Hugseliste for skular/kommunar

Kva må skulen hugse på når nye dataprogram og appar skal installerast?

Illustrasjonsfoto Lærar Som Rettar Komprimert

Opplæringslova slår fast at alle elevar i norsk skule har rett til å få læremidla sine på nynorsk i alle fag, og at denne retten gjeld på same vis for digitale læremiddel som for tradisjonelle læremiddel på papir. Skulane har dermed ikkje lov til å ta i bruk digitale læremiddel som ikkje finst på nynorsk. For at elevane skal få læremidla sine på nynorsk, er det mykje som skulane og/eller IT-avdelingane må hugse på. Her er ei lita hugseliste:

Er det ting i operativsystemet som må stillast inn for at appen/programmet skal fungere for nynorskbrukarar?

Nokre nettsider, program og appar kjem automatisk på det språket som er stilt inn som føretrekt i operativsystemet. Pass difor på at nynorsk er sett som føretrekt språk og inndataspråk på elevmaskinene.

Aktuelle instruksjonar:

Ein del produksjonsppar som ikkje finst på norsk, som Book Creator, krev òg at du ordnar instillingar i operativsystemet eller nettlesaren, dersom dei skal brukast av nynorskelevar. Til dømes må du velje nynorsk tastatur eller, om nynorsk tastatur ikkje er tilgjengeleg, slå av stavekontrollen i nettlesaren eller operativsystemet. Elles risikerer du mange raude strekar eller at ord elevane skriv, automatisk vert endra til bokmål.

Aktuell instruksjonar:

Er nynorskutgåva installert?

Nokre program og appar har nynorsk og bokmål i separate utgåver. Til dømes På Sporet ABC, der nynorskutgåva og bokmålsutgåva er to ulike appar. Pass då på at de installerer nynorskutgåva.

Andre program og appar, til dømes Office-pakken, krev at du installerer ein språkpakke for å få nynorskutgåva.

Aktuell instruksjon:

Er det ting i programmet/appen som må stillast inn for å få det på nynorsk?

Dersom ein må gå inn i språkvala i menyen på appen/programmet for å få opp nynorskutgåva, bør det om mogleg gjerast før elevane får opp programmet på maskina si. Pass dessutan på at det ikkje er noko i dei sentrale innstillingane i kommunen som gjer at programmet hoppar tilbake til bokmål kvar gong det vert oppdatert eller opna på nytt. Det skal ikkje vere elevane si oppgåve å heile tida sjekke språkinnstillingane.

Aktuell instruksjon:

Har du spørsmål eller kommentarar? Ta kontakt med arild@nynorsksenteret.no.