Framtidsdraumen min – ei skriveoppgåve
Denne ressursen er forankra i kompetansemål for norskfaget etter 7. trinn. Hovudvekta ligg på skriving, men i første økta skal elevane lese og arbeide med grammatikk.
Tidsbruk: ca. 4 økter à 45 minutt.
Å ha draumar for framtida har inga aldersgrense, og både unge og gamle kan ha sine draumar for dagane som ligg framfor dei. Som ung handlar kanskje desse draumane meir om kva ein vil utdanne seg til, eller «kva ein vil bli når ein blir stor», opplevingar ein vil ha, ønske om eigen familie eller liknande. Heile verda og livet ligg framfor barn og unge, og draumane har ingen grenser. I denne ressursen skal elevane få skrive om ein av draumane sine for framtida, og dei skal skildre, grunngje og reflektere over draumane dei har.
Ressursen legg opp til både individuelt arbeid, kameratvurdering, bruk av ordbok på nett (t.d. ordbøkene.no), samtale og felles gjennomgang i klassen.
Marte Husabø er journalist i Framtida Junior, og ho har skrive to nyheitssaker som er sentrale i dette skrivearbeidet.
-
Kompetansemål etter 7. trinn
- skrive tekstar med funksjonell handskrift og med flyt på tastatur.
- beskrive, fortelje, argumentere og reflektere i ulike munnlege og skriftlege sjangrar og for ulike formål.
- gi tilbakemelding på medelevar sine tekstar ut frå kriterium og bruke tilbakemeldingar i vidare arbeid med eigne tekstar.
- bruke fagspråk og kunnskap om ordklassar og setningsoppbygging i samtale om eigne og andre sine tekstar.
- skrive tekstar med tydeleg struktur og meistre sentrale reglar for rettskriving, ordbøying og teiknsetjing.
For elevar med nynorsk som sidemål:
- prøve ut skriving av tekstar på sidemål.
Økt 1: Førebuing og grammatikk
Den første økta er todelt. Elevane blir først introduserte for oppgåva. Deretter skal dei arbeide med grammatikk.
Del 1: Lesing og samtale
- Fortel elevane at dei etter kvart skal skrive ein tekst om sin eigen framtidsdraum, men at dei først skal lese ein tekst om ei 19 år gammal jente som har hatt ein draum i mange år.
- Del ut artikkelen frå Framtida junior, eller be elevane bruke denne lenka: Vil bli den yngste kvinna som flyg rundt jorda åleine (Framtidajunior.no)
- Klassesamtale:
- Kva handla teksten om?
- Kva fekk de vite om Zara Rutherford?
- Sjå på eit kart for å finne ut kvar reiseruta hennar går.
Del 2: Grammatikk
Den andre delen i økta legg vekt på grammatikk. Det kan hjelpe elevane til å få betre språk når dei skal ta til på skriveoppgåva. Aktivitetane i denne delen inneber både individuelt arbeid, arbeid i par og felles gjennomgang i klassen. I aktivitetane får elevane høve til å bli meir bevisste på skrivereglar, likskapar og skilnadar i nynorsk og bokmål, bøying av verb og substantiv og arbeid med ordboka (på nett). Orda elevane skal jobbe med, er direkte eller indirekte knytte til teksten dei allereie har lese.
1 Samtale i klassen
Sjå på orda under. Samanlikn skrivemåten på nynorsk og bokmål.
nynorsk |
bokmål |
flaug drøyme gløyme haust fleire reise vere |
fløy drømme glemme høst flere reise være |
- Finn de likskapar mellom skrivemåtane på nynorsk og bokmål?
- Ser de eit mønster i skrivinga på nynorsk/bokmål på dei fem første orda? (Diftong/ikkje diftong).
- Kan de seie noko om skilnadane mellom nynorsk og bokmål?
2 Individuelt – par – gruppe/felles (IPG)
I denne oppgåva skal elevane jobbe med bøying av verb på nynorsk.
- å fly
- å drøyme
- å gløyme
- å ønske
- Individuelt:
- Bøy verba ovanfor slik de trur dei skal vere på nynorsk. (Utan å bruke ordbok e.l.).
- Par:
- Gå saman to og to og samanlikn korleis de har bøygd verba. Er de einige om bøyinga?
