• Blogg
  • Barneboktipset: Leseglede med podkast

Barneboktipset: Leseglede med podkast

21.06.2024

Barneboktipset komprimert til nettside

Bak frå venstre: Mathilde S. (10), Olav (10), Emil (10) og Live (10). Framme frå venstre: Sondre (9), Melissa (9), Mathilde D. (9) og Jesper (9).  

Åtte fjerdeklassingar har laga podkastar med barneboktips saman med Nynorsksenteret. Målet med prosjektet er å skape leselyst og leseglede. Nynorsksenteret har laga eit undervisningsopplegg som viser korleis elevar kan lage slike podkastar. 

Elevane har jobba med ni nynorske bøker for målgruppa 6–9 år. I podkasten fortel dei kva dei likar med bøkene.  

– Vi håper barna kan vere med på å inspirere andre barn til å lese meir. Vi ønsker å løfte fram dei gode nynorske barnebøkene, seier høgskulelektor Heidi Fagna ved Nynorsksenteret.  

Sju samlingar

Frå slutten av januar til slutten av april har Heidi og Ingvild frå Nynorsksenteret hatt sju samlingar med elevane. Her har dei lese bøker og diskutert innhaldet, og elevane har formulert sine eigne meiningar om bøkene. Biletbøkene las dei på samlingane, dei lengre bøkene har lærarane deira lese for heile klassen.  

– Eg synest det har vore veldig spennande å lage podkast, fordi det har eg ikkje gjort før, og det var fint å høyre nye bøker, seier Melissa (9).   
– Eg synest det har vore veldig gøy med podkast fordi vi har fått snakke i mikrofon og høyre på det vi sjølv har laga. Det var også fint å få teikne på samlingane, seier Mathilde D. (9). 
– Det er spennande at podkastane blir lagde ut på Internett, seier Sondre (9).  

IMG 4580 utsnitt komprimert til nettside

Tilrår å lese bøker

– Kva råd vil de gje til andre barn som skal lage podkastar som dette? 
– Les bøker! Det er veldig kjekt, ein blir veldig inspirert av det, og ein blir rask til å lese, og det er veldig bra, seier Jesper (9). 
– Einig med Jesper, og så blir ein også smartare av å lese bøker. Viss ein vil bli smartare, er det ein veldig bra måte å bli smartare på, seier Melissa (9). 
– Viss du les, kjem du inn i ei verd der du blir kjend med mange nye folk, og så får du deg mange vennar og nokre uvennar, seier Mathilde D. 

– Les bøker! Det er veldig kjekt, ein blir veldig inspirert av det, og ein blir rask til å lese, og det er veldig bra, seier Jesper (9). 

Lærte mykje

Dei åtte elevane har lært mykje av å vere med på prosjektet.  
– Eg har lært korleis ein lagar podkast, seier Emil (10). 
– Eg lærte å skrive kva eg likte i boka, utan å avsløre for mykje, seier Mathilde S. (10). 
– Det er viktig å planlegge godt. Ein må skrive ned det ein skal seie, før ein tek opptak, og redigere etterpå slik at det ikkje blir veldig rart, seier Live (10). 
Og dei har eit heilt klart råd til andre som har lyst til å lage podkastar: 
– Høyr våre først, seier Olav (10).

Teikningar: Mathilde D. Redigering: Åge André Breivik

  • Podkastane inneheld episodar på rundt to minutt som lærarar eller andre kan spele av for barn som treng leseinspirasjon. Kvar episode handlar om ei bok.  
  • Kvar episode tek utgangspunkt i to spørsmål:   
    1. Kva handlar boka om?  
    2. Kva likar eg med denne boka?  

Undervisningsopplegg

Det er eit mål at elevar og lærarar på andre skular kan hente inspirasjon frå Barneboktipset til å lage eigne podkastar. Nynorsksenteret har laga eit opplegg som viser korleis ein kan lage slike podkastar. 

Opplegget er laga med utgangspunkt i læringsmåla for 1.–4. trinn og 5. –7. trinn, men kan enkelt tilpassast eldre elevar.

Barneboktipset Oskar og eg ikon
La elevane lage podkast med boktips

I dette opplegget får elevane lage podkast der dei tipsar andre barn om bøker. Det er laga for 1.–4. trinn, men kan tilpassast alle trinn.  

Nynorskbok
Nynorskbok.no

Her finn du omtalar av hundrevis av gode nynorske bøker for ulike aldersgrupper.

Kontaktinformasjon 
Ansvarlege for prosjektet ved Nynorsksenteret: Heidi Fagna og Ingvild Myklebust Hovden 

E-post: heidi@nynorsksenteret.no 
E-post: ingvild@nynorsksenteret.no