• Blogg
  • Kjærleik til språk

Kjærleik til språk

18.02.2021

Israa Almsaytef til nettside ny versjon

Israa Almsaytef (20) er fødd og oppvaksen i Syria. Då ho var 11 år, måtte Israa flykte frå heimlandet på grunn av krigen. I samband med morsmålsdagen den 21. februar har ho skrive eit blogginnlegg for Nynorsksenteret.

Israa Almsaytef er elev ved Volda vidaregåande skule. Ho har arabisk som førstespråk og (ny)norsk som andrespråk, og er ei ambisiøs og språkglad ung kvinne som brenn for ei mangfaldig og solidarisk verd. Israa bur saman med foreldra sine i Volda i Møre og Romsdal. Ho har vore i Noreg i om lag tre år.

Tekst: Israa Almsaytef

Til dagleg går eg første året studiespesialiserande. På grunn av krigen har eg gått glipp av fleire år med skulegang. Dette irriterer meg, då eg er svært glad i å gå på skule. Den einaste løysinga for meg var å gripe sjansen for vidaregåande utdanning med intensiv innsats. Det har eg klart ved å fullføre norsk grunnskule på berre to år, slik at eg kunne søke meg til vidare utdanning.

På fritida er eg glad i å teikne, vere til hjelp for andre, og ikkje minst lese bøker. Eg er generelt interessert i språk. Eg brenn for ei mangfaldig verd der menneska kan leve trygt og solidarisk saman. Ei ideell verd for meg er ei verd utan fordommar, hatytringar og store konfliktar som gjer oss vondt. Det er ei berekraftig verd der vi tenkjer nytt og ser saker frå ulike perspektiv saman. Og der vi hjelper kvarandre og løyser konfliktar med ord. Eg trur at ord er vår viktigaste reiskap for fred.

Morsmålet mitt er arabisk. Det betyr alt for meg. Det er ein viktig del av identiteten min, kven eg er og kor eg kjem frå. Det er kultur, tradisjon og historie. Arabisk er eit ordrikt og blomstrande språk. For meg er morsmålet eit kjærleiksspråk som eg først tenkjer på når eg skal uttrykke meg. Poesi er det finaste eg veit på morsmålet mitt. I barndomen likte eg å lese dikt for andre. Då eg var i fjerde klasse deltok eg på ein talentkonkurranse som la vekt på bruk av retorikk. Målet var å få barn og unge til å våge å ta ordet i forsamlingar. I fylket mitt vann eg konkurransen. Då eg skulle gå vidare til den nasjonale finalen, vart det krig. Å vinne den lokale konkurransen har gjeve meg mot og styrke til å halde fram med å kunne ta ordet.

Det er ikkje så lett å lære norsk, eller eit nytt språk. Ein må starte med det heilt grunnleggande. I tillegg til undervising og skulearbeid hjelper det å lytte til musikk, lese aviser, sjå på film og praktisere språket saman med andre som kan språket. I kvardagen praktiserer eg norsk til dømes på skulen, i butikken, på biblioteket, i museum og på bussen. Bussjåføren på ruta mi er alltid veldig open og slår av ein prat med meg. Også i starten, då eg ikkje kunne noko norsk.

Ein metode som har fungert for meg, er å notere ned dei nye orda eg høyrer, for så å prøve og finne forklaringa til ordet. Deretter forsøker eg å lage setningar eller bruke ordet slik eg har lært det i samtaler med folk. Etter kvart har eg bygt opp eit ordforråd slik at eg lett kan vere med i ein samtale. Eg er nyfiken og sosial, så det er lett for meg å kome i kontakt med andre. På den måten kan eg bruke norsken min.

Dei finaste orda eg veit på nynorsk, er ord som sluttar på -ande. Til dømes strålande og sjarmerande Dette er også favorittord på arabisk.

Nynorsk

Arabisk

Uttale

strålande

المجيد

almajid

sjarmerande

ساحر

sahir

Korleis har du opplevd å lære nynorsk som andrespråk? Kva fordelar og utfordringar opplever du?

Det å lære eit nytt språk er meir krevjande enn ein kanskje ser føre seg. Eg har jobba hardt for å få kunnskap om det nye språket og kulturen kring det. Sjølv tykkjer eg det er meir krevjande å lære nynorsk enn bokmål, sidan vi møter mest bokmål i kvardagen. Eg har vore bestemt på at eg vil lære nynorsk sidan nynorsk ligg nær talemålet og identiteten på heimstaden min. Eg veit at nynorsk er eit mindretalsspråk som eg gjerne vil vere med på å bevare og føre vidare. I starten var det vanskeleg å få praktisert språket sidan eg kjente få som hadde norsk som førstespråk. Eg gjekk på grunnskule for vaksne. Der var det innvandrarar frå mange land som lærte norsk som andrespråk. Eg opplever at ulik bakgrunn i kultur og livssyn kan skape vanskar med å bli ein del av samfunnet. Slik treng det ikkje vere. Nokon startar også å lære norsk som analfabetar.

Eg har streva med å uttale orda riktig, og det er frustrerande for meg å ikkje kunne forstå det folk seier. Eg har som sagt arbeidd grundig og intensivt med å tileigne meg det norske språket så raskt som mogleg. Eg opplever at språket er nøkkelen til livet i Noreg. Dersom ein kan kommunisere godt med kvarandre, er det lettare å bli ein del av samfunnet. Språket gjer det lettare for meg å vere samfunnsorientert, delta på dugnadar, kome raskt i utdanning eller arbeidslivet, og ikkje minst kunne ta initiativ til å slå av ein prat med andre menneske. I dag vil eg seie at eg beherskar det norske språket godt, men eg strevar framleis med å heve språknivået mitt.

Eg har mange draumar og ambisjonar. Først og fremst drøymer eg om å vere ein ressursperson i samfunnet eg lever i. Sjølv om eg har mykje å lære, vil eg gjere det eg kan for å bidra og samarbeide for ei god framtid. Eg drøymer om å bli tannlege. Eg har alltid hatt interesse for alt som har med tenner å gjere! Utover det drøymer eg om å vere med og kjempe mot fattigdom og hjelpe foreldrelause. Kanskje eg kan vere med og bygge ein barneheim?

– Det et eit dikt som handlar om Damaskus, kor fin den er og at eg er syrisk og det er noko som eg er stolt av, seier Israa Almsaytef. Diktet er skrive av forfattaren Nizar Qabbani.