Utforske og leike med ord

Mange av orda våre har meir enn ei tyding, og blir brukte på ulike måtar i ulike samanhengar. Det er ikkje grenser for korleis ein kan setje saman ord. Å arbeide med ord og omgrep kan vere både engasjerande og nyttig, og det kan vere utgangspunkt for vidare skriving. Læraren startar med å skrive eitt eller fleire ord på tavla eller med å dele ut eitt ord til kvar elev. Ein kan også ha ein liten pose med ord der elevane kan trekke. Her kan det vere konkrete ord som kan ha meir enn ei tyding, og som ein gjerne også bruker i samansettingar eller i overført tyding. Nokre av orda kan inngå i faste uttrykk også.

Lappar Med Ord Redigert

Her er nokre ord dokker kan bruke, eller dokker kan finne fram til ord saman med elevane:

  • klapp – hjarteklapp, klappe saman, klappsalve, klappe til nokon
  • eple – granateple, eplekjekk, eplekinn, eplet ramlar ikkje langt frå stammen, bite i det sure eplet
  • måne – månelyst, mannen i månen, måneferd, månelandskap, ein mann med måne, du milde måne
  • bein – stankelbein, stolbein, beint fram, ha bein i nasen, stå på eigne bein, skinn og bein, ta beina på nakken
  • kål – kålhovud, koke bort i kålen, gjere kål på,
  • tak – hustak, tiltak, sette tak for, ta tak i, ta i eit tak, famntak
  • plan – vekeplan, plan i P-hus, å plane med bilen, planlaust
  • lås – dørlås, ein låst situasjon, gå i baklås/vranglås, sitte bak lås og slå
  • lys – lyspære, sommarlys, lyshåra, ein lys idé, eit lyst hovud, skolelys, brenne lyset sitt i begge endar, vere i rampelyset, lyssky
  • nål – knappenål, nålepute, eig ikkje nåla i veggen, leite etter nåla i høystakken, komme gjennom eit nålauge.
  • skrik – måseskrik, ramaskrik, siste skrik, mykje skrik og lite ull
  • lønn – månadslønn, lønnetre, å få lønna si i himmelen, lønn som fortent
  • sol – solstrålar, solskin, solbrent, solstudio, blid som ei sol, når du snakkar om sola så skin ho
  • bombe – sexbombe, atombombe, her ser det bomba ut, sleppe ei bombe, bombesikker
  • skole – skolebuss, skolemat, setje seg på skolebenken, livets skole, av den gamle skolen, skolelei
  • klemme – hårklemme, bamseklem, komme i klem
  • ring – rockering, giftering, ringorm, ring meg, omringe
  • fot – dansefot, fotsopp, å stå på god fot med nokon, få ein fot innanfor
  • lapp – frontallapp, å ta lappen, lapp i buksa, lappe på eit forhold

Desse orda kan ein arbeide med på ulike måtar etter kva alder elevane har og kva formålet med arbeidet skal vere. Ein kan snakke saman om at eit ord kan bety ulike ting, og at dei kan gå inn i ulike samanskrivingar med andre ord. La elevane snakke saman med kvarandre om korleis ord kan brukast i ulike samanhengar og ha ulike tydingar, og prøve å finne slike ord sjølv.

Når elevane har kvart sitt ord, tenkeskriv dei i tre minutt utan å løfte pennen. Her kan dei vere kreative og assosiere fritt rundt ordet dei har fått. Dei kan få prøve ut tankar og formuleringar, og dei treng ikkje nødvendigvis skrive samanhengande tekst. Om det stoppar opp for eleven skriv ho berre det aktuelle ordet ho har trekt, fleire gonger til ho kjem på noko meir. Du kan gjerne vise fram eit døme på korleis ei slik tenkeskriving kan sjå ut før dei startar.

Her kjem nokre døme på tenkeskrivingar:

  • Tak. Tak på husa. Å ta tak i noko. Hustak og gripetak, ly for vêr og vind, og hjelp til å takla saker. Tak over skapet, er det ein barnesong som heiter. Den songen har eg aldri heilt skjøna meg på. Heiter det «tak» i møbelsamanheng? Det skal eg jammen få sjekka i ordboka etterpå.
  • Når eg høyrer ordet «bein» tenkjer eg på då eg sette fast eit ribbebein i halsen. Det var ein søndag vi hadde restar av pinnekjøt til middag. Plutseleg sette eg fast eit bein i halsen. Eg klarte ikkje å svelge det ned. Det enda med at vi måtte reise på sjukehuset for å få det ut. Eg var 11 år, så eg syntest det var flautt. Eg måtte i full narkose for at legane skulle få beinet ut. Dagen etter operasjonen møtte eg
  • Klapp. Klappe, klappe søte, kyss, klapp og klem, klapp, klapp, det er godt å få ein klapp på skuldra, klapp, klapp, klapp, når nokon opptrer må vi klappe alle saman. Klapp for alle som kan spele eit instrument.
  • Nålepute, nålebrev, synål. Mamma sitt slitne burgunder nålebrev der trådane hang delvis ut av nålebrevet og alltid hekta seg fast i noko. Nålene kunne ha store eller små auge. Av og til var det nåler med fargerike plasthovud. Nokre 17. mai-nåler hadde trefarga plastblomster på. Desse kunne ein kjøpe for ein rimeleg penge på coopen i mai. Nåler kan også vere reiskap på sjukehus, veneflon, sprøytespissar

Som dokker ser, så blir slike tenkeskrivingar ulike, men ingen av dei er «feil». Desse fire skrivarane har ei ulik tilnærming til oppgåva. Ein tekst er starten på ei forteljing og meir samanhengande enn dei andre, og ein gjentar ordet ho/han har fått når det står stille. To av tekstane sluttar midt i ei setning då tida var ute.

Når elevane har tenkeskrive, kan dei setje ein ring rundt to-tre av dei orda eller uttrykka dei likar best eller legg særskilt merke til, eller dei kan bytte tekstar og ringe rundt orda dei likar best hos naboeleven.

Dette ordet eller uttrykket kan vere utgangspunkt for vidare skriving, t.d ei kort forteljing, eit kåseri eller eit essay. Orda ein vel ut, vil avgjere i kva sjanger det høver best å skrive vidare i, dei som inngår i faste uttrykk eller blir brukte i overført tyding kan passe i eit essay. Det er viktig å gje elevane ei tydeleg skrivebestilling. Kva teksttype skal dei skrive, og kven er mottakar for det elevane skriv?

Her er nokre moglege startsetningar til ei forteljing:

  • Ho/han er som eit månelandskap/stankelbein/kålhovud der ho/han …
  • Måndagar er som ei måneferd / ei klappsalve / ein dag som kokar bort i kålen, så derfor startar eg dagen med …
  • Om han var eit stolbein/hustak/ …, og ho var ein dørlås / ei bombe / …, så kunne dei ha …