Munnleg forteljing – ein måte å få menneske saman
20.08.2020
Lærar Tone Evensen viser korleis ein kan arbeide med forteljingar i det fleirspråklege klasserommet.
Tone Evensen arbeider som lærar på grunnskule for vaksne og deler dagane med ei gruppe unge gutar mellom 15 og 18 år. Dei lærer norsk, og ho lærer pashto og dari. Ho opplever deltakarane som motiverte og positive. Målet hennar som lærar er å bidra til best mogleg læringsutbytte for alle elevane. Ho ser på kvar elev som ein ressurs i klasserommet, og ho brukar tid og ressursar på å lære elevane sine best mogleg å kjenne. Dei siste åra har ho også arbeidd på Nasjonalt senter for flerkulturell opplæring (NAFO). Der har ho arbeidd med å utvikle læringsressursar og halde ei rekke kurs for lærarar og skuleleiarar rundt om i Noreg. Evensen er også aktuell med bloggen Glimt fra et flerspråklig klasserom. I dette blogginnlegget skriv ho om korleis ein kan arbeide med forteljingar i det fleirspråklege klasserommet:
Eventyr er det finaste ordet eg veit om. I eventyra er det alltid håp. Håp om forandring, håp om ei framtid, om å kunne verte ein betre versjon av seg. Eventyra er ein del av den felles kulturarven vår.
Farhad, Khaled, Martin, Gabriel, Davud, Sarah, Nasira og Maria. Ulike språk, forskjellige kulturar og bakgrunnar. Kva har dei til felles? Dei lærer norsk, og alle har høyrt eventyr og forteljingar i oppveksten. Forteljingar frå ulike kulturar illustrerer likskap og ulikskap mellom oss. Gjennom å fortelje historier vert det mogleg å dele og utforske desse likskapane og ulikskapane. Elevane får innblikk i andre menneske sine livssituasjonar og perspektiv. Dette kan legge grunnlag for forståing, toleranse og konstruktiv samhandling med andre menneske.
Askeladden eller Hassan?
Forteljingar formidlar kultur og opnar opp for forståinga vår av verdskulturane. Vi kan finne att mange eventyr i nesten nøyaktig same form rundt om i verda. Det er sannsynleg at eventyrsjangeren har ein del grunnleggande trekk som er uavhengige av tid, stad og land. Ein ung gut frå Afghanistan fortalde meg ein gong eit eventyr, og medan eg lytta, så tenkte eg at dette eventyret kjenner eg. Det var eventyret om Askeladden som kappåt med trollet, men guten hadde aldri høyrt om Askeladden. Kanskje heitte helten Hassan eller Amir, og trollet vart kalla for «dev», men forteljinga, strukturen og bodskapet var det same. Eventyret om Askeladden som kappåt med trollet, er eit kjent eventyr for mange barn i norske barnehagar og skular. Samstundes viser det seg at elevar frå mange ulike land kjenner att forteljinga.
Det fleirspråklege er ein ressurs
Fagfornyinga og den nye læreplanen i grunnleggande norsk vektlegg det fleirspråklege og kulturelt mangfald som ein ressurs i opplæringa. I mange norske klasserom er det vanleg at dei fleste elevane kan meir enn eitt språk. Dei som meistrar fleire språk, har mange fordelar, men dei vert ikkje alltid verdsette. Å anerkjenne og å støtte opp om det fleirspråklege vil gi elevane ei oppleving av at deira røynsler er verdifulle. Dette kan verke positivt på motivasjonen til elevane.
Korleis kan ein arbeide med forteljingar i det fleirspråklege klasserommet?
Vi startar timen med ein oppvarmingsaktivitet. Slike aktivitetar hjelper oss å fokusere, skape tryggleik, og gjer slik at deltakarane er til stades her og no. I pedlexheftet Grenseløse fortellinger finn du mange slike aktivitetar, samt andre aktivitetar som kan knytast til arbeidet med forteljingar.
