Tjensvold teiknar tre og dyr
16.06.2025

Dyr, tre og plantar i mange variantar er sentrale i alle bøkene hennar. Likevel er det ikkje først og fremst naturen som er viktigast å løfte fram for forfattar og illustratør Trude Tjensvold.

Tekst og foto: Heidi Fagna
– Eg liker veldig godt å teikne dyr. Eg liker betre det enn å teikne menneske. Det vert litt meir leikent når ein kan bruke dyr. Det er lettare å frigjere seg frå realismen, seier Trude Tjensvold i podkasten Bakom boka.
I debutboka Bo flyttar ut (2016) møter me Bo, ei ubestemmeleg blanding av menneske og katt. Bo bur med mor og trivst godt med det, heilt til den store hunden Viktor flyttar inn. Bo og Viktor kranglar og vert sende ut av mor for å få seg frisk luft. Det sender Bo ut på rømmen. Han prøver mange nye bustader, både hjå moldvarpen, ulven og andungen.
Her tek den røynde illustratøren Tjensvold oss med gjennom eit referansebonanza. Berre på dei seks sidene Bo besøker andungen, kan den observante lesaren sjå bukkane Bruse, den stygge andungen, Donald Duck og skuggen av eit troll.

Meir katt og andre dyr
I 2019 gav Tjensvold ut Vil du ha katt? i Leseland-serien til Samlaget. Boka handlar om Gunnar og Gro, som finn ein forlaten katt. Dei får ikkje ha katten sjølv, og gyv laus på ei reise i blokka si, på leit etter nokon som kan ta katten. Det viser seg at alle har eit dyr som går dårleg overeins med katten.


I biletboka Bålet (2020) møter me beveren Bella, som planlegg eit stort og flott jonsokbål. Ho elskar sommaren, men ho er ikkje særleg glad for at by-dyra kvart år kjem for å beite i skogen. Bella likar særleg dårleg grisen Sylte, og det er gjensidig. Dei to kranglar seg gjennom boka, før dei vert tvinga til å samarbeide mot slutten. Boka kan vere eit godt utgangspunkt for ein samtale med barn om korleis dyra er mot kvarandre.

Ungdomsroman og sakprosa
I 2022 kom den grafiske ungdomsromanen Raud Volvo. Jenny går på ungdomsskulen, bur saman med mora og halvbroren og liker å vere med venninna Ann-Sofi. Men Ann-Sofi har begynt å røyke og henge med eldre ungdommar, og det påverkar Jenny til å ta nokre ganske dårlege val. Romanen er ein hybrid mellom tekst og teikneserie.

I 2023 kom sakprosaboka Vi roper i skogen. Ei faktabok om skogens språk. Her lærer me at maur kommuniserer ved å la antennene møtast, og at ulveflokkar varierer toneleiet for at ikkje fiendar skal vite kor mange dei er.
I 2025 kom romanen Misty åleine. Misty er ein hund. Ho elskar eigaren Ruben, men det vert krig i landet, og ho vert med eit uhell innestengd i bombekjellaren då Ruben må flykte. Misty prøver å ta att familien sin. Misty leitar lenge etter familien og kjem ut for mange vonde ting som skjer i krig.
I tillegg til sine eigne bøker har Tjensvold illustrert Alle kosedyra har namn unntatt esel av Kristoffer Gaarder Dannevig.
Mangeårig illustratør
Trude Tjensvold arbeidde i mange år som som biletkunstnar og frilansillustratør for tidsskrift, reklame og forlag. I ein alder av 51 år debuterte ho som forfattar.
Teiknestilen varierer med tema og målgruppe, men det skin tydeleg gjennom at Tjensvold liker å teikne naturen. I bøkene hennar finn ein tre i mange ulike stilar. Ho teiknar dei både slik dei ser ut, og slik dei ikkje ser ut. I Bålet er der 21 ulike planteartar.
– Eg er veldig glad i å teikne natur. Men om eg skal peike på ein raud tråd i det eg driv med, er det først og fremst vennskap og kommunikasjon mellom menneske, seier Tjensvold i Bakom boka.