• Blogg
  • På leiting etter ord, alvor og leik

På leiting etter ord, alvor og leik

30.10.2023

Gruppe Etterstad1 til nettside

Frå venstre mot høgre: Mikias Berhane Hans, Even Tamiru Håseth Julsrud, Judiano Fihaiky, Ravn Marcus Nymoen Johansen, Romeo Felipe Hagberg Saavedra, Torkil Johansen og Bekas Shukri Sikho. Shwan Karem Wahed og Jeaninne Masika Harrysson i front.

Den kulturelle skulesekken (DKS Oslo), to kunstnarar, fire dikt, to instrument og 90 minutt med «medvandring» var det som skulle til for at alle i ei klasse på vidaregåande skule vart både forfattarar og scenekunstnarar.

Tekst og foto: Tori Flaatten Halvorsen. Først publisert i tidsskriftet Norsklæreren (språk, litteratur og didaktikk) nr. 3 2023. Omsett til nynorsk av Guro Kristin Gjøsdal.

Har du ein gullpenn? spør elektroeleven som byggjer på med allmennfag på Etterstad videregående skole. Han vil skrive namnet sitt i same gullfarge som forfattarnamnet på framsida av diktboka Alt godt som enno ventar. Det er Jeaninne Masika Harrysson som har bedt eleven skrive namnet sitt direkte på framsida. Jeaninne er poet og har skrive diktboka med fire dikt. Alle elevane har fått kvar si bok. Namnet hennar er skrive i gull. Ho skin, og det same gjer ungdommen.

Kroppen og stresset

Timen starta med å få stresset ut av kroppen – for kroppen må vere med dersom ein skal verte scenekunstnar. Shwan Karem Wahed instruerer korleis ein kan få ut «gørra» ved å riste på armane og hendene. Så finn dei saman ut at stresset har forplanta seg til korsryggen. Shwan bøyer seg framover, gyngar litt med overkroppen, før han litt etter litt igjen kjem opp i ståande stilling. Elevane følgjer etter.

– No skal vi få stresset ordentleg ut, forklarer Shwan og demonstrerer korleis uroa kan støytast ut med eit ordentleg aaah, gjerne med eit trykk frå mellomgolvet. Etter fleire forsøk med stadig mindre nervøs latter er det eit irritert stønn som nærmast sprutar ut av kroppane.

– No er vi nærmare å kunne skrive det vi snart skal framføre, konkluderer Shwan med ei roleg, men likevel alvorleg stemme. I løpet av eit par minutt har han vorte ein slags far for alle i rommet, eller ein «medvandrar», som han liker å kalle seg. Mannen er vand til å stemme instrumenta og seg sjølv i forhold til dei han møter. Her nemner han berre litt om kroppen sine reaksjonar på traumatisk stress. I andre av prosjekta hans er kroppen sitt svar på alvorlege livsbelastningar meir sentrale. Shwan understrekar at denne korte øvinga ikkje er nok, men at dette kan vere ein liten smak på korleis kroppen kan få kvitte seg med det øydeleggande stresset. Målet er å opne kroppen, som så kan ta imot det gode.

Jeaninne1 til nettside
Jeaninne Masika Harrysson gir rettleiing til ein elev.

Korleis få til å skrive?

– Kva skal til for å verte ein god forfattar? Jeaninne startar også rett på. Hennar og Shwan sitt nærvær i rommet har vore der heilt frå kunstnarane kom inn døra. Sjølv dei elevane som kjem slentrande inn altfor seint, får og tek overraskande lite merksemd i rommet. Jeaninne stiller spørsmålet ein gong til for dei nyinnkomne. Så er alle i gang.

Jeaninne vert begeistra for svara: «kjensler», «kunstnarsjel», «tid», «historier» og til slutt det ho er ute etter, nemleg «ord».

– Skriv ned så mange ord som de greier på eitt minutt! Same kva og gjerne fleire språk, men ikkje det same ordet fleire gongar, altså ikkje eg-eg-eg, instruerer Jeaninne.

Shwan spelar på kalimba. Det høyrest nesten ut som ei stoppeklokke, men utan ubehag. Ungdommar rablar ned ord på eit papir som dei har fått utdelt, samstundes som Jeaninne skriv «Vi er alle på veg heim» øvst på tavla. Så noterer ho «ord» som første punkt på ei liste som snart skal verte lengre.

Sjølvtillit

– Den som trur at ein har sjølv har flest ord på arket, reiser seg no! ber Jeaninne.

