Bruk av appen Skoleskrift

Skoleskrift

Mange skular nyttar appen Skoleskrift på ipad når elevane skal lære å skrive. Dersom den appen skal nyttast på nynorskskular, er det særs viktig at skulen anten installerer nynorsktastatur eller skrur av stavekontrollen. Stavekontrollen skrur du av ved å klikke på tannhjulet oppe til høgre i programmet og slå av valet «stavekontroll».

Dersom du ikkje vel nynorsktastatur eller slår av stavekontrollen, kan korrekte nynorsktekstar verte fulle av raude strekar, og elevane får opp framlegg om å nytte bokmålsord i staden.

Talesyntesen i Skoleskrift er ikkje laga for nynorsk, noko som kan føre til mykje rar uttale av vanlege nynorske ord. Appen IntoWords, som har ein eigen nynorsk talesyntese, kan difor vere eit godt alternativ til Skoleskrift.