• Blogg
  • Forståing og toleranse med språktreff

Forståing og toleranse med språktreff

21.02.2020

Gruppebilete Utsnitt

Språktreff er eit internasjonalt og lokalt møtepunkt i regi av Volda læringssenter. Der møtest eit kulturmangfald av menneske, land, språk og mat til ei hyggestund kvar fredag i skuleåret. 

Tekst: Guro Kristin Gjøsdal
Foto: Ingvild Myklebust Hovden

Det tar tid og krev mykje innsats å bli ein trygg språkbrukar. Nina Ulvøy, lærar ved Volda læringssenter, erfarer at læring skjer best gjennom bruk av språk og deltaking i sosial praksis. Ho ser at elevar treng å oppleve nynorsk i bruk på mange ulike arenaer. På språktreff vert elevane stimulerte i språket dei skal lære. Slik tileignar dei seg språket, samstundes som førstespråket fungerer som støttespråk. Vidare viser det seg at erfaring med to språksystem gir god trening, meistring, motivasjon og også fortrinn i å observere, analysere og tileigne seg det nye språket.

– Morsmålet mitt er kjærleiksspråket som eg tenkjer og føler med. Det hjelper meg å uttrykkje meg sjølv på den måten eg vil, seier Dorzia Nayef Alsharif.

Spraakkafe
Nina Ulvøy, Dorzia Nayef Alsharif og Anine Sandvær på språktreff i Volda.

Fleire av deltakarane på språktreffet er kvinner med lite skulebakgrunn frå heimlandet. Dei har ytra at dei saknar kvinnefellesskapet frå heimemiljøet dei kjem frå. Samstundes opplever Ulvøy at kvinnene har ein stolt mattradisjon frå heimlandet som dei trivst med å dele med andre. Slik kjenner dei meistring.

– Dei flyktningane som kjem til kommunen no, kjem rett frå flyktningleirar. Dei har ikkje vore i eit norsk asylmottak der dei har fått noko butrening og språktrening. Fleire er analfabetar og for fagleg svake til språkpraksis i Noreg. Nokre har aldri teke i ein blyant. Kanskje har dei framleis born som dei uroar seg for i heimlandet. Fleire ber på traume. I Noreg skal born og vaksne starte på skule og i introduksjonsprogram raskt etter dei har kome til landet. Då kan det norske klasserommet opplevast feil og utfordrande å vere i. Dette forstår eg i større og større grad. Kor sliten blir ikkje eg sjølv etter ein lang dag på kurs, til dømes, eller av å sitte heilt i ro og ta imot teori! Med språktreffet ønsker eg å skape eit positivt rom å vere i for deltakarane våre, fortel Nina Ulvøy ved Volda læringssenter.

– Det å kunne møtast til språktreff kvar fredag er absolutt gøy, lærerikt og ikkje minst sosialt. Vi prøver å vise fram god mat frå heimlanda våre, og i tillegg blir vi kjente med både nordmenn og andre. Det skaper mykje glede og fellesskap. På språktreff bruker og lærer vi det norske språket, fortel Dorzia Nayef Alsharif.

Klasseromskulturen er nært knytt til interaksjonsmønster og kommunikativ praksis. Korleis ein som lærar organiserer undervisninga, metodar og læringsaktivitetar er nært knytte til kva språkleg samhandling og interaksjon som blir utvikla i klasserommet. Lærar og rådgjevar Charlotte Ingabire seier at gjennom språkleg samhandling kan ein som menneske finne plassen sin i det kulturelle fellesskapet. Å snakke på og lytte til nynorsk som talespråk saman med lesing og skriving kan gi mengdetrening, positive haldningar og auka motivasjon.

– Å skape glede over å lære og halde gleda ved like opplever eg som ein nøkkel til å lykkast. Gode didaktiske grep skapar arbeidslyst og engasjement. Ønsket er at ein lærer språket gjennom å vektlegge og å bruke det, seier Charlotte Ingabire.

På språktreffet treffer vi ein gardbrukar frå Syria. Etter sju år i ein flyktningleir har han no fått opphaldskommune i Volda saman med kona og nokre av borna. Saman med lærar og språkpraksisansvarleg Gunnar Andenes har dei dyrka til dømes tomat, chili og agurk. Desse orda blei dei fyrste gardbrukaren lærte i Noreg. Då han fekk sjå at praktisk arbeid med dyrking av mat kunne vere ein del av språkopplæringa, blei han svært glad.

Korleis kan ein arrangere språkreff?

  • De treng eit eigna lokale med godkjent kjøkken.
  • Samarbeid gjerne med ein idealistisk organisasjon, som Sanitetskvinnene. Frivillige organisasjonar har også moglegheit til å søke midlar, til dømes i den lokale banken.
  • Namnet språktreff kjem ikkje i konflikt med lokale kaféar, og det er færre godkjenningar å få gjennomslag for hos Næringsmiddeltilsynet.
  • Mat er noko alle har til felles og som er viktig i mange kulturar. På språktreff kan ein oppleve meistring og læring gjennom matkultur. Ein kan oppleve samhald og stadfesting. Det gir trivsel. På språktreff kan ein drive praktisk og morsmålsstøtta norskopplæring samstundes som ein møter ulike geolektar.