Tre gutar sprett opp.

– Kva har desse tre, spør ho etter at alle tre har fortalt kva dei heiter.

Raskt kjem det ordet ho leitar etter, nemleg «sjølvtillit».

– Eg vil heller seie dårleg sjølvinnsikt? prøver ein av klassekameratane seg.

– Sjølvtillit trumfar sjølvinnsikt, parerer Jeaninne.

Ho gir seg ikkje.

– Vi prøver igjen. Kven trur at dei har skrive ned flest ord?

No er det fem som står støtt og ser rett på Jeaninne, to i tillegg til dei tre som også reiste seg første gongen.

– Kva gjorde at du reiste deg no, spør Jeaninne den unge kvinna som er ein nykomar, og som seinare viser seg å ha flest ord på papiret.

– Litt støtte, seier eleven.

– Nettopp – vi treng ein dytt, konkluderer Jeaninne.

Kunsten å lytte

Leiken held fram. Jeaninne og Shwan vurderer framdrifta og farten etter kva som skjer i rommet. Absolutt alle skal vere med. Elevane prøver seg fram med orda på arket sitt, før dei fjernar orda som ikkje er viktige eller gode nok. Til slutt står dei tilbake med sitt «hjarteord». Jeaninne fortel ei historie som byrjar med nokon store steinar i ein ryggsekk og eit djupt hav. Ho seier at ho treng støtte for å skildre tragedien. Med hendene signaliserer ho når Shwan må «fylle ut» historia med fleire eller færre tonar frå strengane på ein oud. Ungdomane sit stille og lyttar. Nokon av dei skjønar at nærværet deira gjer noko med scenekunstnarane framme i rommet, andre kanskje ikkje.

Så er det tid for ein pause for å fleipe, knuffe, sjekke mobil, ete, drikke eller gå på do. Så kjem dei tilbake igjen, denne gongen meir presise.

Penn1 til nettside
Elevar arbeider med diktboka Alt godt som enno ventar av Jeaninne Masika Harrysson. Tove Bakke, Den mangfaldige scene og Jakob Sande-senter for forteljarkunst har støtta utgjevinga.

På leiting etter ei diktbok

– Kan de finne ei linje eller eit ord de likar i boka som Shwan delar ut? oppmodar Jeaninne.

Ein elev oppdagar at det er Jeaninne som har forfatta boka. Ein annan merkar seg at dikta er på nynorsk. Ingen reagerer negativt på det, men Jeaninne spør om nokon har søkt om fritak. Mange hender vert rekte i veret. Jeaninne ler og fortel at ho også bad om fritak då ho gjekk på skule. Så fann ho likevel ut at nynorsk er hennar poesispråk. Det var noko av det gode som venta etter tida på vidaregåande. Etter eit halvår i høgare utdanning innanfor skrivekunsten slutta ho. Sidan har ho funne menneske som ho har utvikla nye prosjekt saman med – til scena, til slampoesi-lokalet, klasserommet eller til ord i ei bok. Leiaren i Den mangfaldige scenen, Liv Hege Skagestad, spurde henne i 2017 om kva ho drøymde om. Svaret var at ho «ville gi folk ei hand å halde i». Ønsket hennar er vel omtrent det same som ytringa på tavla: «Vi er alle på veg heim».

Jeaninne ber elevane om å bla i boka, finne ei linje eller eit ord som dei kan like. Ingen treng å lese eit heilt dikt, aller minst å gjere analyse av verkemiddel, rytmar og rim. Ho er interessert i kva ord som den enkelte eleven oppdagar. Dei skal streke under den linja eller det ordet som vekkjer merksemda deira. På same diktside skal dei skrive inn den beste setninga eller dei beste orda som dei sjølv har kome fram til under dei tidlegare ordleikane. Etter dette konkluderer Jeaninne med at boka har fått ein ny forfattar. Namnet på den nye poeten skal skrivast under Jeaninne sitt namn på den første sida. Med blyant eller med penn – eller med gullpenn, slik eleven som blei nemnt i innleiinga ønskte. På 60 minutt har alle vorte forfattarar. Og dei skin.

Scenekunstnarar

Dei som har valt det same diktet, samlast i grupper. Dei øver på å deklamere linja frå diktet i tillegg til sine eigne ord eller linjer. Det er overkommeleg for alle – også eleven som aldri fann noko ho blei trekt mot i diktboka.

– Null stress, seier Jeaninne og foreslår at eleven i staden kan forme hendene over hovudet som eit hustak.

