Skriv språkbiografien din

Illustrasjonsfoto skriv språkbiografien din

La elevane skrive språkbiografien sin. Snakkar dei ei dialekt som dei alltid har snakka, eller har dei endra talemålet sitt? Korleis snakkar foreldra og besteforeldra deira? Kor mange språk kan dei sjølv, både munnleg og skriftleg? I kva samanhengar bruker dei dialekt (både munnleg og skriftleg), og i kva samanhengar bruker dei eit av skriftspråka?

Det er eit poeng å få fram at elevane kan mykje om språk allereie, og denne oppgåva engasjerer elevar frå barnesteget 5.–7. til og med vidaregåande. Minoritetsspråklege elevar opplever at den bakgrunnen dei har, blir interessant for andre elevar i klassen. Oppgåva skaper engasjement og gode diskusjonar i klasserommet. Språket er i stadig endring, og mangfaldet og den store variasjonen er ein ressurs ein kan trekke inn i det vidare arbeidet, t.d. med dialektar.

Denne språkbiografien kan hengast opp i klasserommet, eller elevane kan dele munnleg med kvarandre.

Her er ein presentasjon med innebygde spørsmål og oppgåver til elevane. Merk deg at du kan redigere og endre presentasjonen slik du vil.