Song for språk, fellesskap og helse
30.08.2023
Lærar Tove Stavem Reite (i midten med beige jakke) saman med ei gruppe flyktingar frå Ukraina.
Lærar Tove Stavem Reite arbeider i introduksjonsprogrammet for nykomne innvandrarar. Her startar ho undervisningstimane sine med allsongen «Kom som du er». Har det noko for seg?
Tekst og foto: Guro Kristin Gjøsdal
Eg er invitert til klasserommet på Volda læringssenter for å vere med på songstunda. Her møter eg ei gruppe flyktningar frå Ukraina. Dei forsøker å bygge seg gode og trygge dagar og liv etter at heimlandet deira blei okkupert. Har allsongen ei betyding for språk, fellesskap og helse?
Språk og musikk har overlappande nettverk i hjernen, og forsking viser at barn med minoritetsbakgrunn lærer norsk raskare gjennom song (Sund, 2015; Schou, 2020). Korleis er det for vaksne?
– Eg er nyfiken på om songen har ein effekt, og har ønskt denne samtalen med gruppa og Nynorsksenteret til stades. Eg trur vi kan lære noko av kvarandre om dette temaet, seier Tove Stavem Reite.
Læraren ønsker god morgon, og eg får introdusere meg og temaet. Tetiana Kryvutsenko fortel at det er interessant og utfordrande å lære ein song på eit så framandt språk som norsk er for ein ukrainar. Ho erfarer at barna hennar lærer språket raskare og lettare, også gjennom song, melodi og rørsle. Viacheslav Kryvutsenko tykkjer det er noko meir utfordrande for henne som er vaksen, men samstundes er det slik at det ein kan relatere til kropp og sansar, fører til ei kroppsleg læring som set seg i minnet.
Velvære og tryggleik
– Eg kjenner også velvære gjennom å synge. Og det gir ein tryggleik og ein struktur å vite at Tove si undervisning startar med «Kom som du er». I juni 2023 deltok vi på ein større marknad her i lokalsamfunnet. Då var elevane ved 1.–10. trinn i kommunen inviterte til å synge og danse til nettopp «Kom som du er». Då kjende eg ei form for tilhøyrsle ved at også eg hadde høyrt og kunne songen. Dette har eg også opplevd når eg hentar borna mine i barnehagen, der «Kom som du er» også er i bruk blant dei eldste borna. Å dele felles songar gir felles referansar. Menneske møtest og ser kvarandre på ein genuin måte gjennom song, musikk og rørsle, seier Svitlana Komarynska.
«Kom som du er» er ein ny vennskapssong på nynorsk. Låten eignar seg godt til å øve inn og framføre saman i klasserom og på skular. Den er eit samarbeidsprosjekt mellom Nynorsk kultursentrum og Nynorsksenteret, med tekst og musikk av Synne Vorkinn og Bjørn Helge Gammelsæter. Line Dybedal har vokal til innspelinga.
Motivasjon og sosialt lim
Gruppa, Tone og eg syng songen saman, med tekst og melodistøtte. Eg tek meg i å observere hendinga. Eg ser kroppar som reiser seg og ristar litt på seg. Smil og blikk som vert delte. Eg ser konsentrasjon om teksten, munnar som formulerer dei nye orda frå det nye språket. Ser samanhengar til sitt eige. Nokon har blitt friare, gyngar seg til rytmen, og let til og med att auga. Når ein syng, pustar ein rolegare enn normalt. Og sidan alle syng dei same strofene, pustar gruppa gjerne samstundes. Pusten påverkar hjarterytmen. Forsking (Vickhoff med fleire, 2013) viser at på utpust gir vagusnerven – som går frå hjernen til hjartet – beskjed om å sakke farta, og på innpust om å slå fortare. Samsong synkroniserer deltakarane sine muskelrørsler og nerveaktivitetar i store delar av kroppen, også hjartet. Dette kan ha emosjonell påverknad i gruppa, då vagusnerven også er involvert i kjenslene våre. Menneske som syng saman, vil bli påverka i takt også kjenslemessig. Samsong er med på å redusere angst og negative kjensler. Å inkludere song også i språkopplæringa for vaksne kan verke psykoedukativt og styrke fellesskapet, tilhøyrsla og samarbeidet.
