Kven, kva, når og ei hending

Her kjem eit døme på ei enkel, men kreativ skriveoppgåve som passar for elevar på ulike alderssteg. 

Kven Kvar Naar Ei Hending
  1. Elevane får utdelt fire lappar i ulike fargar. På kvar lapp skal dei skrive eitt eller nokre få stikkord. Det er viktig at elevane bruker den same fargen på lappen til dei same spørsmåla. 
  2. Kven? Her skriv kvar elev ein person / eit dyr / ein oppdikta skapnad (dronning Sonja, læraren, Supermann, ein grevling, ein robot, Raudhette).
  3. Kvar? Her skriv kvar elev ein stad der hendingane skal gå føre seg (i London, på skoletaket, på kyrkjegarden, i nabobygda, under pulten).
  4. Når? Kva tid skjedde hendingane? (på 1500-talet, søndag føremiddag, i 2030, sist sommar, midt på natta).
  5. Ei hending. Ei forteljing må ha ei sentral hending, helst litt dramatisk eller uventa (eit drap, bli teken i fartskontroll, hoppe i fallskjerm, sykle i grøfta).
  6. Læraren samlar inn alle lappane, og blandar dei godt. Så trekker kvar elev ein lapp av kvar farge. Her får dei stikkord som dannar ramma rundt historia dei skal skrive. Ein må vere fleksibel når det gjeld å la elevane gjere tilpassingar og finne på nye ting sjølv, for det kan hende at ein elev har trekt fire lappar som vanskeleg passar saman.

Dette blir veldig artige forteljingar, og dei treng ikkje vere så lange. Mange elevar opplever å kunne sleppe seg litt laus når dei ikkje må finne på heile historia sjølv. Her vil jo tilfeldigheitene rå.