• Blogg
  • Mangfaldig forfattarskule

Mangfaldig forfattarskule

24.05.2022

Forfattarskulen til nettside

Ståande frå venstre: Helene Larsen, Camilla Haugen, Soma Lotfollahi, Christina Violeta Thrane Storsve, Bjarne Bjørnevik, Amelia Gomez Snerte, Maria Abdli. Sitjande frå venstre: Mona Huang, Marta Tveit, Alexander Petersen, Kristina Kassab Liland. (Foto: Minotenk/Samlaget)

Forfattar Sigmund Løvåsen leier forfattarskulen for skrivande med minoritetserfaring. Målet er ein meir mangfaldig nynorsk litteratur og ei rikare offentleg samtale.

Intervjuar: Guro Kristin Gjøsdal

Forfattarskulen er eit tilbod til skrivande med minoritetserfaring i regi av Samlaget og Minotenk.

– I utlysinga for dette første året retta vi oss mot alle minoritetsgrupper, mellom anna nasjonale minoritetar, urfolk, skrivande med fleirkulturell bakgrunn, folk med funksjonsnedsetjingar eller funksjonsvariasjonar, fortel Sigmund Løvåsen, som er tilsett som prosjektleiar.

Samlaget har i fleire år jobba for at den nynorske litteraturen i større grad skal spegle det samfunnet vi lever i. Bokserien «Norsk røyndom» er eit døme på denne satsinga.

– No såg vi at vi måtte ta ytterlegare grep for ein rikare litteratur, seier Løvåsen.

      Sigmund Løvåsen til nettside
      Forfattar Sigmund Løvåsen. (Foto: Nynorsksenteret)

      Nye stemmer inn i litteraturen

      Dei elleve studentane deltek på fem helgesamlingar gjennom året.

      – På kvar samling har vi ein litterær sjanger som hovudtema, og nye gjestelærarar blir hyra inn til kvar samling. Mellom samlingane får studentane oppfølging av ein mentor, ein etablert forfattar, som les og gir tilbakemeldingar på studentane sine tekstar. Vår forfattarskule skil seg frå andre når det gjeld inntak og kven vi rettar oss mot, men det faglege opplegget er bygt opp på bakgrunn av erfaringar frå andre forfattarutdanningar i Norden, fortel Løvåsen.

      Samlaget og Minotenk var spente på om dei kom til å nå ut til dei som dei ønskte, då dei gjekk ut med utlysinga.

      – Responsen var stor, og vi fekk inn over femti søknader. Vi kunne fint ha tatt inn dobbelt så mange om vi hadde kapasitet til det. Samtidig ser vi at det var enkelte minoritetsgrupper vi ikkje nådde så godt fram til, det er noko vi må arbeide med når neste utlysing går ut, seier Løvåsen.

      Så langt har studentane hatt to gode samlingar i Oslo, og i juni skal dei til Dei nynorske festspela. I og med at det er første år, skjer det heile tida justeringar av undervisningsopplegget ut frå erfaringar dei gjer seg på samlingane.

        – Vi håpar sjølvsagt at det ut frå satsinga skal kome nye stemmer inn i litteraturen. Og så har vi ei øvste målsetting om at slike tiltak skal vere overflødige om nokre år. At vi kan korte ned det lange namnet til berre «Forfattarskulen», og at den nynorske litteraturen i større grad skal spegle samfunnet vi lever i utan å vere avhengig av slike løft, seier han.

        Langsiktig satsing

        Dei har fått mange spørsmål om studentane må skrive om si minoritetserfaring.

        – Det har vi vore tydelege på at dei ikkje treng. Det er ingen krav om å skrive sitt eige liv. Forfattaren sin ståstad og bakgrunn vil alltid uansett påverke tekstane som kjem ut. Ein student med funksjonsnedsetjing, ein flyktning frå Iran og ein bonde frå Jæren ser verda på ulikt vis og formulerer seg ulikt i skrift. Det gir seg utslag i ulike litterære stemmer, seier Løvåsen.

        Til hausten kjem det ei ny utlysing slik at eit nytt kull med studentar er på plass på nyåret. Dette er ei langsiktig satsing som kjem til å halde fram.

          – Litteraturen er ein stad der vi kan lære om oss sjølve, om andre og verda vi lever i. Litteraturen gir oss refleksjon, dokumentasjon, opplevingar og analyse om og av kven vi er som enkeltmenneske og samfunn. Det gjer litteraturen til ein sentral byggestein i eit fungerande demokrati. At denne byggesteinen er sett saman av fleire ulike stemmer, er avgjerande for at litteraturen skal ha denne funksjonen. Dei litterære stemmene som kjem ut av Forfattarskulen, er ein del av dette. Og når dei finst der ute, kan dei bli førebilete for andre som ser at deira stemme kan ha ein verdi, og at det nynorske språket er eit verktøy alle kan ta i bruk, seier Løvåsen.