- Bruk https://ordbokene.no/ for å kontrollere om de har bøygd orda rett. Dersom nokre av orda er bøygde feil, rettar de opp i feila.
- Gruppe/felles:
- Felles gjennomgang av verba i klassen, der verba vert skrivne på tavla. (Her kan elevane gjerne kome fram for å skrive verba, eller læraren kan vere sekretær).
- Verba ovanfor kan gjerast om til substantiv. Skriv dei, og bøy substantiva på nynorsk.
- Kva skjer med inkjekjønns-substantiva i fleirtal ubunden form?
Til deg som lærar: Her finn du nyttig informasjon om bøying av inkjekjønnsord på nynorsk: Bøying av inkjekjønnsord – enkel å læra
Økt 2: Introduksjon av skriveoppgåva
Skriv ein tekst der du formidlar dine framtidsdraumar. Under følgjer ei liste med spørsmål som skal svarast på i teksten, samt ei liste med kriterium.
- Kva er draumen din for framtida?
- Kvifor har du denne draumen?
- Kva må til / kva må du gjere for at du skal nå denne draumen?
- Når trur du draumen kan gå i oppfylling?
- Kor viktig er det for deg å nå denne draumen?
- Korleis trur du det vil kjennast å nå denne draumen?
Kriterium:
- Teksten skal vere på nynorsk.
- Finn ei overskrift som passar til teksten.
- Lag ein tekstdisposisjon før de startar (tankekart e.l.).
- Bruk nettordboka https://ordbokene.no/ i skrivearbeidet, slik at orda vert skrivne rett.
- Bruk rett teiknsetting i teksten, og pass på at ikkje setningane blir for lange.
- Teksten kan skrivast for hand eller digitalt.
Økt 3: Skriving og kameratvurdering
Del 1: Jobb vidare med førsteutkastet av teksten.
Del 2: Undervegs: Kameratvurdering.
Når elevane har skrive eit førsteutkast, skal dei få tilbakemelding på teksten sin. Dei skal også gje tilbakemelding på ein annan tekst. Her er det viktig at du som lærar set saman elevar som er trygge på kvarandre, og som er på omtrent same faglege nivå.
Tilbakemeldingane skal handle om innhaldet i teksten, og det er viktig å ha vekt på det som er bra med teksten. Samtidig er det fint om elevane kan få tilbakemelding på noko som kan gjere teksten enda betre. Her kan ein tenke «to stjerner og eit ønske» som utgangspunkt.
- Gje tilbakemelding på to ting som er bra med teksten.
- Gje tilbakemelding på ein ting som kan gjere teksten betre.
Hugs: Ha lista med kriterium tilgjengeleg slik at de kan sjå om teksten har med alt som skal vere med.
- Det er viktig at elevane snakkar saman, slik at det ikkje blir misforståingar om tilbakemeldingane.
- Forstår forfattaren kva som er meint med tilbakemeldingane?
- Har mottakaren misforstått noko i teksten som treng oppklaring? (Dette kan i tilfelle vere eit teikn på at det trengst ekstra forklaring eller ei omskriving).
Økt 4: Skriv teksten ferdig
Etter at elevane har fått og gjeve tilbakemelding, skal dei jobbe vidare med teksten. Før sjølve skrivinga held fram, skal elevane få lese om korleis det gjekk med Zara Rutherford. Del ut teksten eller be elevane bruke denne lenka: Ny verdsrekord: Dette er den yngste kvinna som har floge rundt jorda åleine (Framtidajunior.no)
Ved å la elevane lese om at draumen til Zara gjekk i oppfylling, vil dei kunne få inspirasjon og tru på at deira eigen draum også kan gå i oppfylling. Det kan gjere skrivearbeidet etterpå enklare.
Under finn de nokre tips til kva de kan gjere med dei ferdige tekstane:
- Framføring: Elevane les opp tekstane sine og fortel om framtidsdraumane sine.
- Samle alle tekstane i eit hefte som de kan ha på klasserommet, eller kopier det opp slik at alle elevane får kvart sitt eksemplar.
- Bruk tekstane som utgangspunkt for ei «framtidsutstilling» i klasserommet. Knyt tekstane opp mot kunst og handverk og lag modellar/teikningar/3D-modellar av dei ulike framtidsdraumane. La det blir «ei reise inn i framtida». (Tips til materiale å bruke til å lage 3D-modellar: plastilin, leire, Lego).