Slik set du nynorsk som føretrekt språk på iPad

Grensesnittet på iPad finst førebels berre på bokmål, men ved å setje nynorsk som føretrekt språk i operativsystemet får du nynorsk på dei nettsidene og programma som tilbyr det. Til dømes vert då google.no på nynorsk, og toppstripa på iPad viser nynorske namn på vekedagane.

Slik gjer du det:

  1. Gå inn på Innstillinger > Generelt > Språk og region
  2. På lina under «iPad-språk» står det «Andre språk». Klikk på «Andre språk» (ikkje på «iPad-språk»).
  3. Finn «Norsk nynorsk» i lista og klikk at du vil ha det som føretrekt språk.
  4. Dersom du har gjort alt rett, har du no ei liste med ønskt rekkjefølgje av språk der «Norsk nynorsk» ligg øvst, med «Norsk bokmål» på andreplass.
I Padspraak2
Slik ser det ut når nynorsk ligg som føretrekt språk.