Å arbeide grundig før ein startar med eiga lesing eller skriving, viser seg å vere viktig slik at alle elevane veit kva dei skal gjere vidare. Dersom det er mogleg, bør dei fleirspråklege elevane få meir tid til forarbeid, slik at dei er godt førebudde når heile klassen arbeider saman. Eg vil då tilrå å legge vekt på å arbeide med å forstå ord og omgrep som du ønskjer at dei skal lære, og skape situasjonar der elevane må ta omgrepa i bruk. Målet med den munnlege opplæringa er at «elevane skal utvikle munnlege ferdigheiter som gjer dei i stand til å delta i sosiale fellesskap og i læring» (Udir 2019).
Ein idé er å snakke om korleis eventyr startar på ulike språk. Involver heile klassen og sjå kor mange språk de kan klare. Dersom elevane er usikre, kan det vere lurt at læraren har førebudd seg: «Det var ein gong», «jekibud, jekinabud», «bir varmış bir yokmuş» ,«yo wo, yo no wo», «erase una vez».
Dei fleste elevane har kjennskap til eventyr frå heimlandet. Når vi snakkar om korleis eventyr startar på ulike språk, løyser det ut ei rekke reaksjonar der dei hentar fram tidlegare erfaringar med eventyr som dei har.
Heime i Afghanistan hadde vi korkje TV eller mobilspel. Men om kveldane var det av og til nokon som fortalde eventyr og andre forteljingar for oss borna. Kvar kveld maste vi om å få høyre ei ny forteljing. Det var så spanande, og eg vart så ivrig at eg ikkje klarte å sovne før eg hadde høyrt heile. På reisa mi hit til Noreg gløymde eg forteljingane fordi dagane handla berre om å overleve. Då den norske læraren min begynte å fortelje eventyr og ho sa dei magiske orda «jekibud, jekinabud», då hugsa eg brått dei gode stundene heimanfrå (Farhad 17 år).
Tema Morsmål er ein nettstad for morsmål og tospråkleg fagopplæring. Barneboker.no er ei nettside for barn, lærarar og føresette og inneheld mange forteljingar frå African Storybook på nynorsk, bokmål og dei største innvandrings- og flyktningspråka i Noreg. Dei fleste forteljingane har lydinnspelingar. Dersom elevane kan lese på morsmålet, kan ein finne mange ressursar på det fleirspråklege biblioteket. Å lese på det språket du meistrar best, kan gi leseglede og fremje lesekompetanse som kan overførast til andre språk.
Å la elevane lytte til nye eventyr før dei fortel att med eigne ord, er ein fin strategi både for å hugse, utvikle språket og få ei djupare forståing for struktur og innhald i eventyret. Når elevane fortel att på norsk, vil dei anstrenge seg for å finne orda dei treng, og på denne måten utvikle språket. Dersom dei i tillegg kan ta i bruk heile språkkompetansen sin, vil dei oppleve å få identiteten bekrefta og anerkjenning.
Å la elevane fortelje på fleire språk, er ein fin innfallsvinkel. Dersom fleire elevar har same språk, kan dei omsetje eventyr i fellesskap. Slik kan fleire ta del i forteljinga deira. Å fortelje att på det språket du kan best, er med på å gi auka forståing for innhaldet. Eigenproduserte animasjonsfilmar på fleire språk er både lærerikt og motiverande å lage. På bloggen min Glimt fra et flerspråklig klasserom kan du lese meir om korleis dette kan gjerast.
Kjelder
Evensen, T. (2019) Grenseløse fortellinger, PEDLEX
Evensen, T. (2016, nov). Glimt fra et flerspråklig klasserom.
Flerspråklig animasjonsfilm: https://utenenrodtraad.com/201... · UDIR 2019 – læreplan i grunnleggende norsk. Utdanningsdirektoratet