• Blogg
  • Forandring frydar!

Forandring frydar!

15.03.2019

Bibliotekbilete

Fornying av skulebiblioteket på lågbudsjett

Tekst: Liv Astrid Skåre Langnes
Foto frå skulebiblioteket ved Hareid ungdomsskule

Eit godt skulebibliotek kan vere hjarte og hjerne ved skulen. I fleire kommunar blir det satsa på skulebibliotek, og det blir løyvd pengar til både utvikling, bokinnkjøp og bemanning. Andre kommunar finn ikkje rom for å satse på skulebiblioteka sine, og ein får ikkje utnytta det potensialet skulebiblioteket kan ha både fagleg og sosialt. Sjølv om rammene er tronge, ligg mogelegheitene der. Dersom ein har ei boksamling, eit rom, nokre hyller og eit samla kollegium som tenkjer at skulebibliotek er viktig, får ein gjort mykje med små midlar.

Ved å måle biblioteket kan ein skape stor forandring. Det som kostar, er arbeidet. Her er det mange skular som har vore kreative. Dersom elevane går på ungdomsskule eller vidaregåande, er det mogeleg å la elevane sjølve gjere delar av jobben. Nokre stader har skulen kalla inn til foreldredugnad, og andre stader har mottakarar av arbeidsløysetrygd gjort arbeidet under leiing frå NAV. Der elevane sjølve skal måle, må ein gjere eit godt grunnarbeid med rydding, maskering og tildekking.

Før ein går i gang, kan det vere lurt å tømme biblioteket heilt for bøker og skru ned alle hyller. Pakk bøker i kasser. Merk kassene godt! Når rommet er heilt tomt, er det lettare å tenkje nytt om rommet, både med tanke på fargeval, innreiing og organisering. Dersom ein har eit lager der ein kan setje vekk bøker og møblar, går arbeidet fortare.

Img 3191
Før ein går i gang, kan det vere lurt å tømme biblioteket heilt for bøker og skru ned alle hyller.

Spar på det meste av møblane til de veit kva de treng. Kanskje kan hyller og reolar brukast om att. Ved å vaske og reinske reolane for flekkar og tapemerke, kan dei nesten stå fram som nye. Gamle skular har ofte like gamle interiørskattar ståande på lager, i gangar og på møterom. Det kan vere ein lenestol, ei hylle eller eit bord. Kanskje treng dei eit strøk måling, kanskje kan ein bruke dei som dei er. Nokre av møblane som stod i biblioteket, kan sikkert også brukast om att, med eller utan ny måling. Fjern element som skaper støy og får rommet til å sjå rotete ut. I biblioteket ovanfor vart rundellen, magasinhyllene, plaststolane og barkrakkane fjerna. Konferansebordet vart brukt om att. Trehyllene og kontorpulten vart måla i ein oransje farge i samråd med ein fargekonsulent. Designstolane rundt bordet er gamle kommunestolar frå 60-talet som stod tilfeldig plasserte og gøymde vekk på ulike rom på skulen.

Før ein kjøper inn måling, kan det kan vere lurt å kontakte ein fargekonsulent for å få hjelp til fargeval. Mange målarforretningar tilbyr denne tenesta, og lokale aktørar kan gjerne vere positive til å gje eit godt tilbod for skulebiblioteket i lokalmiljøet. Biblioteket her fekk konsulenthjelp til å velje farge på veggane, teppefliser og farge på møblane. Fargekonsulentar frå den lokale målarforretninga stilte gratis opp mot at dei fekk bruke bilete frå fornyinga på bloggen sin. Skulen fekk også eit godt tilbod på måling og teppefliser frå forretninga. Dersom det passar, kan ein dele biblioteket inn i soner ved å måle rommet i ulike fargar. Dette biblioteket vart måla i tre ulike grønfargar, ein farge for kvar del av rommet.

Gamle skular er ofte murbygningar med lydforhold som minner om eit bomberom. Det er mange tiltak som kan betre lydforholda i slike rom. Ein kan legge teppe på golvet, bruke lyddempande plater i taket og på veggene, og ein kan møblere med mjuke møblar som lenestolar og sofa. Puter og gardiner kan også betre lydforholda i rommet.

Img 3154
Ein mjuk sofa kan betre lydforholda i rommet.

Etter kvart som ein veit kva ein treng av nye møblar, kan ein gå på skattejakt. Det kan vere lurt å finne ut kva fargar og kva type møblar ein kan tenkje seg, og halde seg til denne planen. Det ein ikkje finn med ein gong, dukkar gjerne opp etter kvart. Det er mange som gir bort møblar på til dømes Finn og Facebook, og bruktbutikkar og loppemarknader sel både sofaer, stolar, lampar og bord. Ein kan også sende ut eit skriv heim til elevane der ein spør etter møblar til biblioteket. Det er lurt å ha ei tydeleg bestilling, så ikkje biblioteket blir sjåande ut som ein nymåla loppemarknad. Tekstilforretningar og interiørbutikkar har svært gode rabattar på både puffar, puter og stolputer etter kvar sesong. Dei som vil spare pengar, ventar til salet kjem før dei gjer slike innkjøp.

Gamle skular har ofte eit lager med gamle kart og plansjar frå naturfagsalen. Desse er både dekorative og lærerike og passar godt i eit skulebibliotek. Det går også an å dekorere veggene med bøker der framsida vender ut. Bildelister får ein kjøpt rimeleg fleire stader. Desse er flotte å stille ut bøker på.

Img 3152
Gamle plansjar er dekorative og passar godt i eit skulebibliotek.

Det er ikkje sikkert ein skal skru opp att alle dei gamle hyllene og reolane. Vel ut dei finaste. Vent med resten. Ein bør heller ikkje setje alle bøkene tilbake i biblioteket. Set tilbake dei bøkene de trur elevane les. Resten kasserer de. I dømet ovanfor vart det kassert hundrevis av bøker. Ved å kaste gamle bøker, vil boksamlinga ofte stå fram som ny for elevane. Då ser dei bøker dei elles ikkje ville lagt merke til. Det kan vere lurt å be den lokale folkebibliotekaren om hjelp i kasseringsarbeidet. Dei har ofte mykje kompetanse og erfaring på dette området. Folkebibliotekaren kan også hjelpe til med organisering av boksamlinga.

Å fornye skulebiblioteket er mykje arbeid, og det tek tid. Dersom ein skulebibliotekar har tre timar i veka til rådvelde, vil jobben ta mange månader. Mange skulebibliotekarar vil kanskje oppleve at det meste vil falle på dei. Då er det lett å vegre seg for å gå i gang med ei så stor oppgåve. Det er viktig at kollegiet står samla om ei slik fornying, og at skulebibliotekaren ikkje blir ståande aleine. Det er også viktig å ha leiinga i ryggen og ei forsikring om at dette prosjektet vil skulen prioritere og gje tid til.

Img 3156
Img 3151