Læraren og eg sit midt inne i ein hestesko av elevar. Akkompagnert av musikken til Shwan deklamerer dei ord eller setningar. Fleire har valt diktet som handlar om eit forhold til ein far. Nokon har skrive om sin eigen far i setninga si. Linjene til den eigentlege og den nye forfattaren passar av og til saman, andre gongar ikkje. Musikken gjer at det flyt uansett. Stresset verkar å vere vekke frå kroppane på scena. Ingen ler. Alle les, og alle prøvar å lytte. Det stolte over å bidra med sin eigen del inn i eit felles prosjekt lyser av dei. Nye og gamle scenekunstnarar skin.

Nitti minutt er over, men elevane dreg ut tida. Ein avslører at han ønsker å verte skodespelar, og spør om råd. Shwan gir namn og nummer til Den mangfaldige scenen. Ei ung kvinne vil at Jeaninne skal sjå på orda ho har på arket.

– Der har du det. No er du i gang, bryt Jeaninne ut nøgd.

Eg blar i diktboka og finn avslutninga på dikt nummer fire;

«Frå no av kjem ikkje dette diktet til å lese seg sjølv

For no er du her».

Om litteraturproduksjonen Vi er alle på veg heim i Den kulturelle skulesekken (DKS)

  • Idé utvikla av Jeaninne Masika Harrysson i samarbeid med Shwan Karem Wahed, Den mangfaldige scenen, DKS Oslo og Jakob Sande-senter for forteljarkunst.
  • Dei som er med, er Harrysson (forfattar, poet, munnleg forteljar og tidlegare Oslo-meister i slampoesi) og Wahed (scenekunstnar, pedagog og teaterinstruktør).
  • Produksjonen vert gjennomført i klasserom eller i gymsalar. Alle elevane får delt ut eit papir, ein blyant og diktboka Alt godt som enno ventar av Harrysson. Wahed spelar på oud (eit strengeinstrument frå Midtausten) og kalimba (eit instrument frå Zimbabwe).
  • Vert arrangert av DKS Oslo og vert tilboden elevar frå 9. trinn og i vidaregåande opplæring.

Produksjonen har turnert i Noreg sidan 2021, og han er vist for over 5000 elevar.

Den mangfaldige scenen

Den mangfaldige scenen (DMS) er eit barne- og ungdomsteater der unge mellom 6 og 26 år får uttrykke seg, lære og skape teater. Bondeungdomslaget i Oslo, Det Norske Teatret og Noregs Ungdomslag stifta DMS i 2007, etter eit initiativ frå Liv Hege Skagestad. DMS brukar nynorsk som scenespråk. Teateret tek utgangspunkt i den store og varierte kulturelle rikdommen som unge har med seg, og gir kvar enkelt høve til å ta i bruk og utvikle sine skapande evner i samarbeid med kunstnarar. Dei vil få fram nye uttrykk i møte mellom dei unge sine interesser og kulturarvar. Teateret vil vere ei plattform for framtidige kunstnarar.

Årleg har DMS tilbod for opptil 7000 unge. Medlemmene er frå alle kulturelle og sosiale miljø i Oslo (Noreg og verda). Dei unge er med på kurs og verkstader i skuletid, AKS-tid og i kveldsgrupper. Alle kurs endar i mindre eller større framsyningar i Nynorskens hus og på andre scener, til dømes Det Norske Teateret.

Ein nynorsk produksjon i DKS er ein produksjon der det skriftlege er på nynorsk, til dømes manus, det skriftlege materiellet og/eller scenespråket. Å bruke nynorsk som språk i kunstnarisk kontekst kan også definerast som ein materialitet. Omgrepet materialitet i kunst er komplekst, og involverer det som utgjer byggesteinane i den aktuelle kunsten, her: Det praktiske og estetiske språket nynorsk. Delane som er involverte i skapinga eller danninga av kunsten, utgjer verket sin materialitet. Det nynorske språket har ein energi og ei kraft som er med på å fargelegge ulike kunstuttrykk. Dette kan brukast breitt innanfor film, kulturarv, litteratur, musikk, scenekunst og visuell kunst. Det kan også brukast tverrfagleg og/eller innanfor dei praktiske og estetiske faga sin eigenart. Det nynorske språket i seg sjølv har ein estetisk dimensjon. Er du interessert i å vite meir om dette? Ta gjerne kontakt med satsinga Meir nynorsk i DKS, leia av Kulturtanken.

Tilleggsressursar: