• Blogg
  • Tur + litteratur = sant!

Tur + litteratur = sant!

03.05.2021

Dagsturhytta i Førde Gyttanett til nettside

I Vestland fylke har dagsturhytter med nynorske turbibliotek blitt populære samlingspunkt for både små og store.

Tekst: Ingvild Myklebust Hovden

Dagsturhytteprosjektet starta i Sogn og Fjordane i 2016 og gjekk ut på å etablere dagsturhytter i alle kommunar i dåverande Sogn og Fjordane. I løpet av våren 2022 skal det kome 56 dagsturhytter i heile Vestland fylke, og satsinga spreier seg også utover fylkesgrensa. Hyttene vert finansierte som eit spleiselag mellom fylkeskommunen, gåvemidlar frå Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane og kommunane sjølve. Første hytte kom opp i desember 2017. Som ein del av dagsturhyttene har det vorte etablert nynorske turbibliotek.

– Eg trur ideen om turbiblioteka vart sådd for rundt fire-fem år sidan då vi høyrde om utebiblioteka til Aasen-tunet, fortel Siv Merethe Hatlem som er seniorrådgjevar i seksjon for bibliotekutvikling i Vestland fylkeskommune.

Dåverande fylkesdirektør for kultur og næring i Sogn og Fjordane, Ingebjørg Erikstad, meinte dei måtte få turbibliotek inn i dagsturhytteprosjektet, og slik vart det.

Siv MH
Siv Merethe Hatlem er seniorrådgjevar i seksjon for bibliotekutvikling i Vestland fylkeskommune.

– Kva var målet med dei nynorske turbiblioteka?

Lesestimulering. Vi må gi fleire lyst til å lese ved å gjere bøkene tilgjengelege! Nynorsk litteratur står sentralt i Vestland fylke, så bokutvalet består først og fremst av nynorske bøker, og særleg for barn. I tillegg har vi lyst til at biblioteka skal verte meir synlege. Difor såg vi på dette som ei gyllen anledning til å få synleggjort både god litteratur på nynorsk og biblioteka, seier Hatlem.

Gjennom prosjekta har dei lykkast med å synleggjere biblioteka. Samstundes har dei møtt publikum på andre arenaer.

– Det er kjekt å sjå at biblioteka vert synlege utanfor bibliotekrommet. Dagsturhyttene har jo verkeleg vorte populære besøksmål både hos lokalbusettinga og tilreisande, seier ho.

– Kvifor trur du dette prosjektet har blitt ein suksess?

– Det er ein kombinasjon, trur eg. No er det veldig vekt på friluftsliv og at folk skal vere i aktivitet. Vi var heldige og fekk smetta inn det med lesing, for det er absolutt ein del av folkehelsa det også. I tillegg gir bøkene trivsel og aktivitet i hyttene, seier Hatlem.

Dei har også fått prøvd ut dagsturhyttene som kulturarenaer eller som scener i naturen.

– Det er populært og har trekt mykje folk. Det er ein god miks av ulike element som gjev ein totalpakke som er litt unik, trur ho.

Dei når alle lag av befolkninga, frå dei yngre til dei eldre og alle imellom.

– Familiar har omfamna det på ein fin måte. Vi har treft noko som gjer at folk synest prosjektet er kjekt. Det er nært, det er alle sitt, og det kostar ikkje noko å delta. Dei frivillige speler også ei viktig rolle. Dei hjelper mellom anna til med vedlikehald av dagsturhyttene, seier Hatlem.

