Skrivestartarar med utgangspunkt i bilde

Mange lærarar startar timane med ei lita skriveøkt, der både dei og elevane skriv. Det kan vere ulike skriveoppdrag, ein kan skrive ned tankar og kjensler, eller ein kan skrive meir fagleg. Å starte timen med litt skriving er noko ein kan gjere i alle fag. Det kan fungere godt å ta utgangspunkt i eit bilde, og her er nokre døme på bilde ein kan bruke, og spørsmål ein kan stille for å kome i gang med skriving. Det er sjølvsagt mogleg å endre spørsmåla eller fylle på med fleire. Elevane kan også få i oppdrag å finne eit bilde dei liker til neste time. Ein kan godt stoppe skrivinga etter å ha skrive fem minutt.

Andre gonger kan ein velje å arbeide vidare med teksten. Det kan vere fint å lese nokre tekstar høgt i klasserommet. Ein kan også byte tekstar to og to, der ein strekar under dei orda eller den formuleringa ein liker best hos læringspartnaren sin. Desse orda eller setningane kan dokker skrive på gule klistrelappar og henge opp. Ein kan også skrive vidare, enten på sin eigen tekst eller ein annan sin tekst.

Inspirasjon frå Merete Henden: Skriv for livet!

Alle bilda er frå unsplash.com