• Blogg
  • Fargespill i Noregs største nynorskkommune

Fargespill i Noregs største nynorskkommune

27.10.2021

2 A4 A8915 til nettside nytt h bilete

Fargespill er eit fredsskapande kunstprosjekt for born og unge med musikk og dans frå heile verda. Det er langt meir enn ei framsyning. Det er også ei overtyding om at menneske, språk og kulturar kan møtast som likeverdige.

Tekst: Guro Kristin Gjøsdal
Foto Fargespill: Kenneth Enstad

Fargespill er ein metode for korleis vi menneske møter kvarandre. Metoden legg vekt på kvar enkelt deltakar sine ressursar og verdi for fellesskapet. Å møtast med positiv forventing er nøkkelen til det sterke samhaldet og fellesskapet i Fargespill.

Gjennom skulebesøk og prosessbasert øving utforskar barn og unge mellom 7 og 25 år, med ulik kulturell bakgrunn, kulturarven til kvarandre med respekt og nyfikne. Her møter norsk folkemusikk internasjonal folkemusikk og moderne ungdomskultur. Saman med profesjonelle innanfor kunst, kultur og pedagogikk arbeider deltakarane mot ei kunstnarisk framsyning som viser veg vidare i mangfaldsamfunnet vi er ein del av.

Målsetjing

Stiftinga Fargespill har ei målsetjing om å synleggjere kva moglegheiter som er i mangfaldsamfunnet gjennom eit kunstnarisk uttrykk. Fargespill debuterte under Festspillene i Bergen i 2004 i regi av Ole Hamre og Sissel Saue. Sidan då har Fargespill vorte sett av fleire hundre tusen menneske, og det er etablert tilsette og kompani i store byar i Noreg. Fargespill er nominert både til Spellemannprisen og Nobels Fredspris, og har hatt opptredenar på fleire av dei store scenene i landet. Det var ein del av Stortingets offisielle Grunnlovsmarkering i 2014, og dei har hatt framsyningar på Den Norske Opera & Ballett og på Nobels Fredsfest i Oslo 2018.

Det sentrale i Fargespill er sceneframsyningar med musikk og dans, og baserer seg på kva deltakarane identifiserer seg med av songar, dansar og klappeleikar. Materialet vert jobba fram og sett i profesjonelle rammer i eit samarbeid mellom deltakarane, scenekunstnarar, pedagogar og musikarar. Resultatet er ei framsyning som gir eit nært musikalsk møte med unge menneske sine historier om kven dei er, gjennom musikk og dans frå oppveksten.

Forskarar ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) har definert metoden som «Fargespill-metoden». Det vert undervist i Fargespillmetodikk ved HVL som vidareutdanning for lærarar. Det er også utvikla eit interaktivt læringsverktøy kalla «Fargeskyen», retta mot 5.–7. trinnet i grunnopplæringa. I skulen ligg fundamentet for morgondagen sitt samfunn. Fargespill er med og utviklar kompetansen på dette feltet.

2 A4 A7960 til nettside

Viktig arena

Fargespill gir rom til livskrafta i musikk. Det gir nye moglegheiter til kommunikasjon og fellesskap gjennom likeverdige kunst- og kulturuttrykk. Det viser eit mangfald av ressursar klokt fortalt gjennom profesjonell tverrestetisk utfalding. Fargespill er ei stor framsyning og ein viktig arena for barn og unge frå ulike land og kulturar til å skape saman. Det er vanskeleg å ikkje bli rørt av det som skjer i Fargespill.

2 A4 A8317 til nettside
Elena Bianca Atanasiu (19) kjem frå Romania og flytta til Noreg i 2015.

– Fargespill er ei reise for meg

Elena Bianca Atanasiu (19) kjem frå Romania og flytta til Noreg i 2015. Ho hugsar at det var utfordrande å bli inkludert den fyrste tida i Noreg. Men no opplever Elena å vere integrert dei fleste stader ho kjem. Ho har mange venner og to jobbar. Elena har vore med i Fargespill sidan 2017. Då ho starta tenkte ho at dette ikkje var noko for henne. Ho tykte det var for mange menneske, og ho kjente seg sjenert og skeptisk. Litt etter litt kom trivselen og ho byrja å møte regelmessig på Fargespill. Her fekk ho nye venner, ho lærte norsk og fekk også innsikt i andre språk. Ho kjente at her hadde ho det rett og slett ordentleg kjekt, og ho fekk synge og uttrykke seg på ein måte som ho ikkje hadde gjort før. For Elena Bianca sin del starta framføringane med rap på rumensk. No opplever ho å ha fått utvikla seg som songar, og er no både korist og solist i Fargespill. Ho utmerkar seg med ei mørk og særeigen stemme.

