IntoWords og STL+

Into Words

IntoWords er eit skrivestøtteverktøy som fungerer på nettbrett, PC, Chromebook og smarttelefon. Nynorsksenteret har testa verktøyet på iPad og Chromebook, for å sjå korleis og i kva grad verktøyet kan vere til hjelp, først og fremst for elevar på 1.–4. trinn.

For nynorskelevane har det vore ei utfordring med liknande skriveappar at talesyntesen ikkje er tilpassa nynorsk. I IntoWords er talesyntesen «Olai» på nynorsk, i tillegg til at du kan velje svært mange andre språk i menyen, noko som er nyttig å vite om i fleirspråklege klasserom. Å ha eit godt skrivestøtteprogram med nynorsk talesyntese er viktig i metodikken STL+, der ein aktivt brukar lydstøtte for å bli kjend med bokstavane og lære å lese og skrive.

For å bruke IntoWords må skulen kjøpe ein lisens, og elevane loggar seg deretter på via Feide. Elevane kan bruke IntoWords på fleire måtar. Mellom anna kan ein skrive direkte i programmet, som ein gjer i til dømes verktøyet Skoleskrift. Ein kan også bruke IntoWords som tastatur når ein skal skrive i andre program. På iPad fungerer det til dømes slik at når ein først har installert IntoWords og er inne i andre program eller appar, kan ein trykkje på globus-teiknet og få fram IntoWords-tastaturet.

Det er særleg nyttig å vite om desse fire funksjonane i IntoWords:

  • Ordprediksjon – når ein har starta på eit ord, kjem det forslag til resten av ordet
  • Ordforslag – det kjem forslag til det neste ordet i setninga
  • Ordbok – slå opp og få ordforklaringar
  • Talesyntese – å få teksten lesen høgt, i det tempoet ein vil

Det er viktig å merke seg at IntoWords ikkje er eit retteprogram. For å få ein god stavekontroll og merking av ord med feil, må ein nytte andre program.

IntoWords er verdt å prøve ut i lesing og skriving på 1.–4. trinn, men kan også vere eit nyttig hjelpemiddel for eldre elevar.