• Blogg
  • Vonde tema i godt språk

Vonde tema i godt språk

22.05.2025

Therese Garshol Syversen beskjært og komprimert til nettside

Therese Garshol Syversen skriv både ungdomsbøker og akademiske artiklar. (Foto: Nynorsksenteret)

Hovudpersonane er ei jente som overlever faren sitt drapsforsøk, og søstera til ei som døydde etter gruppevaldtekt. Therese Garshol Syversen serverer ungdommen knallharde tematikkar pakka inn i action, truverdige miljø og godt språk. 

Tekst: Heidi Fagna

Syversen har så langt skrive to ungdomsromanar. Begge bøkene er spennande, og dei er godt skrivne: For Sting fekk Syversen debutantprisen Trollkrittet, og boka vart nominert til Kulturdepartementets debutantpris. Eg skal rive deg i filler vart nominert både til Uprisen og Kritikarprisen. 

 – Eg er oppteken av form. Eg meiner at viss ikkje forma sit, så fell alt gjennom. Og det gjeld språket også. Det hjelper ikkje å ha eit viktig tema eller ein god bodskap om ikkje boka har funne forma si, seier Syversen i forfattarpodkasten Bakom boka frå Nynorsksenteret. 

Sting komprimert til nettside

Drap og valdtekt

Ho debuterte med Sting i 2022. Her møter me 16 år gamle Emma. Ho er på sjukehuset og i samtale med psykologen Beate. Faren har drepe mora og seg sjølv, og han skaut også Emma, men ho overlevde. Boka vekslar mellom notid og fortid. Her er både truslar om vald og eskalerande vald. Sakte spinn nettet seg strammare og strammare rundt det Emma helst verken vil tenke på eller snakke om. 

I 2024 kom den neste ungdomsboka, Eg skal rive deg i filler. 18 år gamle Iben Maria Løvenskiold går undercover for å hemne gruppevaldtekta den 14 år gamle søstera opplevde den kvelden ho døydde. Boka er sett i rikingmiljøet på Frogner i Oslo, og Syversen boltrar seg i stereotypiane: Rikmannssønene bruker både dop og andre sine kroppar, og dei bryr seg lite om andre menneske. Det er ein actionthriller med høgt tempo heile vegen. Og plottet er intrikat. 

Eg skal rive deg i filler komprimert til nettside

Bøker i teori og praksis

Til dagleg jobbar ho som førsteamanuensis ved Universitetet i Innlandet, og både forsking og undervising handlar om barnelitteratur og litteraturdidaktikk. Ho trur likevel ikkje at den teoretiske kunnskapen betyr at det vert enklare for ho å skrive bøker sjølv. 

–  Det kan hende eg får ein del igjen for å ha lese mykje. Elles trur eg ikkje eg fekk så veldig mykje draghjelp i arbeidet med Sting. Eg gjorde alle dei typiske feila som førstegongsforfattarar gjer. Det går kanskje heller den andre vegen. Det hender at eg hentar inn erfaringar som forfattar i undervisinga for lærarstudentar. Det kan gjere det meir konkret for dei, seier Syversen i Bakom boka. 

Formuleringa i starten av denne artikkelen var at Syversen så langt har skrive to ungdomsbøker. Men desse ungdomsbøkene frå 2022 og 2024 er ikkje det einaste ho har skrive. Ho har også skrive to mastergradsavhandlingar (2015, 2019), ei doktorgradsavhandling (2023) og fagboka Litteraturarbeid i barnehagen (2020). Alle desse kom på under ti år, og i god tid før Therese Garshol Syversen fyller 40 år. 

Det er altså all grunn til å vente seg meir frå den kanten.