Podkast for samhald og leseglede
15.05.2025

Gi elevane positive opplevingar med nynorsk ved hjelp av gode bøker og enkelt podkastutstyr. Her kan du lese om erfaringane til lærarane ved Øyra skule som har gjennomført dette på 5. trinn saman med Nynorsksenteret.
Tekst og foto: Nynorsksenteret
I mai 2024 publiserte Nynorsksenteret ni podkastar om bøker for elevar på småtrinnet. Åtte elevar frå klasse 4b ved Øyra skule var med. Prosjektet fekk nasjonal merksemd. Skuleåret etter har heile klasse 5b ved Øyra skule spelt inn podkastar med boktips for mellomtrinnet.
– Det har vore ei lærerik og kjekk oppleving for både elevar og lærarar. Vi har lese fem ulike bøker høgt i klasserommet, og elevane har fått møte ulike forteljingar, språklege uttrykk og tema som har engasjert dei på ulike måtar, seier lærar Astrid Velsvik Henriksen.

Aktivt møte med bøkene
Norskfaget skal gi elevane litterære opplevingar og moglegheit til å uttrykke seg kreativt og skapande (LK 20). I ein klasse med 27 elevar vil det vere barn med svært ulike lesevanar.
– Nokre les mykje, og nokre les lite eller ingenting. I dette prosjektet ber vi elevane meine noko om bøkene. Dermed får elevane eit meir aktivt møte med bøkene, seier høgskulelektor Heidi Fagna ved Nynorsksenteret.
For å meistre eit språk må ein møte det mest mogleg. Mange elevar møter mindre nynorsk enn bokmål. Det gjeld både elevar som har nynorsk som hovudmål, og elevar som har nynorsk som sidemål.
– Vi veit at det å verte lesne for, er positivt for alle uansett bakgrunn. Difor er vi veldig glade for at lærarane og elevane har vore så ivrige deltakarar i arbeidet med Barneboktipset, seier Fagna.

Om prosjektet
Lærarane, Tone Botn og Astrid Velsvik Henriksen, har lese fem bøker på nynorsk høgt for alle elevane i klassen. Bøkene passar for barn mellom 9 og 12 år:
Full bajas av Ingunn Thon
Erling Braut Haaland frå liten til størst av Zazzera Johansen og Kristoffer Kjølberg (ill.)
Steinalderen. 10 000 år gamle tyggisar og hovudskallar på stong av Eirin Holberg og Åshild Irgens (ill.)
Ivar får ansvar av Arnfinn Kolerud
Kobbs hus av Thoralf Fagertun
Etter at lærarane var ferdige med å lese kvar bok, fekk klassen besøk av Heidi Fagna og Ingvild Myklebust Hovden frå Nynorsksenteret. Kvar elev fekk utdelt ei notatbok som dei kunne skrive og teikne i. På kvar boksamling fekk elevane teikne medan ein vaksen las høgt. Etterpå vart elevane bedne om å skrive ei setning eller to om kva dei synest om boka.
– Det har vore veldig viktig at det er elevane si meining som kjem fram. Vi har ikkje lagt føringar på kva det er lov å meine om ei bok, seier Fagna.
Alle elevane i klassa fekk tilbod om å vere med. På kvar innspeling deltok seks elevar, og gjennom skuleåret har alle vore med.
– Elevane har vist stor glede, interesse og nysgjerrigheit gjennom heile prosjektet. Dei har lytta aktivt, diskutert innhaldet i bøkene og kome med eigne tankar og refleksjonar. Å få lese høgt, og seinare delta i innspeling av podkast, har vore motiverande og gitt elevane ei kjensle av meistring og stoltheit. Å delta i slike prosjekt og lage felles podkast i klassen, ser vi er samlande for læringsmiljøet i klassen. Det blir noko alle kan delta i, uansett føresetnadar. Prosjektet har bidrege til leseglede hjå elevane, seier Astrid Velsvik Henriksen.
– Kva har overraska dokker mest?
– Det som har overraska oss mest, er kor engasjerte og modige elevane har vore. Mange har tort å lese inn i mikrofon og dele tankar om bøkene, uansett kva erfaring dei har med å lese bøker. For oss er det viktig at alle er saman om klasseprosjekt, og det har vi fått til. Vi har oppdaga nye sider ved kvarandre, og det har styrkt både samhald og leseglede i klassen. Å ha vekt på høgtlesing i klasserommet har gitt ro, tid og rom for refleksjon, seier Henriksen.

Respons frå elevane
På premierefesten bad vi elevane skrive eit ord eller ei setning om korleis det var å vere med på prosjektet. Responsen var overveldande positiv.
– Eg synest det er gøy å få lese nye bøker og at vi kan inspirere andre. (Jente i 5b)
– Det har vore veldig kjekt, både konseptet og å få litt meir variasjon i skulekvardagen. Alt i alt så har eg kosa meg veldig med dette fellesprosjektet. (Gut i 5b)
– Eg synest at å få vere med på å lage podkast har vore ei ære. For eg synest det er fint å få dele leseglede og den nye verda ein kan oppleve av bøker. (Jente 5b)
– Eg synest det er veldig gøy at vi i 5b har starta ein ting som har gitt idear og sånt for heilt andre klassar. (Gut i 5b)
Korleis lage podkast med boktips?
- Du kan låne bøker gratis frå biblioteket.
- Du kan bruke gratis opptaks- og redigeringsprogram.
- Du må setje av tid til høgtlesing og samtale om boka.
- Her finn du oppskrifta med alle detaljane.

La elevane lage podkast med boktips
I dette opplegget får elevane lage podkast der dei tipsar andre barn om bøker. Det er laga for 1.–4. trinn, men kan tilpassast alle trinn.

Mellomtrinnet: La elevane lage podkast med boktips
I dette opplegget får elevane lage podkast der dei tipsar andre barn om bøker. Det er laga for 5.–7. trinn, men kan tilpassast alle trinn.


