til norsk språk, som også har ein estetisk dimensjon. Det har vore spennande å vere ein del av dette utviklingsprosjektet, også fordi metoden har eit estetisk perspektiv på rettleiing, samtale, skriftleg og munnleg arbeid på nynorsk som andrespråk.
Oppsummering av Guro Kristin Gjøsdal
Å utvikle trygg språkidentitet og språkbruk støttar opp om heile mennesket. Å ta vare på og å vidareføre det nynorske språket handlar også om å høyre til. Nynorsk får betydning for nye brukarar og er med på å motverke utanforskap. Nynorsk i vaksenopplæringsfeltet er også eit demokratisk prosjekt. Det er ønskeleg at nynorsk skal vere ei folkeleg rørsle og eit folkeleg fenomen – og at sjølv om ein bur i ulike delar av Noreg og kjem frå ulike delar av verda, kan ein finne og bygge aspekt av seg sjølv i språket. Lærarprofesjonen bygger på to universelle grunnverdiar: menneskeverd og menneskerettar, respekt og likeverd (Utdanningsforbundet, 2023). EXIT-metoden bygger opp om potensialet i individet, å kunne utføre og nå mål, og å vere ein del av eit fellesskap. Vaksenopplæringa har eit prioritert fagtilbod. Det norske språket er i alle fag. Å kunne bruke varierte uttrykksmetodar og arbeide tverrfagleg og estetisk er med på å vareta fleire funksjonar for læring.
Gruppa og underteikna har presentert utviklingsprosjektet under Forskingsdagane 2023 ved Høgskulen i Volda.
Dikt
Å nytte kunstformer i undervisninga kan vere med på å opne opp lærestoffet og kontakten med seg sjølv, andre deltakarar, og omverda. I prosjektet er mellom anna diktet «Hjartet mitt» av Ruth Lillegraven (2016) nytta nynorskdidaktisk, saman med rørsle/dans, musikk, teikne-, måle- og skriveoppgåver.
Tips til oppgåver:
- Arbeid i eit læringspar (trygt og tilpassa): Teikne omrisset av kroppen din på eit langt gråpapir. Kor sit gleda i kroppen din? Kva farge, mønster og omgrep har den kjensla? Kor sit forventingar? Kva farge, mønster og omgrep har den kjensla? Skriv ned kroppen sin beskjed til deg. Dette kan gjerast i dikt-, brev- eller dagbokform. Du kan bruke morsmålet som støttespråk til nynorsk. Del med læringspartnaren din munnleg.
- Skriv eit brev / ein sms til ein du er glad i, på nynorsk. Skriv kor du er i livet no, og kva du er takksam for, til dette mennesket.
Tilleggsressursar grunnskule vaksenopplæringa:
Med tilpassingar til målgruppa og deltakaren:
-
Referansar
Referansar
Dahl, S., Sveaass, N., & Varvin, S. (2006). Psykiatrisk og psykososialt arbeid med flyktninger – Veileder. Nasjonalt kunnskapssenter om vold og traumatisk stress.
Kjelaas, I., & van Ommeren, R. (2022). Andrespråksopplæring for nyankomne ungdommer. Tilnærminger for mestring og myndiggjøring. Fagbokforlaget.
Kolk, B. van der. (2021). Kroppen holder regnskap. Hjerne, kropp og sinn i behandling av traumer. (2021. utg.). Flux Forlag AS.
Lillegraven, R., & Kanstad Johnsen, M. (2016). Eg er eg er eg er: Dikt for barn. Samlaget.
Meyer DeMott, M. A., Jakobsen, M., Wentzel-Larsen, T., & Heir, T. (2017). A controlled early group intervention study for unaccompanied minors: Can Expressive Arts alleviate symptoms of trauma and enhance life satisfaction? Scandinavian Journal of Psychology, 58(6), 510–518.
Utdanningsforbundet (2023, 13. november). Lærerprofesjonens etiske plattform. Henta frå: https://www.utdanningsforbundet.no/larerhverdagen/profesjonsetikk/
omprofesjonsetikk/larerprofesjonens-etiske-plattform/Utdanningsdirektoratet (2023, 8. november). Overordnet del. Tverrfaglige temaer. Henta frå:
https://www.udir.no/lk20/overordnet-del/prinsipper-for-laring-utvikling-ogdanning/tverrfaglige-temaer/?lang=nobWaks, L. J., & English, A. (Red.). (2022). John Dewey’s democracy and education: A centennial handbook (First paperback edition). Cambridge University Press.
-
Tips til vidare lesing
Tips til vidare lesing
Tekstar på nettsida til Nynorsksenteret:
- Nynorsk for innvandrarar?
- På leiting etter ord, alvor og leik
- Draumen om medborgarskap
- Song for språk, fellesskap og helse
- Fargespill i Noregs største nynorskkommune
- Kjærleik til språk
- Munnleg forteljing – ein måte å få menneske saman
- Forståing og toleranse med språktreff
- Ytring: Sara startar på skule
Borge, L. (2011).
Møte med psykodrama: Filosofi, teori og terapi . KolofonDanielsen, A. G. (2021).
Lærerens arbeid med livsmestring. Fagbokforlaget.
Ødegaard, A. J., DeMott, M. A. M. (2008):
Estetisk veiledning: Dialog gjennom kunstuttrykk .
(2008). Universitetsforlaget.
Aktuelle nettsider:
NAFO Nasjonalt senter for flerkulturell opplæring
Nasjonalt senter for kunst og kultur i opplæringen
Nasjonalt kompetansesenter for kultur, helse og omsorg
Nasjonalt kunnskapssenter om vold og traumatisk stress