Lesegledar Gunn Dale Tufte Barnehageformidling Gytta fotograf Bente Lund høgoppløyseleg
Lesegledar Gunn Dale Tufte formidlar til barnehagebarn. (Foto: Bente Lund)

Kulturarena

Mange samarbeidspartnarar er involverte i prosjektet med dagsturhyttene, mellom anna lokale turlag og Den kulturelle skulesekken (DKS). På den måten har ein fått fleire kulturarrangement på hyttene. Fylkesbiblioteket søkte prosjektstøtte frå Nasjonalbiblioteket og fekk midlar til å prøve ut dagsturhyttene som arena saman med folkebiblioteka i tidlegare Sogn og Fjordane. I løpet av eitt år vart det arrangert nesten 70 arrangement med over 1600 barn, ungdom og innvandrarar som deltakarar. Ein må tilpasse arrangementa etter kvar hyttene er plasserte, og om det er mogleg for publikum å kome seg dit.

Det kan vere ein krevjande arena fordi det inneber at deltakarane må ut på tur, og arrangør må legge til rette for eit utandørs arrangement langt unna sin vante scene med alt det omfattar. Men det gir utruleg gode opplevingar, spesielt når vêret klaffar, smiler Hatlem.

Vil synleggjere bøkene

Fylkeskommunen gjev ei innflyttingsgåve med 16 nynorske bøker for barn og unge til dei nye dagsturhyttene. Dei lokale biblioteka har ansvaret for turbiblioteka. Dei held det ved like og fyller på med bøker, gjerne nokre lokalhistoriske som har ei eldre målgruppe.

– Vi har prioritert bøker som først og fremst er retta mot barn, fordi barn er ei viktig målgruppe. Tidleg start med lesing er positivt for barna, og så finst det mykje god barnelitteratur på nynorsk som vi har lyst til å synleggjere, seier Hatlem.

Biblioteka er opptekne av å ha utstillingshyller som vender bøkene ut i rommet, noko som også gjev stemning og atmosfære.

– Det er mykje lettare å ta ei bok og ha ei lesestund når bøkene har så sentral plassering i hyttene, seier Hatlem.

Når ein har lese ei bok i hytta, må ein setje ho på plass igjen før ein går, men ein kan stikke innom det vanlege biblioteket for å låne med seg tilsvarande bok heim. I namnet, Det nynorske turbiblioteket, ligg det at det først og fremst skal vere nynorsk litteratur, men det er opp til dei lokale biblioteka å forsyne biblioteket.

– Det kan vere folk som har lyst til å donere bøker til turbiblioteka, og det er sjølvsagt godt meint, men vi er opptekne av at biblioteka må ha det faglege ansvaret for litteraturen i samlinga for å sikre kvaliteten og utvalet, seier Hatlem.

Frå dagsturhytta Øygarden Foto av André Marton Pedersen og Bergen og Hordaland Turlag til nettside
Eit glimt frå bokhyllene til dagsturhytta Larslibua i Øygarden. (Foto: Andre Marton Pedersen, Bergen og Hordaland turlag.)

Ekstra element til turopplevinga

Ein del som planlegg dagsturhytter andre stader i landet, vurderer kanskje om dei skal inkludere turbibliotek i satsingane. No kan dei hauste erfaringar frå Vestland fylke.

Vi har fronta at det er ein totalpakke som gjev eit ekstra element til turopplevinga. Ein kan setje seg ned og finne roa til å lese og skape ei koseleg stund. Bøkene har ein kjempeverdi i desse hyttene. Vi får mykje positive tilbakemeldingar frå brukarane. Folk bruker turbiblioteket og set pris på den tilleggsdimensjonen det gir, seier Hatlem.

Samstundes legg ho ikkje skjul på at det krev ein innsats frå biblioteka i form av arbeidstid, ressursar og oppfølging.

– I den nye nasjonale bibliotekstrategien er det lagt vekt på at biblioteket skal kome seg meir ut av bibliotekrommet, og då er dette midt i blinken, meiner Hatlem.

Har du lyst til å besøke ei av dagsturhyttene?
Les meir om hyttene i denne brosjyren.

Du kan finne Dagsturhytta på Instagram og Facebook.
Les meir her.

Dagsturhytta Gyttakvia i Førde til nettsidejpg
Dagsturhytta Gyttakvia i Førde. (Foto: Sissel Straume Svoen)