Kva er du flink til?
Elevane får i oppdrag å skrive tre stikkord om kva dei sjølve er flinke til. Det bør helst vere ganske enkle og konkrete ting. Det skal vere positive gjeremål som andre rundt ein også synest er hyggeleg og set pris på. Det skal ikkje vere negative ting som «eg er flink til å plage andre», «eg flink til å forsove meg» eller «eg er flink til å drite i leksene mine».
Gode eksempel kan vere: Å bake ei kake, å gå på besøk til bestemora mi, å øve meg på piano, å ta oppvasken, invitere venner, passe veslebror, å gå på tur i skogen, stelle med dyret mitt, synge i kor eller spele fotball.
Når elevane har skrive tre stikkord, kan ein gjerne skrive desse positive gjeremåla opp på tavla, og elevane kan hjelpe kvarandre med å finne positive sider ved kvarandre. Så vel kvar elev eit stikkord og skriv ein kort tekst om korleis dei gjer det dei er flinke til. Korleis førebur dei seg, korleis gjennomfører dei, og kva blir resultatet?
Alt etter kva alderssteg elevane er på, kan ein endre og spisse bestillinga. Kva er du flink til i norskfaget (skrive litterær tolking, grammatikk, gruppearbeid, lese romanar, språkhistorie m.m.)? Då vil elevane reflektere over det dei synest dei meistrar best, og kvifor dei er gode til akkurat denne typen arbeidsoppgåve. Ei slik oppgåve kan også vere utgangspunkt for ein fagsamtale med eleven.