Ei enkel oppgåve om tekstrevidering

Vi startar med ein kort tekst med korte setningar, og med mange konkrete substantiv. Denne teksten kan ein ganske lett endre på ulike måtar, og læraren bør vise døme på korleis. La elevane skrive kvar sine tekstar, og etterpå samanliknar dei med ein annan elev. Denne oppgåva er overkommeleg for dei fleste elevane, og dei kan komme med framlegg til kva ein kan endre. Snakk saman om kva slike endringane kan gjere med teksten, først to og to og sidan i klasserommet. Blir tekstane betre av desse endringane? Dette kan vere med på å auke det språklege medvitet til elevane, og ei øving i å sjå sin eigen tekst med eit lesarblikk. Mange elevar er ikkje så ivrige etter å revidere eigen tekst når dei har skrive, men her kan dei oppleve at ein tekst endrar seg mykje med ein enkel revisjon. Bruk gjerne teksten under, eller finn ein annan kort tekst som høver til dine elevar.

2002 Lille Oevregate X3
Illustrasjon: Kim Holm (CC BY 4.0)

Ein gut gjekk bortover vegen. Snart skulle han gå forbi huset. Det var ei kvinne som budde der, men guten hadde aldri sett ho. Utanfor såg han ein moped. Guten såg ein skugge forsvinne bak garasjen. Skulle han gå inn i huset og sjå etter? Plutseleg høyrde han nokon rope.

  1. Byt ut eit ord i kvar setning med eit anna. Her kan ein også gjere skrivebestillinga meir presis ved at ein ber elevane om å byte ut ord slik at forteljinga blir meir skummel, romantisk eller meir actionfylt. Då kan teksten sjå slik ut:
    Ein gut gjekk bortover stien. Snart skulle han gå forbi rønna. Det var ein gamling som budde der, men ungdommane hadde aldri sett han. Utanfor såg han ein hund. Guten såg ein skugge forsvinne bak treet. Skulle han smyge seg inn i huset og undersøke? Plutseleg høyrde han nokon gråte.
  2. Set inn adjektiv eller adverb i teksten:
    Ein liten gut gjekk bortover den gjengrodde stien. Snart skulle han gå raskt forbi det skumle huset. Det var ei rasande gammal dame som budde der, men han hadde heldigvis aldri sett ho. Utanfor såg han ein blank moped. Guten såg ein skugge forsvinne raskt bak garasjen. Skulle han liste seg inn i det raude huset og lytte? Plutseleg høyrde han nokon le hysterisk.
  3. Skriv inn korte setningar mellom dei setningane som alt står der:
    Ein liten gut gjekk bortover den gjengrodde stien, han gjekk seint. Snart skulle han passere den gamle rønna, og han grua seg. Det var ei gammal dame som budde der, hadde han høyrt, men han hadde underleg nok aldri sett ho. Utanfor såg han ein blank moped som låg velta. Her var noko underleg. Guten såg ein skugge forsvinne bak garasjen. Kva skulle han gjere nå? Skulle han liste seg nærmare huset? Plutseleg høyrde han nokon gråte.
  4. Skriv vidare på teksten.
    Elevane kan velje kva for ein variant av teksten sin dei vil skrive vidare på. Dei kan gjerne endre noko dei alt har skrive, og velje det dei liker best frå dei tre variantane. Dei må gjerne flytte om på setningane i innleiinga også.
  5. Lat elevane gje ein enkel respons til ein medelev.
    Elevane set strek under dei tre orda dei likar best i teksten. Ein skriv også eit spørsmål til teksten, som kan starte med kvifor eller korleis.

Om ein vil arbeide meir med elevrespons, kan ein ta utgangspunkt i desse fire momenta (i denne rekkefølgja):

  • Fokus: Kven er mottakar for teksten? Kva formål har skrivaren? Kva er hovudpoenget? Er vesentlege innhaldsmoment med?
  • Form: Kva overordna struktur har teksten? Kva er den raude tråden? Heng teksten godt saman? Treffer skrivaren sjangeren?
  • Formulering: Kva karakteriserer stilen? Høver han til emnet? Korleis er den språklege utforminga?
  • Formalia: rettskriving, teiknsetting, grammatikk, kjeldebruk og sitatbruk.

(Desse fire punkta er henta frå Dysthe og Hertzberg 2015: «Skriveopplæring med vekt på prosess og produkt» frå Kverndokken (red): 101 skrivegrep – om skriving, skrivestrategiar og elevers tekstskaping. Fagbokforlaget)