Fargespill er ei reise for meg. Eg har utvikla meg musisk, sosialt og fått eit nettverk. Her har eg funne meg sjølv. Fargespill er familie for meg. Her er alle likeverdige. Vi er både like, ulike og unike. Leiarane ser eg på som mødrer. Dei støttar meg både kunstnarisk og personleg. Alt dette er eg takksam for.

2 A4 A8858 til nettside
Stripe

Fargespill Ålesund

Fargespill Ålesund er eit samarbeid mellom Ålesund kommune og Fellesverket Dragen Røde Kors. I år var Ålesund symfoniorkester med som arrangør av dei store framsyningane. Det var eit vellukka samarbeid. Møre og Romsdal fylkeskommune, Sparebankstiftelsen DNB og Sparebank1 SMN er også med og støttar satsinga.

Ålesund kommune er den største nynorskkommunen i landet, og det nynorske språket er sentralt i den norske folkemusikken. Karoline Isaksen, kunstnarisk leiar i Fargespill Ålesund, fortel at dei arbeider opp mot grunnopplæringa i kommunen. I dette er også vaksenopplæringa og skular i distrikta med. Fargespill har øvingar kvar veke gjennom heile året, og ekstra fram mot framsyningar. Satsinga er godt forankra i Læreplanen LK20 med si tverrfaglege og interkulturelle djupnelæring. Ho har fleire moment innanfor verdigrunnlaget i opplæringa i ryggrada. Læreplanen viser at også sidemålet skal inn frå 1. trinnet.

Vi har valt å starte framsyninga med «god natt» – og avslutte med «velkomen», slik at publikum går herifrå med ei kjensle av ein varm velkomst – for det er det Fargespill skal vere!
(Karoline Isaksen, kunstnarisk leiar i Fargespill Ålesund).

2 A4 A8206 til nettside

Det må bruer til

Ordføraren i Ålesund kommune, Eva Vinje Aurdal, ønskte velkomen med brua som metafor med utgangspunkt i Kvart menneske er ei øy av Tarjei Vesaas.

Stripe
2 A4 A8249 til nettside

Programmet i Ålesund

  • Byssan lull/Laletschka/telleregler: den kjente voggevisa møter polsk barnesong og vi tel på arabisk, swahili og kenyabuisha.
  • Ole Paus si vise om å reise aleine, og Unge Ferrari om bagasje – noko vi alle ber på.
  • Rolandskvadet – ein fransk middelalderballade i norsk vikingdrakt
  • Allumbe/Bim bam bari bommen/Kitta melle/Me da meu bonne: barnesongar på swahili, norsk og portugisisk
  • Magalenha, med tekst og tone frå Brasil
  • Canta Cucu, ein rumensk folketone
  • Hip hop/afrofusion til norsk folkemusikk og sjølvskriven rap
  • Bollywoodsekvens frå India med start av norsk stev, går over i «Nagada Song Dhol» (trommene syng) og endar i energiske «Malhari»
  • Musikk, song og dans frå Madagaskar, Ghana, Somalia og Sør-Afrika
  • Fargebull (Fargespill Bergen og Kringkastingsorkesteret): Benina Mahoro (Rwanda), norsk folketone, magedans, akrobatikk, dans og etiopisk sang
  • Karibuni (Sør Afrika): Velkomen alle saman!
Kjelder:

Fargespill.no
Fargespill Ålesund

    2 A4 A8051 til nettside
    2 A4 A8261 til nettside
    Stripe
    2 A4 A8388 til nettside
    2 A4 A8825 til nettside dersom plass