Felles nærlesing av romanen Hest, hest, tiger, tiger

Hest, hest, tiger, tiger av Mette Eike Neerlin er ei prisvinnande bok som er lett å lese og som passar godt for eldre barn og ungdomar. I denne ressursen finn du samtale- og skriveoppgåver til boka som du kan ta i bruk i klasserommet.

Eitt av kompetansemåla i læreplanen for norskfaget er å «utforske og reflektere over hvordan tekster framstiller unges livssituasjon». Nærlesinga av romanen gjev elevane moglegheit til å reflektere over korleis hovudpersonen Honey og familien hennar har det.

Ved å samtale og skrive om boka får elevane trena opp ein litterær kompetanse som dei gradvis kan byggje vidare på gjennom andre nærlesingar. Sist, men ikkje minst, gjev nærlesinga av romanen elevane moglegheit til å arbeide med nynorsk som hovudspråk over ein lengre periode.

Du kan lese meir om boka på nynorskbok.no.