Twitternovelle

Vente Paa Fuglen
Frode Grytten: Vente på fuglen. Kagge forlag 2014

Dette opplegget om twitternoveller tek om lag to skuletimar.

1. time

  1. Sjå intervju med Frode Grytten frå Språksjov. Innslaget kjem 25.23 ute i episoden. Innslaget varer om lag 13 minutt.
  2. Les nokre av Frode Grytten sine twitternoveller. Du finn dei i antologien «Vente på fuglen». Alle twitternovellene finn de på twitterkontoen til Frode Grytten (skroll nokre få innlegg ned til 2. juni 2013).
  3. Sjå om elevane hugsar kva Frode Grytten meiner er moment i twitternoveller (frå filmen). Skriv på tavla:
    1. Karakter
    2. Karaktertrekk (kort)
    3. Grunnsituasjon
    4. Uventa hending/ubalanse
  4. Vel eit par noveller som de saman går gjennom for å finne dei nemnde momenta. La elevane få analysere nokre noveller inn i analysetabell.
    1. Døme på analyse
    2. Tom analysetabell

2. time

  1. Del ut fire lappar til kvar elev. På lappane skriv elevane dei fire momenta i twitternoveller (karakter, karaktertrekk, grunnsituasjon, uventa hending), eitt moment på kvar lapp. Elevane får 2–3 minutt til skrivinga. Samle inn lappane i fire boksar, ein boks for kvart moment. Trekk ein lapp frå kvar av boksane, slik at du har ramma til ei «tullehistorie». Les opp. Gjenta til du har gjort dette med alle lappane.
  2. Skriv twitternoveller sjølve. Bruk vedlagde skriveramme eller idear frå økta med lappane.