– Til hausten inkluderer vi dansen også!, seier læraren engasjert.
– Bodskapet i songen er motiverande, og melodien set seg i kroppen og minnet. Eg kjenner at eg vaknar til liv gjennom song, musikk og dans! seier Nataliia Sylenko.
Estetiske læreprosessar i språkopplæringa
– Mange menneske er reserverte og har ein barriere. Særleg opplever eg dette mellom ungdom her i samfunnet, som også distanserer seg gjennom skjermbruk. Eg som mor er oppteken av inkludering og integrering mellom ungdom. Eg opplever at vi treng å lære ungdom å snakke saman. Dette skjer kanskje best gjennom leik, kunst og idrett. Her veks også det munnlege og skriftlege språket fram! Og så må vi vaksne hugse at vi er førebilete, seier Kryvutsenko.
Ein slik læreprosess gir ei form for språk- og tverrfagleg kunnskapsutvikling der estetikk og kunstbaserte arbeidsformer er sentrale (Østern, Stavik-Karlsen & Angelo, 2013). Kunnskap, oppleving og engasjement kan bidra til meining og konstruktiv fellesskap, og særleg i ein utfordrande livssituasjon som desse deltakarane er i. Med songstunda er Reite med på å løfte fram grunnleggande verdiar i det interkulturelle opplæringsfeltet (Børhaug & Helleve, 2016), som likeverd, å bli seg sjølv, dialog, delt kunnskap og inkludering.
Interkulturelle moglegheiter og ansvar
Som språk- og kunstpedagog erfarer eg at det er tenleg at menneske som lærer nynorsk som innvandrarar, og som skal integrerast i samfunnet dei no er ein del av, får møte og oppleve nynorsk også gjennom estetiske læremetodar. Språket har ein energi og ei kraft som er med på å fargelegge ulike kunstuttrykk. Det nynorske språket i seg sjølv har ein estetisk dimensjon. Det er positivt at lærarar er gode og bevisste språk- og kulturformidlarar og nyfikne på eigne og andre sine kulturuttrykk. Det er også mange samanhengar mellom språk og kulturar som kan vere med og bidra til refleksjon, fellesskap og tilhøyrsle (Børhaug & Helleve, 2016). Sunde og Christensen (2022) støttar også at ulike former for song og musikksjangrar med fordel kan integrerast i undervisninga for språk, fellesskap og helse.
Eg vil oppmode etablerte samfunn om å hugse på å informere og inkludere vaksne innvandrarar og flyktningar i til dømes korrørsla. Ta gjerne kontakt med vaksenopplæringa og sektor for integrering i kommunen der du bur. Kultur skjer der menneske møtast, og er alltid og helst i rørsle og utvikling. Integrering og deltaking i eit samfunn heng saman med medborgarskap. Dette handlar om moglegheitene til å kunne delta og ansvaret storsamfunnet har for å gi rom til deltaking.
Tilleggsressursar:
Ressurssider:
Musikk i vidaregåande opplæring
Musikk, rim og regler i barnehagen
Bloggtekstar:
Fargespill i Noregs største nynorskkommune
Kjelder:
Børhaug, Frédérique Brossard og Helleve, Ingrid (red.) (2016): Interkulturell pedagogikk som motkraft. I en monokulturell praksis. Fagbokforlaget.
Sunde, Dag Johannes og Christensen, Hans-Marius Fløtre (2022): Kunsten å bryte grenser. Tverrfaglig læring i skolen. Universitetsforlaget.
Vickhoff, B., Malmgren, H., Åström, R, Nyberg, G, Ekström, S. R., Engwall, M., Snygg, J., Nilsson, M. & Jörnsten, R. (2013): Music structure determines heart rate variability of singers, Frontiers in Auditory Cognitive Neuroscience.
Østern, Anna-Lena, Stavik-Karlsen, Geir og Angelo, Elin (red.) (2013): Kunstpedagogikk og kunnskapsutvikling. Universitetsforlaget.