• Blogg
  • Språklæring gjennom song

Språklæring gjennom song

27.04.2021

Hildegunn til nettside

Songaren Hildegunn Hovde brenn for bruk av musikk i barnehagen. No er ho nytilsett ved Nynorsksenteret.

Tekst: Anne Marta Vinsrygg Vadstein

Hildegunn Hovde kjem frå Vågå i Gudbrandsdalen og er utdanna songar og pedagog med ein mastergrad i utøvande, klassisk song frå Noregs musikkhøgskole. No skal ho kombinere ei deltidsstilling ved Nynorsksenteret med undervising i musikk for barnehagelærarstudentar ved Høgskulen i Volda. I tillegg har ho eit vikariat i forskingsadministrasjonen ved høgskulen.

– Du har ein solid bakgrunn i både musikk og pedagogikk. Kva var det som avgjorde dette utdanningsvalet?

– I oppveksten opplevde eg både klassisk musikk og folkemusikk i heimen. Dette inspirerte meg til å ta utdanning som songar og pedagog. Sidan 2006 har eg arbeidd som frilansar, både som utøvar og pedagog, og dei siste ti åra har eg også arbeidd mykje med arrangering, komposisjon og produksjon. Hovudtyngda i det pedagogiske arbeidet mitt har vore babysong og barnesong, og eg tykkjer det er ei heilt fantastisk aldersgruppe å arbeide med.

– Kva er viktig å hugse på, tenkjer du, om ein skal ha ei samlings- eller songstund for barn i barnehagealder?

– Det aller viktigaste er at ein kjenner publikummet sitt! Kva aldersgruppe barna er i, er avgjerande for kva type repertoar ein vel, både når det gjeld musikalsk, motorisk, kognitiv og ikkje minst språkleg utvikling. Vel ein for kompliserte og lange songar for dei aller yngste, vert dei berre sitjande og lytte og observere, og ein vil jo helst engasjere og få dei til å vere med i aktiviteten. Det er også viktig å lage ei god oppbygging av samlingsstunda, slik at ein både gjev rom for den fysiske responsen barn gjev på musikk, og at ein har gode songar som kan hente inn og roe ned att når ein har gira opp stemninga. Og så må ein hugse at barn brukar tid på å kome seg inn i repertoaret, og at dei elskar repetisjon. Nokre songar framkallar «ein gong til!» meir enn andre, men syng kvar song minst tre gongar før du går vidare! Då er du sikker på at alle er med, fortel Hildegunn engasjert.

– Kva tenkjer du om barnehagen si rolle som kultur- og språkarena?

– Barnehagen spelar ei utruleg viktig rolle. I kvardagen har dei fleste barn fleire vakne timar saman med dei tilsette i barnehagen enn med foreldra, og dei vert språkleg påverka av både personalet og andre barn. Barn syng setningar lenge før dei kan snakke, og dette heng saman med korleis hjernen vår er skrudd saman.

Språk og musikk har overlappande nettverk i hjernen, og forsking viser mellom anna at barn med minoritetsbakgrunn lærer norsk raskare gjennom song. Dermed vert det også viktig at barn som seinare skal ha nynorsk som hovudmål i skulen, får møte og oppleve nynorsk i barnehagen, gjennom song, regler og høgtlesing. Og så tykkjer eg det er viktig at dei tilsette i barnehagen er nyfikne på kulturuttrykk, og at dei er gode kulturformidlarar. Mange barn møter ikkje klassisk musikk, folkemusikk eller verdsmusikk i heimen. Då er det desto viktigare at dei får møte det i barnehagen.

– Kva rolle spelar songar, musikk, rim og regler i samlingsstunda?

– Eg meiner at ei god samlingsstund har litt av alt. Ofte brukar eg rim eller regler som små overgangar mellom songar, og flettar også inn bruk av ulike musikkinstrument, alt etter kva aldersgruppe eg har med å gjere. Dei yngste i barnehagen kan også få mykje ut av samlingsstunda, gjerne då i eit trygt fang. Med eit godt tilpassa repertoar til aldersgruppa, med rom for repetisjon og undring, vert dei gradvis meir og meir aktive, så det er viktig å ikkje byte alt repertoaret frå gong til gong. Det kjende er trygt og godt, spenninga kan ein spare til dei eldre i barnehagen!

– Har du tips til korleis ein kan utvide repertoaret sitt av nynorske songar?

– Ver bevisst og nyfiken! Sjå på songane ein bruker i barnehagen: Kor mange av desse finst også på nynorsk? Om ein bur i eit nynorskområde, er det ei super førebuing for barna å møte nynorsk allereie i barnehagen. Det er gjennom øyra dei lærer språket først, og der spelar song, rim, regler og høgtlesing ei stor rolle. Eit kjapt Google-søk på «barnesongar nynorsk» viser veg til fleire kjelder, ein kan finne songbøker på nynorsk, og sjølvsagt følgje med på sidene til Nynorsksenteret.


Hildegunn sine favorittar

Bøker

  • Med tigeren og bjørnen til Panama
  • Vrimleby-bøkene
  • Bø og bæ-bøkene

Songar

  • Kråkevisa (Mannen han gjekk seg i vedaskog)
  • Du skal ikkje tru det blir sommar
  • Okken bom (Han spelar på ei ause)