Ordbank

Ein ordbank skal hjelpe elevane med å finne ord som dei sjølve kan bruke i sin eigen tekst. Eit mål kan vere at elevane skal variere språket sitt og bruke ord dei kanskje elles ikkje ville ha brukt. Det kan vere lurt å lage ein ordbank som høver til den typen tekst elevane skal skrive, enten det er ein fagtekst eller ein kreativ tekst. Orda i ein ordbank treng ikkje innehalde dei vanlegaste orda som elevane uansett bruker. Lag gjerne ordbanken saman med elevane!

Her er eit døme på ein slik ordbank for ein kreativ tekst, der elevane skal skildre personar og miljø:

Om personar: sjølvsikker, dristig, vettskremd, lykkeleg, sjarmerande, fråstøytande, sympatisk, hissig, ureinsleg, mørkeredd, fryktlaus, arbeidssky, energisk, motvillig, innpåsliten, daudtrøytt, smiskete, omsorgsfull, storkrevjande.

Om stad og miljø: illeluktande, travel, utsiktspunkt, tettbygd, aud, folksam, skummel, fredeleg, måseskrik, utrygg, fattige og rike, naturskjønn, stillheit, byggeverksemd, konfliktar, idyll, skipstrafikk, husdyrhald, høge fjell, elvedur.

Bruk av ordbank høyrer ikkje berre saman med skriving av kreativ tekst. Her er ein ordbank med framlegg til ord ein kan bruke dersom ein skal skrive ein fagtekst om miljøspørsmål:

Klimagassar, klimakvotar, svevestøv, drivstoffutslepp, kollektivtransport, datokøyring, styresmaktene, olje- og gassutbygging, lønsemd, ozonlaget, mikroplast, berekraftig, globalisering, gjenbruk, ekstremvêr, engergieffektivitet, eit grønt skifte, kortreist, kjeldesortering, havstraumar, temperaturauke, ørkenspreiing.

Fleire av desse omgrepa kan trenge ei forklaring på kva dei tyder før elevane skal bruke dei i ein eigen tekst.