Samskriving og rundskriving

Samskriving
Boka Samskriving (2008) av Alf Gunnar Eritsland har mange gode tips til arbeid med samskriving.

Samskriving vil seie at to eller fleire elevar skriv ein felles tekst. Datateknologien gjer det enkelt å dele dokument og skrive i same teksten samtidig. Elevane hjelper kvarandre med idéar og tekstskaping og planlegg meir enn når dei skriv aleine, og dei får også ei større eigarkjensle til teksten. På denne måten kan elevane utforske språk, tekstbinding og struktur saman, og dei må forhandle om innhald og form. Dermed kan dei få ei djupare forståing for tekstskaping. Når dei får ein dialog om det dei skriv, opnar det også for å finne ut kva ein sjølv meiner. Ein tenker meir kritisk når ein ikkje eig teksten aleine, og vurderer om argumenta ein sjølv har, held mål. Ikkje alle elevar ser at det dei skriv, kan vere vanskeleg å oppfatte for andre.

Læraren bør modellere korleis ein kan gje konstruktive kommentarar til teksten. Generell ros av typen Fint! eller Bra! hjelper ikkje elevane med skrivinga. Skriveoppgåvene må vere slik at ein har noko å snakke og skrive om. Læraren fungerer ofte ikkje som ein fullgod mottakar av tekstar, men når elevane skriv ein felles tekst, er dei implisitte lesarar og mottakarar.

Det verkar meir ufarleg å skrive nynorsk når ein deler på ansvaret. Samskriving kan føre til auka meistring og dermed auka motivasjon. Ein kan t.d. samskrive i EtherPad, i Google docs, SkyDrive eller Office 365.

Rundskriving eller rekkeskriving vil seie at elevar skriv i den same teksten etter tur. Tre elevar sit rundt det same bordet, og startar på kvar sin kreative tekst. Når det har gått to-tre minutt og elevane har skrive to setningar kvar, sender ein teksten vidare til neste elev. Når dei så har skrive nokre setningar til, sender ein teksten vidare. Slik held ein på til den korte teksten er ferdig. Til sist kan ein gjerne ta ein runde med korrekturlesing og finpussing.

Det kan vere lurt å bestemme eit tema, ei hending eller nokre personar på førehand før skrivinga tar til. Ein kan også bestemme seg for kva den første setninga skal vere. Då er det lettare for elevane å starte skrivinga.

Døme på startsetningar:

  • Den dagen eg hadde grua meg til veldig lenge, var komen, så derfor …
  • Ho vakna til eit ausande regnvêr, men likevel måtte planen …
  • Den songen dei nå speler i radioen, får meg til å tenke på …
  • «Stopp her», skreik han. «Ikkje kom eit steg nærare, for då …»